Gå til innhold
Arkivverket

Trude Christenson Nitter (1702-1778) - gardbrukar på Tyse og Lone i Fjaler - huslyden hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Hjarteleg takk til Torbjørn for spennande innlegg!

 

Dette var jo ei skikkeleg spennande side. Her får me namni til båe foreldri, Knut Jensson Thønsberg og kona Elisabeth f. Klein, og det vert hevda at Knut var fødd i Tønsberg.

 

Det er vel ikkje so lett å finna prov på at Knut verkeleg var fødd i Tønsberg, med mindre det kjem fram av militære lister frå ytre Sognske kompani der Knut tenestegjorde frå 1716, først som sekondløytnant og frå 1718 som premierløytnant (jmf. Ovenstad: http://old.genealogi.no/kilder/mil/ovenstad/ovenstad_bind_ii/index.html). Sonen Johan vart døypt i Brekke sokn i Gulen 3.8.1720 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11438&idx_id=11438&uid=ny&idx_side=-51).

 

Kvar kan so Cecilia Margrethe vera døypt? Og kva gard budde denne premierløytnanten på?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

 

PS: Eg ser at Ovenstad (op cit) skriv at premierløytnant Knut Thønsberg døydde 11.7.1733, men han seier ikkje kvar, og i Gulen er han, so vidt eg kan sjå, i alle fall ikkje gravlagd (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11440&idx_id=11440&uid=ny&idx_side=-58).

 

d.s.

Endret av Lars E. Øyane - Kaufbeuren - Bayern
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Litt om fyrste kona til Trude: På nb.no ligg bind 5 av bygdeboka for Gaular fritt tilgjengeleg for norske ip-adresser. Eg limer inn frå bruk 3 på Sande:

 

attachicon.gif1.JPG

attachicon.gif2.JPG

 

Og her er kilden for det som står i bygdeboka:

Kildeinformasjon: Protokollnummer: II.B.2a, Sted: Sunnfjord sorenskriveri, Oppbevaringssted: SAB

Merknader: Lenet

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-tl20070808170683.jpg

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:tl_read?idx_id=11853&uid=ny&idx_side=-206

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Torbjørn for spennande innlegg!

 

Dette var jo ei skikkeleg spennande side. Her får me namni til båe foreldri, Knut Jensson Thønsberg og kona Elisabeth f. Klein, og det vert hevda at Knut var fødd i Tønsberg.

 

Det er vel ikkje so lett å finna prov på at Knut verkeleg var fødd i Tønsberg, med mindre det kjem fram av militære lister frå ytre Sognske kompani der Knut tenestegjorde frå 1716, først som sekondløytnant og frå 1718 som premierløytnant (jmf. Ovenstad: http://old.genealogi.no/kilder/mil/ovenstad/ovenstad_bind_ii/index.html). Sonen Johan vart døypt i Brekke sokn i Gulen 3.8.1720 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11438&idx_id=11438&uid=ny&idx_side=-51).

 

Kvar kan so Cecilia Margrethe vera døypt? Og kva gard budde denne premierløytnanten på?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

 

PS: Eg ser at Ovenstad (op cit) skriv at premierløytnant Knut Thønsberg døydde 11.7.1733, men han seier ikkje kvar, og i Gulen er han, so vidt eg kan sjå, i alle fall ikkje gravlagd (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11440&idx_id=11440&uid=ny&idx_side=-58).

 

d.s.

 

Kildeinformasjon: Protokollnummer: II.B.2a, Sted: Sunnfjord sorenskriveri, Oppbevaringssted: SAB

Merknader: Lenet

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-tl20070808170696.jpg

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:tl_read?idx_id=11853&uid=ny&idx_side=-219

 

Her er et dokument som nevner Johan Christian Tønsberg. Gården Øxenberg. Trude Nitter medundertegner.

