Gå til innhold
Arkivverket

John L. Nelson, fødd på Sjælland, Danmark 1857 - med foreldri Niels og Marie Enevaldsen(?) til Minnesota kring 1872 - kven var dei? -


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Nok ein danske har dukka opp i mine papir:

 

John L. Nelson, ifølgje gravstøtta hans på kyrkjegarden i Ferndale, WA fødd 25.6.1857, døydde ved eit ulukkeshende i Ferndale, WA 3.5.1897. Dødsattesten hans seier at faren heitte Nels Enevaldsen. For fødested på far er oppgjeve Ana! Fødested for John er oppgjeve "Shaland, Denmark". Førenamnet hans er forresten skrive "Johan".

 

Huslyden er nemnd i FT1880 for Bath township, Freeborn Co., MN (http://search.ancestry.com/iexec?htx=View&r=an&dbid=6742&iid=4241998-00072&fn=John+L.&ln=Nelson&st=r&ssrc=pt_t2074486_p6141807556_kpidz0q3d6141807556z0q26pgz0q3d32768z0q26pgplz0q3dpid&pid=32740957):

 

Inwalson, Nels 74 Den Den Den farmer

Inwalson, Mary 68 Den Den Den wife

NELSON, John L 23 Den Den Den son

 

Ifølgje slekti skal dei ha utvandra "då John var 15 år gamal", d.v.s. kring 1872, og han skal ha vore fødd i (eller nær) København!

 

Eg har sett litt på FamilySearch, og der finn eg eit ekteskap som synest å passa svært so godt til foreldri:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Name: Niels Indvoldsen

Birth Date: 1807

Age: 29

Spouse's Name: Maren Hansdr

Spouse's Birth Date: 1813

Spouse's Age: 23

Event Date: 01 Jul 1836

Event Place: Skamstrup, Holbaek, Denmark

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Holbæk ligg jo på Sjælland? Kan dette vera foreldri?

 

Eg ønskjer å få greie på:

 

* John M. Nelson sitt fulle namn?

 

* Dato og stad for fødsli hans?

 

* Utvandringsåret?

 

* Fulle namn på båe foreldri med fødestader og yrke til far?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Holbæk, Merløse, Holbæk Købstad, Eiendommene fra No.63 til No 82 inclusive i Holbek Kjøbstad, No 78 Stuen, 203, FT-1860

 

Niels Enevoldsen 53 Gift Husmand. Høker Mørkøv Sogn, Holbæk Amt Maren Hansdatter 48 Gift Hans Kone Holmstrup Sogn, Holbæk Amt Ane Cathrine Nielsen 17 Ugift Deres Barn Mørkøv Sogn, Holbæk Amt Ellen Kirstine Nielsen 9 Ugift Deres Barn Mørkøv Sogn, Holbæk Amt Hans Peder Nielsen 2 Ugift Deres Barn Mørkøv Sogn, Holbæk Amt Johannes Libholdt Vilhjelm 4 Ugift Plejebarn Mørkøv Sogn, Holbæk Amt

 

Kan Johannes Liebholdt Vilhjelm være identisk med John L Nelson? Johannes var 4 år i 1860, født ca. 1856, og John L var 23 år i 1880, f.ca. 1857, så det er jo snublende nær.....Ellers???

 

Jeg mener; Eller???

 

Fra Dansk Demografisk Database - utvandrede:

Navn: Enevoldsen, Niels Stilling: Landmand Alder: 60 Bestemmelsessted: Albert Lea Kontrakt nr.: 526400 Forevisningsdato: 9/6/1872 Fødesogn: ? Sidste oph.sogn: Holbæk Sidste oph. amt: Holbæk Sidste oph.sted: Holbæk Bestemmelses land: USA Bestemmelses by: Albert Lea Bestemmelses stat: Minnesota Skibsnavn: Indirekte IDkode: I7273E0415

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for fleire flotte innlegg! Eg trur dette må vera den rette huslyden, og no er eg svært spent på eit oppslag i den lokale kyrkjeboki for å finna fødsli til Johannes!?

 

Eg har eit notat som seier at John L. Nelson skulle ha ein yngre bror med namn Peter L. JOHNSON som skal ha utvandra til Tacoma, WA, so kanskje, når me får greie på dei rette foreldri til Johannes, so finn me Peter òg? Men uansett, John er den som EG er interessert i!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Johannes Libholt Vilhjelm blev f. 25 juni og døbt 6 juli 1856 i Mørkøv.

Han var søn af ugift Hanne Juliane Amalie Olsen, som boede hos Niels Enevoldsen - som også var fadder.

 

Faderen var Erik Wilhjelm, 24 år, fra eller i ? København.

 

AO: Holbæk, Tuse, Mørkøv 1848-1870, opslag 20.

 

Vh,

Berit Pagh.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Berit for oppslaget i kyrkjeboki for fødde. Då er John L. Nelson endeleg identifisert, og problemet mitt er løyst!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Litta for nytt innlegg og direkte mail. Diverre greier eg ikkje opna vedleggi; eg får berre hieroglyfar..., men opplysningane er vel forsovidt greie?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Om du vil, kan eg sende de som jpg. De eg sendte til deg var i tiff-format.

 

Ved legger klipp fra FT1834. Sikkert 'din' Hanne.

post-28-0-84395300-1365672409_thumb.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jau, hjarteleg takk til Litta for nytt innlegg!

 

Eg ville setja stor pris på om du kunne senda meg jpg filar og i so fall til e-post: lars.e.oyane@sdsl.no

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Litta for direktemeldingar med diverse kopiar. Då skulle denne fødsli til John L. Nelson vera godt dokumentert!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.