Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Rudolf Melby (1915) og Borghild Jenny Bjørnethun (1920) - vigsli deira i Oslo? - fødestader?


Recommended Posts

Rudolf Melby, trikkeførar i Oslo, var fødd 23.5.1915, truleg i Christiania. Han døydde i Oslo 19.12.1987. Rudolf gifte seg i Oslo (dato ukjend) med:

 

Borghild Jenny Bjørnethun, fødd 7.5.1920, anten i Christiania eller kanskje på Nes i Akershus?

 

Dei fekk ikkje born i lag.

 

Er det mogeleg å finna:

 

* Rudolf sin fødestad, eventuelt mellomnamn og namn på foreldri hans?

 

* Dato og stad for vigsli til Rudolf og Borghild?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

:wub:  Martin Melby 20/6-1885  f. Hobøl  sporveiskonduktør

Jenny Mathilde Melby 10/10-1893 Hobøl

Rudolf Johannes Melby 23/5-1915 Kristiania

Pauline Margrethe 26/4-1921 Hobøl

 

Bopel 1923 Rosenkrantzgt. 2  Kristiania  Vår Frelser/Domkirken

 

 

Hjarteleg takk til Karin for kjempeflotte opplysningar om opphavet til Rudolf Melby!  Det første spørsmålet er løyst, men vigsli er truleg verre å finna...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

So har eg fått greie på at Rudolf Melby og Borghild Bjørnethun gifte seg i Lom kyrkje i august 1946, truleg 9.8., men stadfesting av datoen trengs...  Mogeleg å finna...?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Aftenposten 9/8 46 morgonnummer side 4: Ekteskap: (...) I dag (...) Frøken Borghild Bjørnthun og hr. Rudolf Melby, begge Oslo.

Endret av Torbjørn Igelkjøn

Siden Torbjørn Igelkjøn nevner bopel Oslo i 1946 så sjekket jeg adresseboken 1946

 

Kildeinformasjon: Oslo fylke, Oslo Adressebok, Bok , 1946-1946, oppb: Riksarkivet.

Merknader: 68. årgang. Demontert eksemplar, Riksarkivet

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:db_read/db/49276/864/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-db10061109063146.jpg

 

og fant en Rudolf Melby sporveiskonduktør med bopel Presidentgaten 2  i Sagene krets så kanskje du finner dem viet der, 

Har sjekket borgelige vielser 1946 og ikke funnet Rudolf Melby  i registeret.

 

 

Hjarteleg takk tll Torbjørn og Karin for nye innlegg!

 

Hjarteleg takk for stadfesting av vigselsdatoen til dette paret.  Eg har i mellomtidi fått stadfest at vigsli fann stad i Lom kyrkje.  Dette paret og eit venepar frå Oslo reiste til Lom for å gifta seg og var deretter på bryllaupstreise i Sogn!

 

Fødestaden hennar er framleis noko uklar, men bortsett ifrå det er problemet løyst!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

 

 

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.