Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Jens Endreson Hillestad, fødd Hafslo 1828 - via Botsfengselet til Hamre i Hordaland - drukna 1859/1860?


Recommended Posts

Eg er komen over ei spennande sak som eg gjerne vil drøfta med dykk:

 

Jens Endreson Hillestad, fødd i Hafslo 1.1.1828, vart i april 1856 dømd til fire år fengsel etter grovt tjuveri og bedrageri og vart i mai same år innsett på Tukthuset i Bergen. I august 1856 vart han oversend til Botsfengselet i Christiania. Derifrå slepte han ut i februar 1859. Han ville då dra til Nordland, men tok i staden i mars 1859 teneste hjå lensmann Brudvig i Hamre. I april 1860 fortel so sokneprsten i Hafslo at Jens etter ryktet skal vera omkomen på fiske etter at han i eit slagsmål fall over bord og drukna. Jens var ugift.

 

Opplysningane, som kjem fram i arkivet til Botsfengselet, reiser dette spørsmålet:

 

* Er det mogeleg å finna ut noko meir om denne hendingi? Finst det ei gravferd ein eller annan stad i eller nær Hamre mellom mars 1859 og april 1860?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.