 

Kildeinformasjon: Protokollnummer: II.B.2a, Sted: Sunnfjord sorenskriveri, Oppbevaringssted: SAB

Merknader: Lenet

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-tl20070808170718.jpg

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:tl_read?idx_id=11853&uid=ny&idx_side=-241

JCT med tittel og svogerskap nevnes.

 

Endret av Lars Østensen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 måneder senere...

Ein sein, men like hjarteleg takk til Lars Østensen for dei siste innleggi i denne debatten frå oktober!

 

Eg har hatt desse kommentarane liggjande, men må tilstå eg ikkje heilt kan forstå at opplysningane som kjem fram i vedleggi skal endra på noko av det eg alt har skrive om Trude Nitter i manuskriptet mitt.  Her er manuskriptet mitt pr. dags dato:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

. Trude Christenson Nitter, f. kring 1702,

Trude Nitter vart i 1722 utnemnd til sersjant ved Søndre Sundfjordske kompani av Første Bergenhusiske regiment og flytte på same tid til Sande i Gaular.  Han gifte seg første gongen i Gaular kring 1725 med Dortha Nilsdotter frå Sande i Gaular.  Ho var dotter av gardbrukar og lensmann Nils Olson på Sande og kona Agatha Olsdotter og truleg f. i Gaular kring 1700.  Trude og Dortha vart buande på Sande i Gaular til Trude i 1741 fekk skøyte på eit bruk på Tysse i Fjaler, og dei flytte dit.  Dortha d. på Tysse våren 1747, og Trude gifte seg kring 1750 att, dato og stad ukjende, med Cecilia Margrethe Knutsdotter Thønsberg frå Brekke, Gulen.  Ho var dotter av premierløytnant Knut Jensson Thønsberg i Brekke og kona Elisabeth Klein og truleg f. i Brekke kring 1717.  Trude fekk i 1758 bevilling til å driva kro og gastgjevarstad på Tysseberget, og han og Cecilia vart buande på Tysse.  Trude Nitter vart gravlagd frå Tysse 27.4.1778, medan Cecilia Nitter som enkje flytte attende til Tunsberg i Gulen.  Derifrå vart ho gravlagd 2.6.1791.  Me kjenner til seks born etter Trude Nitter, to frå første ekteskapet og fire frå det andre:

a. Christen Trudeson, f. i Gaular kring 1726, vart gravlagd frå Lone i Fjaler 18.6.1815.  Christen gifte seg i Fjaler kring 1754 med enkja Anna Larsdotter, opphavleg frå Askevoll i Askvoll.  Ho vart døypt i Askvoll 15.1.1718 og vart gravlagd frå Lone 23.10.1785.  Anna gifte seg første gongen i Askvoll 28.12.1741 med Arne Olson frå Lone i Fjaler.  Han var truleg f. i Fjaler kring 1710 og miste livet ved drukning nær Lone i Fjaler kring 1752.  Arne og Anna var leiglendingsfolk på Lone i Fjaler, og dette bruket var det Christen tok over då han kring 1754 gifte seg med Anna.  Dei vart buande på Lone levetidi ut.  Anna fekk i alt ni born; av dei var fem frå andre ekteskapet med Christen Trudeson.

b. Henrik Trudeson Nitter, f. i Gaular kring 1728, vart gravlagd frå Tysse i Fjaler 3.8.1802.  Han gifte seg i Fjaler 16.1.1767 med Dortha Margrethe Knutsdotter Nagel frå Moltu i Herøy, Sunnmøre, ei sonedotter av sokneprest Christopher Thison Nagel i Herøy (

 

     ##### (fødselsåret hans?)

 

     -1709), opphavleg frå Solvornstrondi under Sjøtun i Hafslo.  Ho var f. i Herøy kring 1742 og vart gravlagd i Fjaler 24.5.1780.  Henrik og Dortha tok over som gardbrukarar på Tysse i Fjaler og fekk sju born i lag.

