Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Foreldre i KB for Gloppen 1771


Recommended Posts

Korleis skal vi lese etternamna til Mette Margrete sine foreldre i høgre spalte på høgre side her? Ho døyr året etter som Mette Maria - eg vil ikkje gje att korleis eg les etternamnet, sidan eg ikkje vil påverke andre.

 

Er det kanskje nokon som kjenner til denne familien?

Lenke til kommentar
https://forum.arkivverket.no/topic/189726-foreldre-i-kb-for-gloppen-1771/
Del på andre sider

Det er ei interessant vigsle i Innvik nokre år etter denne dåpen, og eg meiner det truleg gjeld det same paret. Det står vel truleg Gabriel Betzmann ved dåpen i Gloppen, og mora sitt etternamn kan kanskje med litt velvilje tolkast til å vere Bolt (eller til og med Boldt), sjølv om eg må innrømme eg ikkje las det slik ved første augnekast.

 

I alle høve vart løytnant Gabriel von Betzmand og Ana Magretha Bolt gift 23.3.1774 i Innvik:

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Innvik, Ministerialbok nr. A 1 (1750-1816), Trolovede 1772-1774, side 385.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11506&idx_id=11506&uid=ny&idx_side=-274
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070509640556.jpg

 

Ved FT1801 er Gabriel Betzman enkemann i Bergen, med ei dotter på 19 år som og heiter Mette Margrethe:

http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/WebCens.exe?slag=visbase&sidenr=9&filnamn=f1801&gardpostnr=40036&personpostnr=580502&merk=580502#ovre

 

 

 

Så flott - då får eg identifisert dei litt meir! Mange militære var innom Gloppen ei kortare tid, så ein del slike "slengarar" I kyrkjebøkene blir det.

 

Berre for å ha nemnt det: Bolt-namnet finst også i konfirmantlista i Breim i 1770 - Christiana Bolt; gjerne ei syster.

Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.