Gå til innhold
Arkivverket

Fire brør Ingebrigtsen/Aarvold frå Sogndal til Bergen tidleg 1800-tal. Kvar vart det av dei?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Fra innlegg 24: "Kva med denne enkja då, Anne Johanne Johannesd.?

 

1871 3006 2506 Enke (Almisselem) Anne Johanne Johannesd. 18-1 1788 K K: frit Domkirken

 

http://digitalarkive...merk=17398#ovre

 

Ho har i alle høve rett patronymikon, og eg synest ikkje at avviket i alder er nemnande stort. Me har sett større avvik før, både du og eg, Lars :)"

 

Det er samme damen som jeg kom over - se mitt innlegg 13 ovenfor. :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Du har så rett, så rett Grethe - vi er i alle fall heilt einige :)

 

 

Fra innlegg 24: "Kva med denne enkja då, Anne Johanne Johannesd.?

 

1871 3006 2506 Enke (Almisselem) Anne Johanne Johannesd. 18-1 1788 K K: frit Domkirken

 

http://digitalarkive...merk=17398#ovre

 

Ho har i alle høve rett patronymikon, og eg synest ikkje at avviket i alder er nemnande stort. Me har sett større avvik før, både du og eg, Lars :)"

 

Det er samme damen som jeg kom over - se mitt innlegg 13 ovenfor. :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Etter ein par dagar i ganske so "horisontal posisjon" med blodforgifting har eg i kveld fått stabla meg på beina att, og må lov å takka hjarteleg Grethe, Terje og Vibeke for fleire spennande og gode innlegg!

 

For det første, Martha Carine fødd 1834 fann eg i FamilySearch. Ho vartt tydeleg døypt i Domkyrkja (https://familysearch.org/pal:/MM9.1.1/N428-95T), men eg har ikkje sett etter der...

 

Når det gjeld Anna Johanna Johannesdotter, so såg eg òg innegget #13 hennar Grethe, men i same innlegget hadde ho ei jente med same namnet frå FT1865 og ein alder som tydeleg låg litt nærare ho som døydde i 1871! Og barneflokken synte det IKKJE kunne vera den same jenta som hadde gift seg att! So eg veit sanneleg ikkje kva eg skal tru. Kven av dei var gift med Ole Ingebrigtson?

 

Og ser ein på fødslene i Bergen for 1780- og 1790-åri, finn me:

 

* Anna Johanna Johannesdotter f. Krosskyrkja 21.6.1791 (http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=58&filnamn=dp12011668&gardpostnr=15745&personpostnr=45534&merk=45534#ovre)

 

Me har òg ein eller to Anna Johanna Johansdotter på same tidi.

 

So, kven er kven av desse?

 

Elles ser eg at du Vibeke heilt tydeleg har funne Gjert Riim som son av ein Andreas Riim i Bergen! Eldste sonen til Gjert og Janiche heitte då òg Andreas! Men kvar det vart av dene Gjert, sjå det er verre å finna ut av...?

 

Nok ein gong hjarteleg takk for hjelpi med denne huslyden so langt. Me er snart i mål, men framleis saknar eg opplysingar om lagnaden til Peder Nicolai Ingebrigtsen og kona Nicoline. Kvar kan dei ha vorte av??

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er dåpen til Marthe Carine - nr. 28;

 

Bergen fylke, Domkirken, Ministerialbok nr. A 12 (1821-1840), Fødte og døpte 1834, side 282.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8643&idx_id=8643&uid=ny&idx_side=-285

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070306670528.jpg

 

Spørsmålet er vel også, Lars, hvor det ble av datteren til Peder og Nicoline. Hittil har jeg bare sporet sønnen, som flyttet til Lenvik i Troms.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for nytt innlegg!

 

Jau, du har rett, dotteri til Peder Nicolai og Nicoline saknast, og kanskje netopp er ho lykkjelen til denne gåta?

 

Eg har elles i dag sett litt på alternativ for Anna Johanna Johannesdotter i Bergen:

 

Vigsler:

 

* Anna Johanna Johannesdotter gift i Krosskyrkja 15.10.1815 med matros Mons Olai Andersen - AHA, dette er paret som Grethe nemner under #13 (http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038249029328) og der bruri i 1865 vert sagd vera fødd 1791!

 

* Anna Johanna Johannesdotter (22 år og 3 mnd) gift i Krosskyrkja 1.3.1818 med musketer Rognald Jørgenson Langeteig

 

* Anna Johanna Johannesdotter (24 3/4 år) gift i Krosskyrkja 30.8.1818 med hoboist Ole Ingebrigtsen Aarvold - "vår" Anna Johanna

 

Fleire alternativ mellom brurene fins ikkje!

 

Går me attende til mitt siste innlegg ovanfor, hadde me denne fødsli:

 

* Anna Johanna Johannesdotter f. Krosskyrkja 21.6.1791, foreldri: Johannes Jørgenson og Petrike Rasmusdotter

 

Dessutan har me "vår" Anna Johanna:

 

* Anna Johanna Johannesdotter, fødd i Krosskyrkja 28.11.1793, foreldri: Johannes Johannesson og Siri Berentsdotter

 

Eg finn ingen som etter alderen høver med Anna Johanna gift med Rognald Jørgenson!

