Gå til innhold
Arkivverket

Herman og Wilhelmine Vollbrecht - hjelp til tolking av tysk-gotisk skrift


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Vedlagt følgjer to sider frå ei kyrkjebok som høyrer til St. John's Lutheran Church i Charles City, IA. Eg har vanskar med noko av denne skrifti og lurer på om ein eller annan kan hjelpa meg med tolking?

 

Eg veit ikkje korleis ein kan snu desse sidene slik at dei vert vassrette, men eg vonar de sit med betre teknisk innsikt enn eg... Det som interesserer, er det som står i venstre felt under "Der Verstorbene"

 

~~~~~~~~~~

 

Herman Vollbrecht nr. 12 på den eine sida:

 

Vollbrecht Wilh Hermann

geb 6 Jan 27, Lassehne Pommern

war ...... Militär, den 8 Sept 1852

vermählt in Frankfurt a/O mit Wilhelmine

Wagner ....(aus?) Beitz ... Rustow(?) seit

68 in America

 

~~~~~~~~~~

 

Wilhelmine Vollbrecht nr. 1 på den andre sida:

 

Wilhelmine Vollbrecht geb

Wagner, Witwe v. Herman

14 Oct 1824 Rustow(?)

seit 1869 im Land

 

~~~~~~~~~~

 

Slik eg tolkar dette, er Herman frå Lassehne i Pommern (noverande Polen, aust for Frankfurt/Oder), medan Wilhelmine er frå Rustow i Pommern (noverande Tyskland, vest for Frankfurt/Oder). MEN, ho kan òg vera frå RISTOW som òg ligg i Pommern aust for Frankfurt/Oder! Det er SO vanskeleg å tyda.

 

No vonar eg på hjelp og takkar so mykje på førehand for hjelpi!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

post-441-0-14334500-1370037870_thumb.jpg

post-441-0-11999800-1370037922_thumb.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Berit for kommentar!

 

Eg jobba mykje med å leggja inn dette emnet med tilleggsfilene og fann ut eg ville venta til i morgon for å få kyndig hjelp pr. telefon med å flytta heile emnet.

 

Elles har eg sjølv studert meir på denne teksten, og eg er komen til at fødestaden hennar Wilhelmine må vera KÜSTRIN, ein liten by nord for Frankfurt/Oder som i dag ligg på grensa mellom Tyskland og Polen.

 

So no vert neste problem å finna fram til lokale kyrkjebøker...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.