Gå til innhold
Arkivverket

Ola Andersson Skjerdal x 2 - hjelp til opprydding!


Aase R Sæther - Gloppen
 Del

Recommended Posts

Anders Kristofferson Skjerdal og kona Mari Jakobsdtr hadde mange born, og av dei 2 som heitte Ola, fødde i 1720 (budde då på Hyenes) og 1728.

 

Eg har begynt å lure på om eg har rota saman desse to karane i programmet mitt, og ber om hjelp til å sjå på dette med nye auge.

 

Begge er nemnde i skiftet etter faren i 1731. Begge er også nemnde i 1740, då det er skifte etterto av brørne deira.

 

I 1746 er Ole Anderssen Skjerdal konfirmert - det må vere den yngste. Den eldste er nok fødd litt for tidleg til å vere konfirmert - eller det har skjedd i 1737-1738 som vi ikkje har kyrkjebok frå.

 

Men før det har eg notert Ola Andersson Skjerdal gift medAnne Olsdtr Vereide i 1744. Dette må vere den eldste, for ein kan ikkje gifte seg utan å vere konfirmert.

 

Dette paret får sonen Jakob i 1745; dei er då busette på garden Devik. Jakob døyr 4 år gammal i 1749.

 

I 1746 er det eit nytt ekteskap i Gloppen, mellom enkjemannen Ola Andersson Devik og Eli Ellingsdtr Rygg (f.1725). Dette også må vere den eldste - den andre er heller ikkje då konfirmert. Men eg har ikkje funne noko dødsfall på Anne Olsdtr i mellomtida.

 

Paret Ola/Eli får dottera Anne Marie i 1747. Det er ingen fleire noteringar på henne i Gloppen.

 

I 1749 får dei Gunnhild, som døyr same år.

 

Dei får også Jakob i 1750 - bygdeboka meiner han er konfirmert i 1768med bustad Hestenes. Seinare er han uansett ikkje nemnd.

 

Så får dei Elling i 1752 - han har bygdeboka konfirmert i 1770, men det er ein annan Elling O Devik det gjeld, så denne er ikkje sett i Gloppen seinare.

 

Neste barn er Andreas i 1754 - han er fødd i Nykirken i Bergen - familien er då komen dit. Han døyr same år.

 

Seinare har eg ikkje funne nokon av desse i Bergen.

 

Så er det den store forvirringa oppstår - følgjande informasjon blir lagt inn i tråden min om slekt i Gloppen og Breim:

 

Ole Anderson født i Skjerdal 1728 (dåp 11 september 1728 i Gloppen). Konfirmert i 1746 i Gloppen. Død 1769 på Steinsundholmen i Solund . Gift ? med Eli Ellingsdtr. født 1725 i Solund .

 

Barn;

Anne født 1750 på Steinsundholmen . Død 23 november 1807 på Vatsøen i Solund

Anders født 1752 på Steinsundholmen .

Jacob født 1754 på Steinsundholmen . Død 1821 i Nessa Solund

Berthe født 1764 på Steinsundholmen .

 

To brør gifte med kvar si Eli Ellingsdtr fødd 1725 ? Eller ?

 

Som ei oppfølging til dette får eg så tilsendt eit lite avsnitt frå bygdeboka for Solund som forvirrar meg endå meir.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Sogeboka for solund, gard steinsundholmen står det slik:

 

Ola Anderson Skjerdal var busett her på samme tid som Peder Akselson drog herifrå. Han tilstod og at han selgde litt øl. Kona hans var Eli Ellingsdtr. 5 born for deim fins i kyrkjeboka og i skifte etter Ola er nemnde 3 somikkje er innførde.

 

Dei fem som levde etter faren var:

 

a Anne marie, 22 år, G 1773 med Nils olson Vasøen.

b Anders 13 år

c Jakob tvill. født 1754, gift 1777 med bothilde andersdatter nessen.

d Jens 1754 tvill

e Berthe Malene, født 1764, gift 1778 med Ola jonson navdal.

