Gå til innhold
Arkivverket

Hans Kristian Hansen alias Hans Kristian Mikkelsen, fødd i Bergen 1875, nemnd som sjømann i 1891, 1900 og 1902, men kvar vart han av?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Hans Kristian HANSEN, fødd utanfor ekteskap i Bergen 11.6.1875 som son av Karen Ingebrigtsdotter og ein sjømann Hans Pedersen, skreiv seg òg med namnet Hans Kristian MIKKELSEN etter at mori gifte seg i 1876 med Jens Mikkelsen (Njøs). Dei busette seg i Sandviken i Bergen.

 

FT1891 nemner Hans Kristian Hansen som sjømann (http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=7&filnamn=berg1891&gardpostnr=38319&merk=38319#ovre), rett nok med feil fødselsår, men dette er mannen eg ser etter!

 

FT1900 nemner Hans K. Michelsen som fyrbøtar (http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1900&knr=1301&kenr=064&bnr=0010&lnr=01)

 

Dødsmeldingi etter mori Karen Mikkelsen frå 1902 (http://arkivverket.n...e=gigant&mode=0) seier òg at Hans (Kristian) Hansen var "til sjøs". Det er det siste sikre me ser til han.

 

Eg ser at FT1910 har ein ugift matros Hans Mikkelsen i Ålesund, fødd i Bergen 17.5.1877 (http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036746012734). Fødselsdatoen stemmer ikkje heilt, MEN eg finn ikkje nokon Hans Mikkelsen fødd i Bergen på den oppgjevne datoen!

 

Dette temaet vart nyleg drøfta i Arkivforum med Statsarkivet i Bergen (http://forum.arkivverket.no/topic/187493-hans-kristian-hansen-alias-hans-kristian-mikkelsen-foedd-bergen-1875-nemnd-som-sjoemann-i-1891-og-til-sjoes-i-1902-sjoemannsruller/), men utan resultat. Hans ser ikkje ut til å vera nemnd i sjømannsrullene for Bergen.

 

Er det so mogeleg å finna lagnaden hans?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.