Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Etterkomarar etter Sanna og Oskar Brændø (Brendø/Brendøy), Florø


Recommended Posts

Sanna 1904-1976 og Oskar 1901-1978, begge frå Kinn pr.gj. busett i Florø. Dei fekk born, men eg har ikkje funne namn på dei. i dødsannonsen etter Sanna står det Sandnes/Florø, så det kan vere at eit barn var busett i Sandnes. Dei vart gift i 1923. Er det noko som kan hjelpe meg å finne etterkomarar? mvh Torbjørn

Mogeleg kandidat til Gerda giftar seg 12/3 1949. Firda Folkeblad 10/3 1949:

 

post-77-0-40993000-1385332095_thumb.jpg

 

img_3049.jpg

 

Kjelde: http://www.disnorge.....php?id=3424751

 

Fylkesbiblioteket i Førde har Firdaposten på mikrofilm, dette er ei mogelegheit for å finne evt. dødsannonsar.

I Firda Folkeblad 9. juli 1951, er det ein notis om at det vert halde bryllaup på Bjørkum ved Florø den 14. juli for Liv Brendø og Jacob Jacobsen. Kan Liv vere den fjerde dottera til Sanna og Oskar, jf. dødsannonsa til Oskar. Ho må i så fall vere død ein gong mellom 1951 og 1978.

 

mvh Egil

Dette vert vel ein aldri så liten digresjon, men her har eg funne dødsannonsen for mora i FF 27/7 1953:

 

post-77-0-99194500-1385334274_thumb.jpg

 

Det ser ut som om ho då budde på Brendøya. No er husa vekke, og området er så vidt eg veit eigd av Kystmuseet i Sogn og Fjordane.

 

I Firda Folkeblad 9. juli 1951, er det ein notis om at det vert halde bryllaup på Bjørkum ved Florø den 14. juli for Liv Brendø og Jacob Jacobsen. Kan Liv vere den fjerde dottera til Sanna og Oskar, jf. dødsannonsa til Oskar. Ho må i så fall vere død ein gong mellom 1951 og 1978.

 

mvh Egil

 

Det er ikkje utenkjeleg.

 

img_4374.jpg

 

Kjelde: http://www.disnorge.no/gravminner/bilde.php?id=3426290

 

FF 29/7 1971:

 

post-77-0-00364500-1385334815_thumb.jpg

Mange takk for god hjelp Torbjørn og Egil! Godt å ha erfarne og hjelpsomme folk! Er de to lokalkjende i Florø? Eg lurer på om Måseholmen er eit anna namn på Brendøya, eller ligg den holmen ein annan plass? Så er det namnet "Bjørkum" i Florø, der eg meiner eg har funne at familien budde ei tid. Er det i Havreneset, eller er det namnet på bruksnummeret på Brendøya? Eller har eg misfortått og at det er eit forsamlingslokale? :-) Mvh Torbjørn

Krokene, gnr. 24, bnr. 4 heiter Bjørkum, men eg veit ikkje om det er der Oskar budde. Dette var ein liten gard på Krokane. Derimot veit eg om ei dotter til Karl og Sara i #7 som kanskje kan hjelpe deg vidare. Sender deg ein PM.

Det virkar som om om det var ein Bjørkum-gard også under Havikbotn, midt på det som no er sentrum i bydelen Krokane. Når ein søkjer på Google finn ein bilete frå ein speidarleir på Bjørkum i 1954. Eg var ikkje fødd då utbygginga av Krokane-området tok til fyrst på 70-talet, og tykkjer at det er spennande med gamle bilete på nett frå den tid det stort sett var berre gardar, skog og myr.

 

Google-søk på Måseholmen, Florø gjev to treff som omhandlar stadnamndatabasen til Fylkesarkivet, ingen av dei ved Brendøya.

Eg er einig der Torbjørn, interessant å sjå korleis det opprinneleg såg ut på Flora-landet og Brandsøy-landet! Mange takk for hjelp! mvh Torbjørn

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.