Gå til innhold
Arkivverket

Nils Jonsen Engen (Thoen), ca. 1784-1842, Ringerike


Gunnar Sigve Aurdal
 Del

Recommended Posts

Hei!

 

Eg leitar etter min 3-tippoldefar Nils Jonsen Thoen (seinare Engen) sine foreldre og fødestad. Han vart gift 17. april 1810 med Kari Jørgensdatter Thoen (1782-1866), dotter av Jørgen Svendsen Holmestuen (ca. 1748-1809) og Mari Jensdatter Vaker (ca. 1744-1815).

 

Nils og Kari får minst tre born:

1. Jørgen (f. 1810 - kalla Niels i dåpen, men konfirmert Jørgen - Niels ser vi ikkje andre stader, men Jørgen er nemnd i skiftet), d. 11. april 1842.

2. Kari (f. 1812)

3. Jon (f. ca. 1816 - nemnd i skiftet etter faren Nils)

 

Familien flyttar frå Thoen til Aurdalsgrinna, også kalt Aurdalsengen (Engen), i 1815 og vert buande her til døyand dag.

 

Nils døyr 9. februar 1842, her kalla Niels Jahnsen - 58 år gammal. To månadar etter døyr også sonen, Jørgen, så det må ha vore eit tøft år for Kari. Skiftet finn de her.

 

Eg har funne nokre aktuelle Nils Jonsen døypte i området:

Nils Jonsen Neseie (døypt 29.5.1785). Han vert gift på Nes seinare, så han er det ikkje.

Nils Johannessen Ø??eie (døypt 25.5.1786)

Nils Jonassen Hønefoss (uekte, døypt 9.3.1783)

 

Nils Jonsen treng sjølvsagt ikkje vere frå Norderhov. Med tanke på oppkalling, kunne den tredje kandidaten, Nils Jonassen, vere interessant ettersom mora hans heitte Kari, og den Nils Jonsens fyrstefødde (Jørgen) ikkje er oppkalla etter farfar, men morfar. Berre indisier, sjølvsagt. FT-1801 gjer meg heller ikkje mykje klokare, men kanskje nokon andre klarar å sjå eit fornuftig bilete av det heile?

 

Mykje meir enn dette har eg ikkje å gå utfrå, og håpar at nokon kan hjelpe meg med gode tips! Denne har eg snart misst håpet om å finne.

 

Mvh. Gunnar Sigve Aurdal

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei, Svehn,

 

Det er min tråd på DIS-Norge sine sider også, men den har stått utan utvikling sidan 2011, så eg ville prøve på dette forumet også. Eg står heilt fast, og føler det burde vere fullt mogleg å kome vidare. Håpar på eit gjennombrudd! :)

 

Gunnar

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Permanent bildelenke: http://www.arkivverk...70313660637.jpg

Dåpen til sønnen Jon, nederst på siden - uten at det bringer noe svar på gåten.....

Jeg antar at du har leita under konfirmerte. Jeg fant to brødre, trur eg, i 1802: Anders (17) og Niels Joensen (16) begge Næseiet, men det er vel han du har sjekka ut i 1. innlegg. Ser at det er mange fra Hval (Wahl) i dåpen til Kari/Karen i 1812. Slektninger, naboer/venner??? Som du selv antyder, så kan han jo komme utenbygds fra, så et søk i Hole eller Jevnaker er kanskje ikke så dumt? Har også litt sans for den "uekte" Niels - har du funnet ut mer om ham?

 

mvh. Astrid

PS: Norderhovs kirkebøker er til tider temmelig jæ.... å lese, så lett skal det ikke være!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Hei

 

Hvis vi ser litt nermere på din kandidat no. 2, Niels Johannesen, Ø(hrenejet)

 

Thoen er en gard som ikke ligger mange steinkast fra Øhren. Aurdal ligger litt høyere oppe i åssiden. Dette er en meget sterk kandidat, uten at jeg har noen håndfaste bevis. Normalt skrevet en bare over noen skigarder når en skulle hente seg kjerring, og ikke flytte en langt heller til vanlig.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei,

 

Takk for svar, begge to! Eg trur ikkje eg skal ta ut Nils Jonsen på Neseie av diskusjonen enno. Eg har funne ein Nils Jonsen på Nes gift med Ingeborg Monsdatter, trudde eg, men fann no ut at det var Nils Jensen - ein annan person på samme gard. Oppattkallinga stemmer bra med denne personen, men dei to andre er også gode kandidatar...

 

Konfirmasjonen til Nils Jonsen Neseie har eg funne, ja.

 

Eg finn ikkje foreldra til Nils Johannesen Øhreneie (takk, Kjetil) i FT-1801. Dei var Johannes Nielsen og Maria Engebretsdatter. Så kva som skjedde med Nils Johannesen veit eg ikkje - men geografisk ein spanande kandidat.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Vanligvis skilles det mellom navnene Jon, Johannes og Jonas. Men Jon skrives ofte John, og Johannes kan skrives Johan og Johannes om hverandre.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 7 år senere...

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.