Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Aslaug Tarjeisdotter Brekke, fødd i Kviteseid 1843, utvandra til Amerika, men kva år?


Recommended Posts

Dette emnet er ei oppfølgjing av tema #52874 frå det gamle Brukarforum (http://forum.arkivverket.no/topic/138304-52874-aslaug-tarjeisdotter-brekke-foedd-i-kviteseid-1843-utvandra-kring-18511855/page__p__1145923__hl__+aslaug%20+%F8yane#entry1145923).

 

Aslaug Tarjeisdotter Brekke, fødd i Kviteseid 7.8.1843, "uekte" dotter av gardbrukar Tarjei Halvorson på Lie i Kviteseid og jenta Ingeborg Johnsdotter frå Vestå under Brekke.

 

Problemet er å finna ut kva år Aslaug utvandra til Amerika!?

 

Eg har diverre ikkje funne nye element i denne saki og kan berre syna til kva som kom fram då emnet var framme i 2007. No vonar eg at kanskje ein eller annan har forska meir på utvandringi frå Kviteseid? Kanskje utvandringi hennar er funni?

 

Eg lever i voni og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

  • 2 måneder senere...

Eg vil i dag gjerne få henta fram att dette emnet som framleis ligg uløyst.

 

Eg har i dag på ny sjekka dei amerikanske folketeljingslistene, men opplysningane frå før står fast:

 

Aslaug er i 1900 skrivi utvandra i 1854

 

Aslaug er i 1910 skrivi utvandra i 1880

 

Aslaug er i 1920 skrivi utvandra i 1863

 

Mannen Jens døydde i 1903. I 1900 er han skriven utvandra i 1853, medan det rette året var 1852! Kanskje utvandra Aslaug i 1853 heller enn i 1854? Elles må ho vel vera utvandra før 1863, for elles ville ho vel ha vorti konfirmert i Kviteseid?

 

Eg krossar fingrar og tær og vonar at einkvan kan finna ut av denne utvandringi for meg!

 

Hjerteleg takk for hjelpi!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Hei

 

Aslaug blir vaksinert i Kviteseid den 2 juli 1844,

Nr 48 høyre side:

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=1381&idx_id=1381&uid=ny&idx_side=-641

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20051007031448.jpg

 

Ikke at det hjelper så mye for å finne utvandringsåret, men siden jeg fant det så poster jeg det likegodt her.

 

VH

  • 1 måned senere...

Ein sein, men like hjarteleg takk til Vibekke for opplysningi om vaksinasonen til Aslaug.

 

Eg sette meg i dag ned for å leita ein gong til etter denne utvandringi til Aslaug, og eg fann ho! Ho utvandra i 1855 med mor, stefar og ein halvbror (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=1381&idx_id=1381&uid=ny&idx_side=-568).

 

Med dette er problemet løyst!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.