Gå til innhold
Arkivverket

LØYST: Sønneve Johansdotter Hollen, Hafslo, Sogn og Fjordane - Kven er hennar foreldre?


Knut Helge Olsen
 Del

Recommended Posts

Hei

 

15.06.1791 giftar Ole Olsen Bjørgen frå Sogndal seg for andre gong med Sønneve Johansdotter Hollen, i Hafslo, Forlovarar er Jon Tronsen Ølnes og Iver Olsen Bruen.

 

http://digitalarkive...&merk=1039#ovre

 

 

Sønneve har ein uekte sønn med inn i ekteskapet (Anders Iversen). Som det framgår av FT 1801.

 

http://digitalarkive...40&merk=40#ovre

 

Kven er foreldra hennar?

 

Beste helsing

Knut Helge

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Synneva Johanesdotter HOLTEN (som gifte seg med INGEBRIGT Olson Bjørgen, vart døypt i Hafslo 26.7.1763 som dotter av Johannes Ingebrigtson (1732-1793) og kona Agatha Gulbrandsdotter (1735-1804). Johannes og Agatha var båe barnefødde på Kaupanger i Sogndal, Johannes på Bjørk og Agatha i Hola, Eide, men dei pakta Hafslo prestegard frå 1760 til kring 1784 då dei flytte som husmannsfolk til Holten under Kaupanger i Sogndal. Dei fekk i alt sju born. Ætti er omskrivi under Hafslo prestegard i band IX (2012) i bygdebokserien for Luster kommune.

 

Eg fann forresten aldri ut kva tid yngste sonen hennar Synneva døydde, Ingebrigt Ingebrigtson, døypt i Sogndal 29.6.1806. Han budde på Bjørgen i Sogndal so seint som i 1846, men forsvinn deretter frå bygdi. Veit du KVAR?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

bygdebokskrivar Luster kommune

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk Lars!

 

Eg høyrar til i etta etter dottra Ragnhild. Hennar dotter Synøve gifta seg med orkdølen Ole Ellingsen og busette seg på garden Teigen i Hadsel, Nordland. Dei fikk seks born. Eg veit diverre heller ikkje kvar Ingebrigt døydde. Eg finn han ikkje i Orkdal, eller Hadsel.

 

Beste helsing

Knut Helge

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.