Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Hjelp til å finna to vigsler i Oslo? kanskje Aftenpostens kunngjeringar?


Recommended Posts

Hjarteleg takk til Torbjørn og Dag for dei siste nye innleggi!

 

Opplysningane frå "Norsk kundgjørelsestidende" 13.7.1936 er nyttige, men samstundes forvirrande....

 

Eg har nettopp motteke ein e-post frå Sagene kyrkjelyd (etter å ha venta aldri so lenge...) der dei mellom anna opplyser følgjande:

 

"Lorang Robert Syversen (16.08.1912) og Signe Marie Nilsen (12.08.1917) giftet seg i Sagene kirke den 1.08.1936"

 

Kvifor står ikkje datoen i kunngjeringi?

Vielsesdatoen står ikke nødvendigvis i lysningsprotokollen, bare lysningsdatoen(e), og vielsesdatoen forekommer aldri i Norsk Kunngjørelsestidende. Men når man finner kunngjøringen så vet man jo hvilken kirke eller hvilket kontor vielsen skal finne sted og at vielsen finner sted om kort tid. Vielse 1. august 1936 høres riktig ut.

 

DTH

  • 4 uker senere...

Hjarteleg takk til Dag for den siste nyttige kommentaren!

 

Eg har i dag gått gjennom manuskriptet for denne huslyden, og no manglar me berre følgjande to vigsler, men om dei er mogeleg å finna, det veit eg ikkje.  Norsk kunngjørelsestidende er kanskje den beste kjelda?

 

* Arthur Nielsen (fødd i Christiania 29.6.1916) og

Solveig Eleonore Hansen (fødd i Christiania 9.3.1915)

skal vera vigde i Oslo hausten 1940 - dotter deira meiner dei gifte seg i Lilleborg, men der finn ein ikkje spor etter denne vigsli...

 

* Thor Nilsen (fødd i Christiania 5.7.1924) og

Liv Reidun Hanssen (fødd i Tromsø 28.10.1921)

skal vera vigde på slutten av 1940-talet, kan henda i Oslo, men mest truleg i Tromsø der Thor på den tidi arbeidde som typograf i avisa Nordlys...

 

Eg takkar på ny so mykje for alle gode tips!

Lysningsprotokollene er jo tilgjengelige, men gjennomgang av Norsk Kunngjørelsestidende vil hjelpe til med å avgrense letingen. Jeg ville nok startet i den enden, men det er jo ikke så lett for deg å komme deg til NB. Skulle gjerne ha hjulpet til, da jeg har flere ting jeg ønsker å sjekke på NB, men vet ikke når jeg får anledning neste gang. Kanskje andre kan hjelpe til?

 

DTH

Hjarteleg takk til Dag for nytt innlegg, og samstundes ein stor takk til deg for at du gjerne vil hjelpa meg.  Som du seier, NB ligg utanfor rekkevidda mi, og diverre er ikkje heller helsa mi so mykje å skryta av når det gjeld å sitja timevis på ein lesesal med til dels harde og ukomfortable stolar...

 

Hadde det ikkje vore ein god idé om vigslene i Norsk Kunngjørelsestidende hadde vorte databaseregisterte?  Det er jo nettopp vigsler som so ofte er vanskelege å finna...

 

Men dette er vel berre ein vonalaus draum frå mi side...?

Endret av Lars E. Øyane

Eg må berre nok ein gong få bøyga meg i støvet for Carsten sitt funn!  Eg er imponert og svært takksam!

 

Då manglar berre den eine vigsli som skal ha vore i Tromsø!  Eg har kontakta bladet "Nordlys" og vonar at dei kan ha opplysningar, men er vel ikkje heilt optimistisk...

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.