Gå til innhold
Arkivverket

Lord Nelson på Vestlandet?


Knut Rage
 Del

Recommended Posts

I gards- og ættesoga for Tysnes, band 4 (1991), ført i pennen av bygdebokskrivar og etnolog Ernst Berge Drange, er det eit lite notat knytta til Flakkavågen på Onarheim i Tysnes kommune, Sunnhordland, som handlar om ei segn som er knytta til den britiske sjøadmiralen lord Nelson. 

 

Historia er slik (attfortald av meg): Det heitte seg nemleg at mora til lord Nelson, som var av engelsk adel, vart gift med ein herremann som var for gammal til å få born. Dermed fann ho ein meir spretten barnefar, ein skipper frå Strandebarm i Hordaland.

 

Då ektemannen fekk kjennskap til dette, vart skipperen etter dom pålagd å ta både kona og son med seg. Men til Strandebarm kunne han ikkje dra. Der hadde han sjølv kona og born. I staden fekk han sin gode ven, militærmannen Møllerup på Tysnes, til å ta seg av dei. Mor og son budde nokre år i Flakkavågen. Men så tok ektemannen i England henne til nåde att, og sonen vart lyst i kull.

 

Så seier altså segna... 

 

Mitt spørsmål til forumet er kort og godt dette: finst denne historia også andre stader i landet, evt. i litt andre variantar? Kanskje litt på sida, dette... 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det interessante her er korleis ei slik segn oppstår - og om dette er ei form for ei "vandrehistorie" som me finn andre stader, knytta til namngjevne personar. 

Endret av krage
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.