 

Ola Anderson må være død i 1769 for da er skifte gjort opp.

 

--------------

 

 

Jakob 1754 avviker frå din 1750... Ettersom mi soge seier at jakob og jens var tvillinger, finner du noen jens?

 

Elles sier andre kilder at anne olsdatter vereide var født 1724 og død 1746, (kan være tatt ut av lufta). Foreldre Ola abalonson vereide 1685-1734 frå ytre vereide 58. og anne olsdatter

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for at du la inn opplysningane frå Solund bygdebok - kan du redigere dei så dei blir ordrett slik dei står i boka?

 

Det er tydeleg at her er noko rart, men - dersom alt dette er den eldste Ola, kvar blei det så av den yngste? Eller er det ein lapskaus av begge?

 

Eg ser at eg har ei notering til av Ola og Eli i Bergen - i 1756 døyr mor til Eli, buande i huset hos dei, og det er skifte etter henne.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har no leita fram skiftet etter Ola Andersson Steinsundholmen i 1769. Der er det nemnt 5 born: Eldste son Jakob Olsson - vanskeleg å lese om han er 18 eller 15 år - skal då vere fødd 1750-54, og kan passe med han eg har i Gloppen 1750. Andre son Andreas, 13 år gammal - tilsvarer f.år ca 1755; passar med han eg fann i Bergen. Tredje son Jens, 10 år gammal, dvs ca 1758 - gjerne i Solund. Eldste dotter Anne Marie 22 år - passar med henne som vart fødd i Gloppen i 1747. Yngste dotter Berte? Malene, 4,5 år - blir ca 1764, truleg også Solund.

 

Alt dette så langt dreiar seg om Ola Andersson den eldre, f.1720 - Ola Andersson den yngre har eg framleis ikkje sett etter konfirmasjonen i 1746.

 

Det står i sitatet frå bygdeboka at det er nemnde 5 born i kyrkjeboka - eg får leite og sjå kva eg finn.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Merkelig at jacob du finner født 1750 er så midt imellom alle andre kilder. Om ikkje det da er enda en jakob som dør?

 

Først Jacob 1745-1749. med kone Anne olsdatter som truliig dør i 1745/1746.

Da er det kanskje ikkje unaturlig at neste barn kan bli oppkalla til jakob igjen i 1750?

Og om denne jakob også skulle dø, så er det heller ikkje utenkelig at når de får tvillinger (evt) i 1754, at dette blir jens og jacob?

 

Synsing :-D

 

Eg bruker ancestry, som avogtil popper oppmed ikkje alltid så pålitelig info. Den tipser meg om at andre mener anne marie døde 23.11.1807 på vatsøen i solund.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg mistenjer at denne bygdeboka har forholdsvis dårleg kvalitet.. Dersom du tolkar skiftet slik at Jakob er 15 år er du i 1754 - men eg meiner det står 18 år.

 

Kva kyrkjebok skal vi til?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg mistenjer at denne bygdeboka har forholdsvis dårleg kvalitet.. Dersom du tolkar skiftet slik at Jakob er 15 år er du i 1754 - men eg meiner det står 18 år.

 

Kva kyrkjebok skal vi til?

 

Eg har ikkje tolka kirkebok, eg har berre tolka Solund soga side 536

http://www.nb.no/nbsok/nb/1625b2deb17264e9816561070308381c?index=1#543

 

Og om dei har brukt dine kilder, så har dei sikkert tolka det som 15. Men då har dei sikkert feil som du seier, ettersom du har funne han født i 1750.

 

 

Eg ser at eg har ei notering til av Ola og Eli i Bergen - i 1756 døyr mor til Eli, buande i huset hos dei, og det er skifte etter henne.

 

Har du navn på foreldre til eli?

 

Anders Kristofferson Skjerdal og kona Mari Jakobsdtr hadde mange born, og av dei 2 som heitte Ola, fødde i 1720 (budde då på Hyenes) og 1728.

