Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Hjelp til å finne person frå Kinn pr.gj. S. & Fj.


Recommended Posts

Marie Ane Mortensdtr. f. 29/11830 på garden Skorpa i Kinn. Ho vart gift med Ananias Mortensen i 1859 i Kinn.

Dei vart busett i Batalden i Kinn. Dei fekk 5 born. Tre døtre dør i 1864 av "poka". To søner lever att; Martin Johannes (1859-1951) og Mathias Julius (1865-1949).

Ananias dør i 1872.

 

Marie får truleg opphald på garden Dumba i Kinn, og bur truleg der med sønene i 1875. Dette er gamle opplysningar er har, og eg lurer på om nokon kan bekrefta at dei var busett der?

 

Martin vart spedalsk og budde store deler av livet på Pleiestiftelsen nr. 1 i Bergen.

Mathias flyttar nordover og vert gift og busett (frå 1885) på garden Øvergård på Bjarkøy i Troms.

 

Det har ikkje lukkast meg å finne spor etter Marie i krk. bøker eller FT i Troms eller i Bergen, ei heller i Kinn, etter 1875.

 

Mvh Torbjørn

 

 

Endret av Torbjørn Henrik Hillersøy

Mange takk Sven!

 

Då var det berre sonen Mathias som kom til Dumba.

 

Finnes det pasientlister eller liknande som gjer det mogleg å finne ut når pasientane vart skrive inn og kor lenge dei var innlagt på desse to hospitala?

Endret av Torbjørn Henrik Hillersøy

Ifølge databasen "Pasienter ved Reknes pleiestiftelse 1839-1877" ankom Mariane Mortensdtr. Reknes 16.8.1873: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=7&filnamn=REKNES&gardpostnr=1560&merk=1560#ovre

 

 

Mathias Ananiassen er i FT 1875 reg som legdslem hos gardbrukar Mathias Larsen og Dorte Simonsdtr. i Domba. (I fall du treng stadfesting på det).

 

Det står ein kommentar om at han "Forsørges af M Larsen", men denne er streka ut seinare.

 

mvh Egil

Mange takk Inge og Egil!

 

Då var Mariane pasient ved Reknes Pleiestiftelse frå 1873 til ho døydde, medan sonen Martin var fyrst på Reknes men seinare pas. ved Pleiestiftelsen nr. 1 i Bergen.

 

Er det andre som har problemer med å søke i databasen for Pleiestiftelsen nr. 1 i Bergen (1865-1900) ?

Får berre Error! Aw snap! :-)

Endret av Torbjørn Henrik Hillersøy

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.