Gå til innhold
Arkivverket

Kven var Johan Phillip Prante og Philip Adolph Prante i Bergen ?


Erling O. Hagerup
 Del

Recommended Posts

”Ung Karl Johan Phillip Prante” gifta seg med "Jomfrue Sophia Maria Høegh" i Domkirken, Bergen, 13. oktober 1809.

 

http://www.arkivverk...ny&idx_side=-83

 

Sophia gifta seg opp att med Nils Henrik Geelmuyden Bang i Korskirken, Bergen, 03.02.1820. Det er opplyst at ho ved kongeleg løyve 10.10.1818 vart separert frå "forrige Mand Kiøbmand Philip Adolph Prante" (mi understreking), og at ho hadde kongeleg løye 18. januar 1819 til å gifte seg igjen.

 

http://www.arkivverk...y&idx_side=-163

 

 

I tida etter 13.10.1809 har eg ikkje funne noko meir om Johan Phillip Prante, heller ikkje i folketeljingar m.m., med eitt unnatak:

 

Joakime f. Ege døydde 4. februar 1865. Ho vart gravlagt 10. februar 1865 (nr. 17) frå Domkirken, Bergen, 71 ¾ år gammal. Det er opplyst at ho var ”Kjøbmand Johan Philip Prantes Hustru” (mi understreking).

 

http://www.arkivverk...y&idx_side=-135

 

Då Joakime Ege gifta seg 30.03.1819 er det opplyst at brudgommen var: ”Kjøbmand Philup Adolf Prante”, 32 år.

 

http://www.arkivverk...y&idx_side=-214

 

Ovanståande synest å tyde på at Johan Phillip Prante og Phillip Adolph Prante kunne vere ein og same person. I så fall kan dette vere grunnen til at det er vanskeleg å finne fleire opplysningar om Johan Phillip Prante. Phillip Adolf Prante er derimot nemnt i FT1865 for Fjell (Askøy), og som død/gravlagt 1880:

 

http://digitalarkive...f01038240005066

 

http://digitalarkive...g00000001031105

 

Ellers ser det ut til å vere ei vedteken sanning ”på nettet” at Johan Phillip Prante var fødd 1787 (kjelde og fødestad ikkje opplyst) og død 1879 (kjelde og dødsstad ikkje opplyst).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Folketeljing 1815 for Bergen

 

 

4106 4116 NK 8-2 Philip A. Prante M 16-31 Kjøbmand, Borger, Huuseier 4107 4117 NK 8-2 Adolph Prante M 0-7

 

 

 

 

 

Apolline Cathrine Hogh Johansen

Norway, Baptisms, 1634-1927 birth: 06 Jan 1812 christening: 02 Feb 1812 NYKIRKEN,BERGEN,HORDALAND,NORWAY

  • parents:Johan Philip A. Prante, Sophie Marie Hogh

 

Når Appoline døpes skrives faren som Johan Philip A. Prante:

Kildeinformasjon: Bergen fylke, Nykirken, Ministerialbok nr. A 6 (1808-1820), Fødte og døpte 1812, side 15.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8720&idx_id=8720&uid=ny&idx_side=-16

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070416610591.jpg

 

 

Adolph Jorgen Johansen

Norway, Baptisms, 1634-1927 christening: 30 Mar 1810 NYKIRKEN, BERGEN, HORDALAND, NORWAY

  • parents:Johan Philip Prante, Sophie Marie Hogh

 

Adolph Jorgen Johansen

Norway, Baptisms, 1634-1927 birth: 11 Mar 1810 christening: 30 Mar 1810 NYKIRKEN, BERGEN, HORDALAND, NORWAY residence: 1810 Hordaland, Norway

  • parents:Johan Philip Prante, Sophie Marie Hogh

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Mange takk, Ann-Mary!

 

Fint at du peikte på at Johan Phillip Prante er ført inn i kyrkjeboka som far til borna Adolph Jørgen og Apolline Cathrine i 1810 og 1812. Dette var eg kjent med. Eg var difor svært upresis her. Men utanom dette har eg ikkje funne fleire opplysningar om Johan Phillip Prante, med det unnataket at ”Johan Philip” Prante er skriven inn som ektemann då Joakime Ege døydde i 1865.

 

Den Phillip Adolph Prante som er nemnt på FS, er eg usikker på. Fødselsdatoen 08.04.1786 kan passe rimeleg godt med opplyst alder for den Philip Adolph Prante som gifta seg med Joakime i 1819, og for den Filip A. Prante som er nemnt i FT1865 for Fjell.

 

Dersom Johan Philip Prante og Philip Adolf Prante er den same mannen, hadde eg tenkt meg at døypenamnet hans kanskje kunne vere noko slikt som dette: ”Johan Philip Adolph Prante”, og at førstenamnet Johan (og sistenamnet Adolph) ikkje alltid vart brukt. Jf. også at ved dåpen av Apolline Cathrine 02.02.1812 er faren opplyst å ha namnet ”Johan Phillip A. Prante”.

 

http://www.arkivverk...ny&idx_side=-16

 

For meg ser det ut til å vere svært sannsynleg at ”Johan Phillip” og ”Phillip Adolph” er same person. Men eg er likevel usikker pga. få/ingen opplysningar elles om denne mannen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er særleg eitt tilhøve som gjer at eg ikkje kjenner meg heilt trygg på at Johan Philip og Philip Adolph var den same personen:

 

Då Sophia Maria Meldahl Høgh gifta seg med Nils Henrik Geelmuyden Bang i 1820 er det i kyrkjeboka ført inn detaljerte opplysningar om separasjon og kongeleg løyve til å gifte seg på nytt. Slik opplysningar er heilt fråverande då Philip Adolph gifta seg med Joakime Ege i 1819. Det er berre opplyst at dei gifta seg i huset etter kongeleg løyve 04.03.1819. Det finst heller ikkje andre opplysningar ved lysinga. Der heiter det m.a. at ”intet som strider mod Landets Love er til Hinder i dette Ægteskabs Fuldbyrdelse”. Dersom Philip Adolph hadde vore gift før, og var separert, skulle vel også han ha hatt kongeleg løyve til å gifte seg.

 

http://www.arkivverk...ny&idx_side=-26

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I tillegg til ovanståande kan nemnast at faren til Apolline Cathrine, som var opplyst å heite "Johan Phillip A. Prante” då ho vart døypt, er opplyst å heite "Philup Adolph Prante" då ho døydde/vart gravlagt (22. april 1813, nr. 19, på Nykirkegaarden).

 

http://www.arkivverk...y&idx_side=-104

 

Det står fram som klårt at namna Johan Phillip og Phillip Adolph har vore brukt vekselvis om same mannen. Men kva kan då grunnen vere til at det ikkje er nemnt noko om tidlegare ekteskap/separasjon og løyve til å gift seg igjen då han gifta seg med med Joakime Ege i 1819?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.