c. Dortha Trudesdotter Nitter, f. i Fjaler kring 1751, vart gravlagd frå Batalden i Kinn 8.10.1797.  Ho gifte seg i Kinn 23.9.1772 med Anders Janson frå Batalden i Kinn, døypt i Kinn 8.10.1741.  Han vart gravlagd frå Batalden 2.8.1807.  Anders og Dortha tok over som gardbrukarar på heimebruket hans på Batalden i Kinn og fekk ti born i lag.

d. Bertha Margrethe Trudesdotter Nitter, f. i Fjaler ?.9.1753, vart gravlagd i Fjaler 29.10.1758.

e. Karen Kirstine, kjend som Kirstina Trudesdotter Nitter, døypt i Fjaler 14.2.1756, vart gravlagd frå nordre Gjønnevåg i Solund, Gulen 29.2.1804.  Ho gifte seg i Fjaler 25.8.1788 med Jan Janson Gadder frå Inderøen i Solund, Gulen, døypt i Gulen 28.9.1752.  Han vart gravlagd frå Inderøen 3.4.1814.   Jan og Kirstina budde for det meste som husmannsfolk på ein plass under Gjønnevåg nordre i Solund, Gulen og fekk fem born i lag.

f. Knut Thønsberg Trudeson Nitter, døypt i Fjaler 4.4.1760, d.

 

     ##### (lagnaden hans?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Om noko av dette skulle vera feil eller unøyaktig, vonar eg å få ei attendemelding om det!?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Hei

Veit ikkje om du har lese Slektsbokja itte håne bestefar å bror hass, men dar står da mykje om da so du ittespyre her.

"NITTERSLEKTEN 1568-1968, 2 BIND AV CLAUS W.K. NITTER"

Ser ut so årstalå ikkje stemme helt yverens.

Får diverre ikkje lagt ved belede sia disse æ større ennj 500K.

Sende deg beledå på mail...

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ove Jonny for eit interessant innlegg!

 

Jau, eg kjenner godt boki til Claus Nitter.  Eg vitja Claus personleg på Landås i Bergen ein gong tidleg på 1970-talet og fekk boki direkte hjå han.  Eg har finne mange nyttige opplysningar i denne boki, men det har òg vore naudsynt å kontrollera ein del av dei.  Difor vil du finna nokre avvik mellom det som Claus skreiv den gongen og det som eg skriv i dag, men eg tør påstå at eg har finne ein del opplysningar som Claus den gongen, med dei ressursane som då stod til rådvelde, ikkje fekk tak i.  Dette gjeld særleg emigrantane til Amerika og slektene deira...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...

Lars E. Øyane

Eg driv litt med hobby -slektsøk.

My Heritage, bygdebok og Snorre Sagaen :-), har eg brukt litt hittil.

Eg har stabla på føtene ei slektstavle som antakeleg er litt rett i startenog mykje feil på slutten.

 

I den linja frå Henrik Nitter far-son og ned til idag er eg rimeleg sikker, den er og beskrevet i Claus Nitters Slektsbok "Nitterslekten i Norge gjennom 400 år"

 

Daritte blir alt kun slikt som "datt ned" i treet i My Heritage.

 

Du er jo proff ser eg med svært long erfaring innan slektsforskning.

Eg abonnerar på My Heritage, men kor mykje kan ein lita på da som "dett inn" i treet frå slike kommersielle aktørar?

Eg veit eg spør enkelt og naivt, sidan noko kan vel være rett og noko feil, men er eit slikt verktøy å lita på når 

ein kjem so longt tebakers atte kyrkjebøkene ikkje lengire eksisterte?

 

Eg vonar du har tid til å svara, om ikkje annja enn ein stutt setning, so vil eg bli litt visare, voneleg :-)

 

Ove Jonny Nitter

 

Ove slekt.rtf

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Generelt er slike slektstre ikkje til å lite på, så lenge det ikkje står kva kjelder som er brukte. Spesielt gjeld dette når ein kjem så langt tilbake at det vert få gode kjelder frå samtida. Det vil også variere kor stor innsikt dei som har laga slektstrea har, og det kan vere freistande å leggje til ledd bakover som ein ikkje har bevis for. Ein bør difor ikkje ukritisk kopiere slike slektstre.

