Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Kari Monsdotter, omstreifarbarn, fødd i Hafslo 1826 - kvar vart det av ho?


Recommended Posts

Kari Monsdotter var fødd i Hafslo 7.10.1826. Mori var gardbrukardotteri Ragnhild Hansdotter Grov frå Hafslo som kom i "ulukka" med hesteskjærar og omstreifar Mons Pederson Elvetun (1804-1879), sidan busett på ein plass under Hæreid i Årdal og stamfar for mange reisande på Vestlandet og ogso andre stader i landet (http://forum.arkivverket.no/topic/174137-mons-pederson-og-inger-marie-pedersdotter-omstreifarektepar-nytt-barn-oppdaga-kvar-var-han-foedd/page__st__20__p__1574062__hl__+mons%20+pederson%20+%F8yane#entry1574062). Faren hans var den sokalla "Gryte-Per" (Peder Olson Elvetun, 1776-1853).

 

Kari er korkje konfirmert, gift eller gravlagd i Hafslo, so då er spørsmålet: Kan ho vera fari med farsætti si kringom i landet?

 

Eg står "bom fast" og vonar på hjelp!

 

Eg takar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

  • 2 uker senere...

Ingen har førebels kommentert dette emnet, og med angst for at det skal verta heilt gløymt, tillet eg meg i kveld å leggja det ut på ny! Kanskje er det nokon som har andre tilgjengelege kjelder og som kan hjelpa oss med å finna lagnaden til denne jenta?

 

På førehand takkar eg hjarteleg alle for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Hei!

Kan det være henne her i 1865?

 

http://digitalarkive...f01036724001371

 

På Nygård i Hafslo?

Som husmannsenke?

 

Mvh

Bente Borgen

 

Hei!

 

Jeg fant også denne. Fulgte henne bakover via dåpen til datteren Olina, blant annet. Men det er født en Kari Monsdatter i Hafslo i 1825, som jeg sjekket dåpen til, og som dermed for en gangs skyld har fått rett fødselsår i FT 1910. Tror derfor ikke at dette er rett Kari..

 

Mvh Bente

Hjarteleg takk til Bente og Bente for ointeressante innlegg.

 

Det er nok fleire som har same namnet i og frå Hafslo. Den Kari Monsdotter på Nygard, som de har funne, var fødd i Hafslo 20.11.1825 og døydde i Hafslo 28.1.1913. Ho er diverre ikkje den me søker....

 

Eg fryktar nok for at den Kari Monsdotter som me leiter etter, vert svært so vanskeleg å finna. Om ho voks opp, må ho vera flytt frå Hafslo før ho kom i konfirmasjonsalderen!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.