Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Oversyn over jordmødre - finst det noko slikt? - Karen Severine Bjørnethun (1901-1978) - jordmor på Sørlandet?


Recommended Posts

Karen Severine, til dagleg kjend som Severine Monsdotter Bjørnethun, fødd i Hafslo i Sogn 2.4.1901, skal ifølgje slekti ha praktisert som jordmor i mange år. Bustaden hennar skal ha i all hovudsak ha vore på Sørlandet, men i 1935 veit me ho var jordmor på Seim i Nordhordland. I 1939 gifte ho seg med Arne Skeide på Henjum i Leikanger og budde sidan der, men ho døydde på sjukehuset i Lærdal 22.12.1978.

 

Eg skulle so gjerne ha visst KVAR Severine arbeidde som jordmor og i kva år, om det let seg gjera...?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Endret av Lars E. Øyane - Bad Kohlgrub - Bayern

Hjarteleg takk til Ottar for spennande innlegg!

 

Eg har i dag endeleg fått kontakt med jordmorforeiningi, men diverre kunne dei ikkje hjelpa meg!  Dei synte meg vidare til Statens autorisasjonskontor for helsepersonell, men heller ikkje der var det hjelp å få, bortsett ifrå at dei meinte Riksarkivet burde ha svar på dette, ettersom jordmødrene på den tidi laut ha godkjenning frå fylkeslækjaren, og arkivi for sistnemnde skal finst i Riksarkivet!  (Etter samtale med statsarkivaren i Bergen har eg fått greie på at det er Statsarkivi som har desse!)

 

So no vil eg freista der!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.