Gå til innhold
Arkivverket

SF, Breim, Gloppen: Palle Brynildsen Frøystad f. 1774, når død ?


Harald L. Bakke
 Del

Recommended Posts

Eg leitar etter når Palle Brynildsen Frøystad f. 1774 døydde.

 

Bygdeboka oppgjev 1807 som openbart er feil.

Enkja hans, Ragnhild Andersdtr. trulovar seg på nytt 28. nov. og gifter seg 28. des. 1802.

 

Palle og Ragnhild gifte seg 13 okt. 1800 så han er død mellom 13. oktober 1800 og ut på året 1802, men eg kan ikkje finne gravfestinga i kyrkjeboka for Gloppen.

Heller ikkje er det registrert skifte etter Palle Brynildsen.

 

Truleg er ikkje dødsfallet registrert av presten i Gloppen, alternativet er at han omkom ved drukning og ikkje vart attfunnen eller at han dødde og vart gravfest andre stadar enn i Gloppen.

 

Nokon som har registrert dødsfallet nokon stad?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kan dette være Palle i 1801 http://digitalarkive...erk=628723#ovre

Og Ragnilde Andersdt. i 1801 http://digitalarkive...&merk=3273#ovre

 

Ble det ikke noe av vielsen ?

 

Ja der har du sannelig eit poeng.

Eg såg at Palle var oppført som ungkar i FT, men trudde det måtte være ein feil i registreringa.

Kansje du har rett, sjølv om dei er oppførte som vigde med både trulovingsdato og vigelsdato i kyrkjeboka - trulova 1. September, vigsla 13. Oktober 1800

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Gloppen, Ministerialbok nr. A 5 (1785-1815), Kronologisk liste 1800, side 118.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverk...y&idx_side=-119

Permanent bildelenke: http://www.arkivverk...70228300456.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ragnhild er også oppført som enkje då ho trulovar seg på nytt den 28. nov 1802

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Gloppen, Ministerialbok nr. A 5 (1785-1815), Kronologisk liste 1802, side 135.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11427&idx_id=11427&uid=ny&idx_side=-136

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070228300473.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Forøvrig kjem eg opp i same situasjonen med Palle sin svoger Mons Jonson Vindsrygg i Breim, gift med Palle si syster Gunhild som bygdeboka opplyser skal være død 1801, men ikkje er å finne i kyrkjeboka som gravfest. Dette styrkjer min teori om evt. drukning der dei ikje vart attfunne og heller inga gravfesting - kansje drukna dei ilag?

Er eg heilt på jorde no eller?

 

Mons jonsen er det iallefall skifte etter, men eg kan ikje så at det står noko spesielt der

http://arkivverket.n...ize=full&mode=0

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er tydeleg at der har snike seg inn ein feil i BB. Det gamle bygdeboka til J.Aaland har bror Palle Brynjelson

kors og ? a.g. 1801. Aaland brukte truleg ikkje kyrkjebøkene, men dødslister. Mons J.Årdal er også d. i 1801,

etter Aaland.

De har truleg rett med omsyn til drukning. Det har hendt seinare og i Breimsvatnet. Men då står det gjerne i kyrkjeboka.

Mvh Einar

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for tilbakemelding Einar. :)

 

Dersom Aaland brukte dødslister, kvar har han i så fall funne dei?

Førte t.d. lensmannen slike lister så tidleg?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det veit eg ikkje,men har fleire gonger opplevt at han må ha hatt andre kjelder.

Måtte ikkje t.d. prestane innraportere dødsfall til verdslege myndigheter

med tanke på skifte?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg reagerer på enkelte av månadene, særleg i 1802, at der er få gravlagde. Har presten slurva? August 1802, til dømes, ingen? Og eitt einaste dåpsbarn i august 1802?

 

I følgje bydeboka fekk vi ny prest, Peder Pavels i 1801. Men eg kan ikkje forstå anna enn at kyrkjebøkene må vere førde av to ulike hender ei stund her - sjå t.d. fol.140.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Enka etter Palle kunne vel ikke gifte seg igjen før det var stadfesta at Palle var død.

Mulig jeg tar litt feil, men mener å ha hørt at om avdøde ikke kan finnes så må enka vente i 7 år før dødsfallet "godkjennes".

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.