Gå til innhold
Arkivverket

Torsten Gullikson frå Tørstad i Vang, Valdres (1745-1804), flytte kring 1785 frå Vang til Hafslo, men kva med borni? - son Gullik til Beito i Slidre?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg har i lengre tid slite med å kartleggja denne huslyden med opphav i Vang i Valdres og føler eg kjem ikkje noko lenger utan hjelp frå lokale ekspertar. Eg attgjev frå manuskriptet mitt med innfelte spørsmål:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Torsten Gullikson Botnen, opphavleg frå Tørstad i Vang, var son av gardbrukar Gullik Trondson på Tørstad, opphavleg frå Nepstad i Vang, og kona Anna Torstensdotter frå Helle i Vang, men var f. på Høyme i Slidre og vart døypt der 27.12.1745. Torsten gifte seg første gongen i Vang 11.6.1770 med ei Anna Knutsdotter, truleg f. i Vang kring 1738.

 

##### (noko aning on kven ho kan ha vore?)

 

Men Anna vart gravlagd frå Leine i Vang 10.11.1775, og Torsten gifte seg att i Vang 30.10.1776 med Kirsti Trondsdotter frå Østreim i Vang. Ho var dotter av gardbrukar Trond Helgeson på Østreim, opphavleg frå Ellingbø, og kona Siri Nilsdotter frå Østreim og vart døypt i Vang 13.2.1752. Torsten Gullikson og første kona Anna tok først over som gardbrukarar på Tørstad i Vang, men flytte snart til Leine nordre i Vang der han og andre kona Kirsti vart buande til dei kring 1781 visstnok flytte til Hamre i Vang. Kring 1785 flytte so Torsten og Kirsti til Hafslo, og ikkje lenge etter finn me dei att som plassfolk i Botnen under Hillestad. Her vart dei buande levetidi ut. Torsten vart gravlagd frå Botnen 22.5.1804, medan Kirsti vart gravlagd same staden 28.11.1813. Me kjenner til åtte born etter Torsten, fire frå kvart av ekteskapi:

 

1. Anna Torstensdotter, døypt i Vang 23.12.1770, d. kort etter fødsli.

 

##### (døds- eller gravferdsdato?)

 

2. Kari Torstensdotter, f. i Vang ?.5.1772, vart gravlagd frå Leine i Vang 8.6.1772.

 

3. Siri Torstensdotter, døypt i Vang 30.5.1773,

 

##### (lagnaden hennar? – må vera avlidi før 1788! - kan henda i Vang?)

 

4. Gullik Torstenson, døypt i Vang 12.11.1775,

 

##### (lagnaden hans? - dersom Gullik voks opp, so flytte han IKKJE til Hafslo. Kanskje var det han som flytte til Beito i Slidre, gift første gongen i Slidre 23.10.1800 med ei Siri Knutsdotter og sidan attgift i Slidre 14.4.1810 med ei Cecilia Olsdotter? - som born vert nemnde:

* Torsten Gullikson, døypt Slidre 11.6.1797

* Guri Gulliksdotter, døypt Slidre 16.8.1801

* Thomas Gullikson, døypt Slidre 29.9.1804

* Ole Gullikson, f. Slidre 26.12.1809

* Torsten Gullikson, f. Slidre 14.5.1815)

 

5. Anna Torstensdotter, døypt i Vang 2.5.1778, d. i Vang kring 1779.

 

##### (døds- eller gravferdsdato?)

 

6. Anna Torstensdotter, døypt i Vang 14.12.1780,

 

##### (lagnaden hennar? - ser ikkje noko til ho i Hafslo!)

 

7. Berit, kjend som Bertha Torstensdotter (1783-1836), flytte til Hafslo med foreldri og vart gift første gongen med husmann Jørgen Johannesson i Botnen (1791-1820) og sidan attgift med husmann Anders Henrikson, òg i Botnen (1785-1848); dei fekk båe hand om heimeplassen hennar her i Botnen, ein etter hin.

 

8. Siri Torstensdotter (1788-1794), f. og d. i Hafslo.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg har søkt gjennom dødsfallslistene i Vang for 1770-åri og ut i 1780-åri, men finn ikkje nokon av desse borni avlidne, bortsett ifrå Kari kort etter fødsli i 1772, men eg har ei kjensle av at kyrkjebøkene ikkje er heilt komplette...? No er ikkje heller kyrkjebøkene for Hafslo heilt "vasstette" for siste delen av 1700-talet, so dødsfall kan ha skjett ogso her, men:

 

Uansett spør eg meg: Kan Gullik og den yngste Anna ha vorte att i Valdres då foreldri med dotteri Berit flytte over fjellet kring 1785?

 

Kva har bygdeboki for Slidre å fortelja om opphavet til Gullik Torstenson på Beito?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ein tilleggskommentar:

 

Ifølgje FamilySearch er "min" Gullik Torstenson den EINASTE personen med dette namnet som er fødd i Valdres mellom 1745 og 1785, men samstundes ser eg at FT1801 for Beito har Gullik fødd kring 1756(!), medan første kona Siri var fødd kring 1771 (http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=39&filnamn=f18010543&gardpostnr=109&personpostnr=2822&merk=2822#ovre).

 

Her vert det heilt klart spennande å sjå kva bygdeboki for Slidre har å seia...!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.