Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Dødsannonser i Stavanger-avis?


Recommended Posts

Er det nokon som er gode på å søke etter dødsannonser i Stavanger-aviser? Stavanger Aftenblad? Søker etter Dødsannonser etter Jarle Brandsø død 21/12 1985, og etter Asbjørn Brandsø død 26/3 2003. Leiter etter pikenamnet til konene til desse. Har prøvd å søke i Nasjonalbilblioteket, men fann ingenting der. Mvh Torbjørn

Lenke til kommentar
https://forum.arkivverket.no/topic/188064-d%C3%B8dsannonser-i-stavanger-avis/
Del på andre sider

Dersom eg søkjer på "Jarle Brandsøy" får eg ei handfull treff i nb, m.a. i Stavanger Aftenblad 23/12 1985.

 

Nasjonalbiblioteket har avtale med Stavanger Aftenblad og ein del andre aviser om gratis visning i norske bibliotek, så høyr med det lokale folkebiblioteket om dei har tilgang. Dersom ikkje ber du dei om å snakke med Nasjonalbiblioteket.

*info om namnebror til Jarle sletta*

 

Asbjørn Brandsøy gjev treff i Stavanger Aftenblad 30/8 1967 og 28/3 2003.

 

Firda Folkeblad 31/8 1967 side 2: Bryllaup (...) vert halde laurdag 2. september av Jonhild Gjengedal, Sandane og Asbjørn Brandsøy, Stavanger. Adr for dagen: Frøystad Pensjonat, Reed i Breim.

 

Eit lite tips ved søking i Nasjonalbiblioteket er at programvaren ofte feiltolkar æ, ø og å. Ø vert ofte til o, og søkjer ein på "Asbjørn Brandsoy" finn ein lysninga her.

Endret av Torbjørn Igelkjøn

Eg får 2 treff i www.buyandread.com på ei Agnes Brandsøy som d. i desember 2011. I Nasjonalbiblioteket får eg i tillegg nok ein gong treff i Stavanger Aftenblad 23/12 1985, så der har du nok ein dødsannonse på Jarle.

Asbjørn og Gudrun f. Ludvigsen Brandsøy giftet seg i 1948 i og bodde i Seattle, gudrun døde der 29-7-1991. De kom hjem med Oslofjord i desember 1958 muligens på besøk.

kontakt meg på lisatk@lyse.net

Hilsen Lisa

No vart eg litt forvirra. Veit du om dette er den same Asbjørn som gifta seg med Jonhild, jf. innlegg #7?

 

Ser at i dødsannonsen til mora i 1959 er Asbjørn "åleine".

Endret av Torbjørn Igelkjøn

Hei

Jeg kan ikke svare på om det er samme Gudrun som dør i 1991, men hun er født Ludvigsen. Kan de være skilt og hun ikke har skiftet til pikenavnet. Hun blir nevnt som søster svigerinne og tante. For familien Elisabeth Sægrov - ingen Brandsøy nevnt, heller ikke barn.

Ei fin side for å søkje i staten Washington er "Digitalarkivet" deira, http://www.digitalarchives.wa.gov

Dette er vigselsattesten for Asbjørn og Gudrun: http://www.digitalarchives.wa.gov/DigitalObject/ViewAsJpeg?ID=165A238671B8000DC45C45ED5C86727F&ViewAsJpegPage=0

 

Asbjørn og Gudrun er truleg nemnde i Stavanger Aftenblad 5/5 1948, 14/5 1948 og i Norsk Lysningsblad 24/6 1948.

 

Asbjørn i Amerika døydde 1978:

http://www.digitalarchives.wa.gov/Record/View/21C1B727408D930867DD3B4B3FB427F8

 

Dermed kan ein vel slå fast at dette ikkje er "rett" Asbjørn, sidan "vår" Asbjørn skal vere f. i 1934 og d. i 2003.

 

Gudrun død 1991:

http://www.digitalarchives.wa.gov/Record/View/7C2C670AF4D7FED69CC4EA7F0D39BAB6

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.