 

Også slektsbøker og bygdebøker inneheld feil. Slektsforsking bør såleis dokumenterast ved bruk av primærkjelder og kjelder frå samtida. (Primærkjelde vil seie den kjelda som er nærmast i tid. Dersom ein har kyrkjebøker vil f. eks. dåpen vere primærkjelde for fødselsdato, medan alder i sekundærkjelder som folketeljingar eller ved dødsfall kan ha avvik på fleire år i forhold til det korrekte). Også avskrifter (som f.eks. databasane i Digitalarkivet) kan innehalde feil, så det er lurt å sjekke originaldokumentet (f. eks. skanna kyrkjebok) slik at ein veit at avskrifta stemmer.

 

Elles nemner eg at gamle skifte (dersom ein er så heldig å finne det) er nyttige kjelder til slektsforhold når opplysningane frå kyrkjebøkene er få eller mangelfulle. Desse er oftast til å stole på, men kan også innehalde feil, særleg når det er skifte etter barnlause folk som ikkje hadde nære slektningar og dei som var tilstades ikkje hugsa heilt korleis dette hang saman. Også gamle manntal vil vere nyttige. Så har ein pantebøkene, militærrullar, skattelister osv. osv.

 

Elles er det lurt å notere kva kjelder du brukar, uansett om det er kjelder frå samtida, bygdebøker eller slektstre på nettet. Då blir det lettare å vite korleis du har tenkt når du skal ta det att seinare.

Endret av Torbjørn Igelkjøn
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 år senere...

Er barnebarn av Bertha Gabrielsdatter Lone, oldebarn av Gabriel Jenssen Lone, sønn av Jens Ellingsen Lone, sønn av Gregorius Christensen Nitter Lone, sønn av Christen Trudeson Nitter Lone. 

Gabriel overtok eiendommen Myra på Lone (gnr 23 bnr 4) skilt ut fra bruket Lone Gnr 23 br 2 i 1914.

Har funnet dokumentasjon for slektsrekken via kirkebøker og my heritage. 
Er interessert i å få tilgang til bøker og skriftlig materiale som jeg ser er delt i tråden her. 
mvh

Tone Undertun (født Lone Ness). 
 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

3 timer siden, Tone Undertun skrev:

Er barnebarn av Bertha Gabrielsdatter Lone, oldebarn av Gabriel Jenssen Lone, sønn av Jens Ellingsen Lone, sønn av Gregorius Christensen Nitter Lone, sønn av Christen Trudeson Nitter Lone. 

Gabriel overtok eiendommen Myra på Lone (gnr 23 bnr 4) skilt ut fra bruket Lone Gnr 23 br 2 i 1914.

Har funnet dokumentasjon for slektsrekken via kirkebøker og my heritage. 
Er interessert i å få tilgang til bøker og skriftlig materiale som jeg ser er delt i tråden her. 
mvh

Tone Undertun (født Lone Ness). 
 

 

Jens Ellingson Lone kan då umogeleg vere son til Gregorius Kristenson Nitter Lone?

 

Redigert: Det rette er vel at Jens Ellingson Lone er son til Guri Arnesdtr. Tyssekvam, som er dotter til Arne Kristenson Lone, som er son til Kristen Trudeson Nitter Lone.

 

Og

Jens Ellingson Lone er son til Elling Gregoriusson Lone, son til Gregorius Kristenson Lone, son til Kristen Trudeson Nitter Lone.

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Beklager feilskriving. 
Det skulle sjølvsagt stå Jens Ellingsen Lone, sønn til Elling Gregoriussen Lone, sønn til Gregorius Christensen Lone, sønn til Christen Trudesen Lone Nitter, sønn til Trude Nitter Christensen. 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.