 

 

Eg er intressert i fleire navn på barn om du har. Har du noen foreldre til anders eller mari?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg må berre få legge til at eg er imponert over dine evner til å finne fram navn i den mengda med krussedullar som finnast i desse kirkebøkene :-D

Virkelig dyktig slektsforsker.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Du skal få alt eg har når eg har rydda frå meg - så vidt som eg kan sjå, er det berre EIN Ola Andersson vi har funne opplysningar om - og det er den eldre. Dersom eg tek feil må nokon arrestere meg!

 

Og takk for skryt..

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Virker logisk at alt som er nevnt (om barn og koner) omhandler den eldste.

 

Og, som du seier, at alt vi da trulig vet om den yngste er :

Dåp 11 september 1728 i Gloppen). Konfirmert i 1746 i Gloppen.

 

Den elste var nok allerede barnefar med jacob idet den yngste konfirmeres, og det virker veldig logisk videre at det er den elste som er omhandla.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er fem born døypt i Gulen.

 

Gunille Helena vart døypt i 1758: http://www.arkivverk...ny&idx_side=-82

 

Jens vart døypt i 1759: http://www.arkivverk...ny&idx_side=-90

 

Torbjør (evt. Torbjørn?) vart døypt i 1761: http://www.arkivverk...y&idx_side=-102

 

Birthe Malene vart døypt i 1764: http://www.arkivverk...y&idx_side=-115

 

Annanias vart døypt i 1766: http://www.arkivverk...y&idx_side=-122

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Litt bi-info.

 

Foreldrene Anders og Mari Jakobsdatter står oppførd som brukere i skjerdalen, side 12 i boka nordfjord fraa gamle dager.

Dei hadde blant anna eit høgt sylvstaup. Står desverre ingenting om barna Ola her.

 

Anders døde 1731 Står vel også at mari var videre gift med hans hanson og at hun døde i 1755.

 

http://www.nb.no/nbs...446?index=5#193

 

 

Ifølge denne kilden så var Mari 75 år da hun døde i 1755. Det betyr at hun var født 1685, som igjen betyr at hun var 43 år da hun fødte siste Ola.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for hjelpa Inge, den skrifta der hadde eg hatt problem med! Tre av desse må ha døydd tidleg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er fem born døypt i Gulen.

 

Gunille Helena vart døypt i 1758: http://www.arkivverk...ny&idx_side=-82

 

Jens vart døypt i 1759: http://www.arkivverk...ny&idx_side=-90

 

Torbjør (evt. Torbjørn?) vart døypt i 1761: http://www.arkivverk...y&idx_side=-102

 

Birthe Malene vart døypt i 1764: http://www.arkivverk...y&idx_side=-115

 

Annanias vart døypt i 1766: http://www.arkivverk...y&idx_side=-122

 

Er alle desse barn til Ola og Eli ? Jeg leser ikkje så godt denne skrifta :-D

 

Startar åbli mange barn no. Det eg reagerar mest på er vel at solund sogebok har jacob og jens som tvillinger, mens desse oppdagelsane i kirkebøkene seier at jacob ble født 1750 og jens i 1759..

 

Annanias passar bra. Eg ser på garden Skjerdalen at dette namnet dukkar opp vidare nokre gongar. Blant anna ei annaniasdatter som blir gift med Nils Kristofferson. Olabrødrene og annanias var trulig hans onkler.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har no leita fram skiftet etter Ola Andersson Steinsundholmen i 1769. Der er det nemnt 5 born: Eldste son Jakob Olsson - vanskeleg å lese om han er 18 eller 15 år - skal då vere fødd 1750-54, og kan passe med han eg har i Gloppen 1750. Andre son Andreas, 13 år gammal - tilsvarer f.år ca 1755; passar med han eg fann i Bergen. Tredje son Jens, 10 år gammal, dvs ca 1758 - gjerne i Solund. Eldste dotter Anne Marie 22 år - passar med henne som vart fødd i Gloppen i 1747. Yngste dotter Berte? Malene, 4,5 år - blir ca 1764, truleg også Solund.