 

Rognald Jørgenson og Anna Johanna Johannesdotter budde i Nykyrkjesoni og fekk minst fem born.

 

Mons Olai Andersen og Anna Johanna Johannesdotter budde i Krosskyrkjesokni og fekk minst åtte born.

 

Eg tykkjer det ser slik ut:

 

* Anna Johanna fødd 1791 var gift med Mons Olai Andersen

 

* Anna Johanna fødd 1793 var gift med Ole Ingebrigtson

 

* Anna Johanna fødd kring desember 1795, uvisst kvar, var gift med Rognald Jørgenson

 

Alle tre bør vera avlidne i Bergen, men eg finn berre den eine som døydde på arbeidsanstalten i 1871 med fødselsår 1788. Ho var enkje!

 

Ektemennene:

 

* Mons Olai Andersen døydde som bøkker og enkjemann i Skuteviken 14.8.1879 (http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=29&filnamn=1301begr&gardpostnr=46136&merk=46136#ovre)

 

* Rognald Jørgensen døydde som gravar ved Nykyrkja 12.2.1831 (http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=36&filnamn=1301begr&gardpostnr=32449&merk=32449#ovre)

 

Ole Ingebrigtson (Aarvold) sitt dødsfall har me frå før!

 

Me saknar to dødsfall for to ulike Anna Johanna Johannesdøtrer. Eg trur dei må vera innskrivne som Anna Johannesdotter, og då vert det sjølvsagt vanskeleg å finna dei...

 

Nokon som har tankar kring dette problemet?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Finner denne Nicoline Pedersdatter død 1847, 40 år gammel, men det står bare at hun er sykehuslem, så da er det vel neppe vår Nikoline Birgitte....

 

 

Kildeinformasjon: Bergen fylke, Bergen by, Dødsfallsprotokoll 2 , 1847-1861, oppb: Statsarkivet i Bergen.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/23996/8/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20081111620008.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Anne Johanne Johannesdtr f. 21.06.1791, døpt 26.06.1791 i Korskirken. Hun ble gift 15.10.1815 i Korskirken med Mons Olai Andersen, 1795-1879. Hun døde 15.03.1875, begravet 19.03.1875 i Sandvikskirken, 84 år gammel. "Bødkerarbeidsmanns hustru", rode 24-99, Navnet er da skrevet; Anne Johanne Andersen. Fikk 8 barn. Vennlig hilsen Trude R. Rasmussen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe og Trude for nye spennande innlegg!

 

Grethe, eg veit ikkje kva orsaki skulle vera for at Nicoline Pedersdotter ikkje skulle høva berre fordi ho var "sjukehuslem"? Eg har i dag studert dette namnet i Bergen, og den einaste Nicoline Pedersdoter som kjem nokolunde nær, fødd kring 1812 (men ikkje i Bergen), levde mykje lenger og var gift med ein Andreas Olson Helle. Ingen Nicoline Pedersdotter var fødde i Bergen mellom 1800 og 1815, og ingen andre enn den nemnde Nicoline finst i vigselsregisteret for Bergen!

 

Eg trur difor at den Nicoline Pedersdotter som døydde på sjukehuset i 1847, er ei svært so "heite" kandidat!

 

Og so har Trude funne dødsfallet til den Anna Johanna Johannesdotter som var gift med Mons Olai Andersen... Då trur eg at den Anna Johanna Johannesdotter, som Grethe og sidan Terje fann, og som døydde som almisselem 25.6.1871, høgst sannsynleg må vera enkja etter Ole Ingebrigtson! Det som likevel er underleg, er at so mange born i denne huslyden berre "forsvinn", og om dei er flytte bort, kan eitt av dei ha teke mori med seg til ny bustad utanfor Bergen...

 

Om me då kan sjå Nicoline og Anna Johanna som "løyste problem", sit me att med berre eit stort spørsmål:

 

* Kvar vart det av Peder Nicolai Ingebrigtson?

 

Men denne vert truleg ei håplaus oppgåve å løysa...?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Lars!

 

Vet du om statsarkivet i Bergen eller for eksempel Byarkivet i Bergen kan ha noen flere opplysninger om Nicoline som døde på sykehuset? Kanskje det kan finnes en sykejournal eller en sykeprotokoll som sier noe mer om damen? Da ville du kanskje fått bekreftet om det er rette Nicoline vi har å gjøre med. Jeg kjenner ikke til sykehusene i Bergen, så jeg kommer ikke på noe annet i farten enn å henvise til statsarkivet og/eller byarkivet.

 

Grethe

 

her er lenke til et gammelt tema om Bergen kommunale sykehus: http://forum.arkivverket.no/topic/171044-bergen-kommunale-sykehus-skarlagensfeber/

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.