Gå til innhold
Arkivverket

Hans Kristian Hansen alias Hans Kristian Mikkelsen, fødd Bergen 1875, nemnd som sjømann i 1891 og "til sjøs" i 1902 - sjømannsruller?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Hans Kristian HANSEN, fødd utanfor ekteskap i Bergen 11.6.1875 som son av Karen Ingebrigtsdotter og ein sjømann Hans Pedersen, skreiv seg òg med namnet Hans Kristian MIKKELSEN etter at mori gifte seg i 1876 med Jens Mikkelsen (Njøs). Dei busette seg i Sandviken i Bergen.

 

FT1891 nemner Hans Kristian som sjømann, og dødsmeldingi etter mori Karen Mikkelsen frå 1902 (http://arkivverket.no/URN:sk_read/27889/155/?size=gigant&mode=0) seier at Hans (Kristian) Hansen var "til sjøs".

 

Er det mogeleg å finna ut noko som helst om lagnaden hans, til dømes gjennom sjømannsruller i Bergen?

 

Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei O. Eliassen!

 

Dersom eg går inn via linken i meldingi di, går det bra, men freister eg gå direkte inn i Arkivforum, kjem det opp feilmelding på engelsk om "Sorry, we couldn't find that" eller noko liknande...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Manuskriptet for denne delen av bygdebøkene for Luster kommune skal vera ferdig med det aller første, og eg tillet meg å henta fram att dette emnet for om mogeleg å få svar på spørsmålet mitt om Hans Kristian Hansen/Mikkelsen i sjømannsrullene for Bergen?

 

Hjarteleg takk for hjelpi!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Yngve for svar på dette problemet. Men eg er forundra over at Hans ikkje finst i sjømannsrullene.

 

Her er huslyden i 1891: http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=7&filnamn=berg1891&gardpostnr=38319&merk=38319#ovre - sjømann Hans Kr. Hansen med feil fødselsår (1845 i staden for 1875)

 

Her er huslyden i 1900: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1900&knr=1301&kenr=064&bnr=0010&lnr=01 - fyrbøtar Hans K. Michelsen med rett alder

 

Om dette er Hans Mikkelsen i Ålesund i 1910 er usikkert: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036746012734 - han er matros på D/S Geiranger og fødd i Bergen 17.5.1877. Det finst ingen Hans Mikkelsen fødd i Bergen på denne datoen, so det KAN vera same mann!

 

Sjekka du han ogso under namnet Mikkelsen/Michelsen? Han må då vera i sjømannsrullene ein eller annan stad?

 

Eg takkar igjen for hjelpi!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg tillet meg i dag å henta fram att denne saki der eg vonar på oppklaring av lagnaden til denne sjømannen, som, etter som det ser ut til, har kalla seg MIKKELSEN (eller Michelsen) heller enn HANSEN?

 

Ein kjempetakk for hjelpi!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Da fant jeg ham i annotasjonsrullen under nummer 484 og med etternavn Hansen. Hans siste registrering er 24. januar 1893 da han med "Hjalmar" av Porsgrunn mønstret på for en tur til Sunderland, og videre.

 

Han ble flyttet til hovedrullen nr. 6837, men har ingen oppdatering der.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Yngve for nytt innlegg! Eg er overraska over at han ser ut til berre å "forsvinna", endå om me veit at han verkelg var sjømann og budde i Bergen!?

 

Men han har vel "snike" seg unna på eitt eller anna vis...?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det at en person står oppført i folketellingen 1900 i Bergen, betyr ikke at han var i Bergen i 1900, heller ikke at han var i live. Vi har eksempler på at enkelte sjøfolk har stått oppført i folketellinger 12-13 år etter at han åpenbart var død. Men enken valgte å føre ham som som sin mann i folketellingen.

 

Sjømannsrullen forteller at Hans Christian Hansen forlot Bergen 24. januar 1893 med Hjalmar av Sandefjord, uten at sjømannskontoret har fått flere opplysninger om ham. Han kan ha stukket av i en havn i utlandet. Han kan være forsvunnet, men uten å være erklært død.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Yngve for nytt interessant innlegg!

 

Eg har ogso sett døme på at personar er nemnde å vera i live fordi ein aldri har fått melding om at vedkommande er avliden, mellom anna i amerikanske nekrologar, men i dette tilfellet vil eg likevel stilla meg tvilande til spørsmålet:

 

* Me har denne innførsli i Ft1910 frå Ålesund, som rett nok avviker noko med omsyn til alder, men som ein likevel ikkje skal sjå heilt bort ifrå.

 

* Hans Kristian er nemnd i dødsmeldingi til mori frå 1902 som å vera sjømann.

 

* So har me opplysningane frå Landsfengselet for kvinner der HALVSØSTERI Margrethe Hansdotter HESS har gjeve opplysningar om "Familieforhold". Denne uttalen må truleg vera frå 1904, og der heiter det mellom anna:

 

"Forældrene er begge døde {far i 1871 og mor i 1902, som båe stemmer}. Hendes Mor var gift 2den Gang. Hun har ingen Helsøskende ilive, men 2 Stedbrødre og 1 Stedsøster."

 

Halvsøsteri Karen Kristine Jensine Mikkelsen (1878-1959) var gift Hagen og budde i Bergen.

 

Halvbroren Georg Mikal Mikkelsen (1880-1912) utvandra til Amerika i 1901 og budde i Deering, ND.

 

Den andre halvbroren var sjømannen Hans Kristian Hansen eller Mikkelsen!!

 

Dersom Hans Kristian hadde vore sakna sidan midten av 1890-talet, ville vel ikkje Margrethe ha nemnd han som "stedbroder i live" i 1904!?

 

Kanskje hadde det vore relevant å sjekka ut denne Hans Mikkelsen frå FT1910 for Ålesund? Kvar ligg sjømannsrullene for Ålesund?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 uker senere...

Det er fleire akrtuelle kandidatar som kjem til Ellis Island, men mange står berre som Hans Hansen....

Svært få Hans ..... Mi......!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.