Gå til innhold
Arkivverket

Nilla "Nelly" Pedersen Reksten, fødd 1907 - til Bergen 1930?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Nilla Kristofa Pedersdotter Reksten, sidan kjend som Nelly Pedersen, var fødd på Reksten i Kinn 13.11.1907, men var oppvaksi i Florø.

 

Ifølgje Egil Russøy er det ved dåpsregistreringi hennar i Kinn seinare påført ein merknad:

 

"Att. til Bergen polit (arrest) (? usikker på tolkinga av ordet i parantes) 16/7 -30."

 

Nelly skal ha hatt to born:

 

* Grethe (Margrethe?) Reksten(?), truleg fødd kring 1930-1933, kan henda i Bergen? - utvandra Amerika

 

* Freddy Reksten, fødd 18.2.1937, kan henda òg i Bergen - døydde ugift 31.8.2005.

 

So gifte Nelly seg hjå Sorenskrivaren i Midthordland 5.8.1939 med Sigurd Kristofferson Moe, fødd i Hafslo 1.7.1902, og dei fekk ei dotter:

 

* Solveig Moe, fødd i Høyanger 6.11.1939 - døydde 28.1.1998 - voks dels opp på barneheim, kan henda i Bergen, og sidan hjå fosterforeldre på Karmøy.

 

Nelly og Sigurd flytte til Bergen att, men vart skilde, og Nelly flytte til Oslo der ho var attgift med Walter Herman Henriksen. Ho skal ha teke med seg borni Grethe og Freddy då ho flytte til Oslo!

 

~~~~~

 

Finst det, til dømes i arkivet til Folkeregisteret, opplysningar om:

 

** Innflyttingi til Bergen (1930) for Nelly Pedersen og opplysningar om dei to borni hennar?

 

** Utflytting til Høyanger og ny innflytting til Bergen for Nelly og Sigurd?

 

** År for skilsmålet til Nelly og Sigurd?

 

** Flyttingi for Nelly til Oslo og då med opplysningar om dei to eldste borni?

 

Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Vi finner noen svar:

 

Nelly Moe kom til Bergen fra øvre Årdal 1. november 1944 og hadde med seg datteren Solveig, født i Høyanger. Nelly var kjøkkenhjelp på Marineholmen og separert da hun kom. Hun flyttet videre til Skalbukilen i Åsnes 19. september 1946.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Yngve for spennande og nyttig svar!

 

Då veit me at Nelly òg budde ei tid i Årdal før ho kom til Bergen, men kvar er dei to eldste borni hennar?

 

Var ho åleine då ho i 1946 flytte til Åsnes?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

De to eldste barna er ikke ført på morens kort da hun kom i 1944. Det er med blyant anmerket at datteren Solveig midlertidig var på Karmøy. Det er ikke mulig å lese sikkert ut av kortet om datteren var med til Åsnes.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.