Gå til innhold
Arkivverket

Anton (1868) og Henrik (1870) Hansen - fødd Nybro i Hjørring amt - til Amerika - kven var dei?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg er komen over nok eit problem som gjeld to danske brør som i Minnesota gifte seg med to søstrer av norsk ætt frå Hafslo i Sogn. Kanskje er det mogeleg å få litt meir hjelp frå "danske-ekspertane" våre?

 

* Anton Hansen, fødd 5.5.1868 i Nybro, Hjørring amt, og

 

* Henrik Hansen, fødd 12.7.1870 i Nybro, Hjørring amt,

 

skal båe ha utvandra til Amerika kring 1886-1890.

 

Alt eg veit om foreldri deira er namni, Jacob og Maren HANSEN

 

Er det mogeleg å få greie på følgjande:

 

** Sjekka dei to fødselsdatoane og fulle førenamn på dei to brørne?

 

** Utvandringsåri deira?

 

** Fulle namn på båe foreldri med fødestader og yrke?

 

** Nøyaktig bustad i Nybro?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kan det være denne familien?

 

Samtlige personer i husstanden

 

 

Hjørring, Dronninglund, Albæk, Nybro Albæk Sogn, Et Hus, 308 (6), FT-1880, C6385

Navn: Alder: Civilstand: Stilling i husstanden: Erhverv: Fødested: Jacob Hansen 50 Gift Husfader Husmand her i Sognet Maren Hansen 48 Gift hans Kone her i Sognet Henrik Hansen 9 Ugift deres Børn her i Sognet Maren Boline Hansen 8 Ugift deres Børn her i Sognet Martin Chr Hansen 5 Ugift omstaaendes Barn her i Sognet

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg vil gjerne enda engang gjøre oppmerksom på Krabsen, hvor man kan søke etter de fleste stedsnavn i Danmark:

http://www.krabsen.dk/stednavnebase/

 

Søker man på Nybro, så finner man at det er et sted i Albæk sogn :-)

 

Så familien er nok rett. Jeg skal sjekke kirkebøkene og se om jeg finner deres dåp.

post-28-0-36965800-1365180216_thumb.jpg

post-28-0-87368800-1365180225_thumb.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe og Litta for nye spennande opplysningar!

 

So vidt eg tolkar dette, so var Jacob Hansen gardbrukar av yrke, og då har eg litt vanskar med å forstå at han kan vera gardbrukar i Nybro. Er det kanskje slik å forstå at han hadde jordvegen sin utanfor sjølve byen, men at han budde inne i byen?

 

Elles manglar eg no berre utvandringi til Henrik og fødestadene til dei to foreldri?

 

Nok ein stor takk for flott hjelp!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Litta for nye fine og nyttige opplysningar!

 

Då har eg med eitt fått svar på alle spørsmåli mine og er kjempenøgd! Problemet er løyst!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.