 

Alt dette så langt dreiar seg om Ola Andersson den eldre, f.1720 - Ola Andersson den yngre har eg framleis ikkje sett etter konfirmasjonen i 1746.

 

Det står i sitatet frå bygdeboka at det er nemnde 5 born i kyrkjeboka - eg får leite og sjå kva eg finn.

 

Kan du gi meg en pekepinn på kvar du finner dette på den sida :-D Eg klarer å tyde litt, men eg blir berre så imponert over at det faktisk er mulig å lese dette. Eg skal lage meg ei slektsbok, og da er det artig å ha med slike skrifts-bevis, men eg ser faktisk ikkje kvar du finner skiftet etter ola på desse sidene.

 

 

Birthe Malene vart døypt i 1764: http://www.arkivverk...y&idx_side=-115

 

 

Berre et lite spørsmål. Det sto i sogeboka at Berthe Malene ble gift i 1778 med Ola jonsson Navdal. Var det vanlig å gifte seg rundt 14/15 års alderen ? (Men no skal det vel seiast at denne tråden har oppdaga nokre svakheter ved sogeboka allerede..)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er totalt 12 born her - 11 med Eli - og halvparten overlevde ikkje faren.

 

Ein liten glipp frå i går: Andreas f.1754 i Bergen døydde same år, og kan ikkje vere den same som står i skiftet - der må vere fødd ein ny Andreas/Anders i 1755-56. Eg skal sende deg det eg har når eg får sett litt meir på det.

 

Og her er han.

 

Ja, denne bygdeboka imponerer ikkje så langt. Berte Malene gifte seg i 1788.

 

Skiftet etter Ola er det som har nr 45 på den sida eg lenkar til, og du vil finne namnet hans på 4.linja i teksten.

 

Inge - har du dødsfallet til nokre av dei vi manglar? Kva med Eli, når døydde ho, tru?

 

 

Så får eg berre konstatere at gleda over å ha funne Ola Andersson Sjerdal den yngre på Steinsundholmen blei kortvarig - det var den eldre som var både i Gloppen, i Bergen, og her.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Anders Kristofferson Skjerdal og kona Mari Jakobsdtr hadde mange born, og av dei 2 som heitte Ola, fødde i 1720 (budde då på Hyenes) og 1728.

 

 

Kan det stemme at far til Anders Kristofferson Skjerdal er Kristoffer Olson Skjerdal som er i odelskrig frå side 11-13 i boka Nordfjord fraa gamle dager?

 

http://www.nb.no/nbsok/nb/33fa3648e6b42aa06744d8edb785e446?index=7#177

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Berre så hyggeleg å hjelpe - ! Og skulle nokon finne Ola Andersson den yngre på sin veg, blir eg svært glad.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Berre et lite spørsmål : Er det helt sikkert at Oluf Kristofferson Skjerdal ca 1611-1666 og Birgitte Ambosiusdatter Lote Skjerdal

var foreldre til Kristoffer Olson Skjerdal født ca 1661? No har vi jo ikkje årstall på Birgitte sjølvsagt, men jeg spør berre fordi jeg ikkje har kilder - og at alderen på faren virket litt høg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei,

Dette var interessant. Eg har alltid trudd det var berre ein Ole (altså den yngre), men no sert det altså ut til å vere ein eldre bror av han.

 

Det hadde vore kjekt å få sett den "endelige" oppstilligen Aase, kan du servere den her? (evt epost:Gisle(.)Hersvik(@)gmail(.)com)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Epost utan parentesar er sendt, og den yngre konfirmerer seg og går i dekning. Eg har rett nok til gode å registrerer ein mengde fadrar i Gloppen, så han kan no vere der, men det føreset at broren er vekk frå bygda, elles hjelper det meg lite, for der står ikkje d.e. og d.y dei fleste stader. Eg må nemne at mora Mari døyr i 1755 utan skifte etter seg.

 

Der er også ei syster Mari Andersdtr f.1717 som er observert siste gong i skiftet etter dei to brørne i 1740. Skulle nokon finne ei som passar blir eg glad for det og.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.