Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Recommended Posts

Ole Carlson, opphavleg frå Hafslo (1731-1767) og kona

Ragnhild Pedersdotter, òg frå Hafslo (1731-1803)

 

var husmannsfolk under Årøy i Sogndal, men som enkje gifte Ragnhild seg att med husmann Nils Marcusson på Hopen under Ølnes i Slogndal og flytte dit. Ragnhild døydde som legdelem på Hopen i 1803! I 1801 (http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=4&filnamn=f18011420&gardpostnr=4&merk=4#ovre) naut ho "almisse af sognet")

 

Ole og Ragnhild fekk tre born i lag (sjå òg tema: http://forum.arkivverket.no/topic/185788-ragnhild-pedersdotter-hopen-oelnes-i-sogndal-1731-1803-kvar-vart-det-av-borni-og-barneborni-hennar/page__p__1575462__hl__+%F8lnes%20+%F8yane#entry1575462):

 

* Peder Olson, døypt i Hafslo 17.10.1756, gifte seg i Sogndal 17.11.1789 med Gjøri Andersdotter frå Ølnes, døypt i Sogndal 7.12.1760. Desse tok over som plassfolk på Hopen under Ølnes, men flytte kring 1800 som strandsitjarar til ein plass under Kjørnes i Sogndal. Dei levde framleis i 1808, men er TRULEG vortne legdelemmar. Dødsfalli deira finst ikkje i Sogndal! Dei fekk sju born ilag, men fleire av dei døydde unge. To søner var i Bergen på 1820-talet.

 

* Lars Olson, døypt i Sogndal 4.6.1762, budde i 1801 som "betler" i lag med mor si på Hopen under Ølnes i Sogndal, ugift.

 

* Britha Olsdotter, døypt i Sogndal 9.2.1766, budde òg i 1801 som "betler" i lag med mori på Hopen under Ølnes, ugift med ein son Einer Andersson, fødd 1800, som i 1820-åri òg budde i Bergen.

 

Eg vil tru st desse søskeni må vera nemnde i fattigprotokollane for Sogndals prestegjeld og ville setja stor pris på om det seg gjera finna lagnadane deira. I andre prestegjeld vart stundom dødsfalli til legdelemmane innførde i fattigprotokollane og IKKJE i kyrkjebøkene, so kanskje er der noko å henta når det gjeld Peder, Gjøri, Lars og Britha?

 

Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi med denne huslyden!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Statsarkivet i Bergen har avskrifter av fattigregnskapene for Sogndal 1798-1805 og 1812-1815 i Overfattigkommisjonens arkiv. Regnskapet gir knappe opplysninger. I 1803 f. eks. Ragnild Hougen 1 rdr i begravelseomkostninger, men hennes etterlatenskaper innbrakte 1 rdr ved auksjon.

 

Med bare et fornavn og et stedsnavn i regnskapene er det ikke lett å identifisere personer!

Hjarteleg takk til Yngve for svar!

 

Dette høyrest ikkje ut som noki enkel sak å løysa. Kan henda er dei store fattigprotokollane som prestane førte frå 1750-åri og utover ei betre kjelde? Finst dei òg for Sogndal?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.