Gå til innhold
Arkivverket

Henrik Torkildson, fødd i Luster 1797 - skomakarmeister Stavanger (1829) og Kristiansand (1832) - lagnaden hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Kan denne karen høva tru? FT 1865 for Nedstrand i Ryfylke:

 

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038214002529

 

Henrik T. med feil patronymikon, f. om lag 1798, Bergen by; då 'logerende Skomager, ug' på Lund i Nedstrand. At ein omvankande ugift lustring vert teken for å vera bergensar er vel ikkje so heilt bort i veggane?

 

Mvh., Terje

 

Endret av Terje Hatvik
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Terje for eit skikkeleg spennande og lovande innlegg!

 

Du skal berre sjå at den godaste Henrik har nytta eit anna namn enn kva han eigentleg hadde.  Det er svært uvanleg, men eg meiner å ha sett noko liknande før, og særleg for «godt vaksne» ungkarar som flytte langt heimefrå, kva no enn òrsaki kan ha vore.  Fødestad Bergen er det ikkje so uvanleg å finna for lustringar «i fjerne stròk».  For ein del år sidan forska eg på ei jente frå heller «små kår» i Luster som vart oppfanga av ein velståande student frå Christiania då han vitja Luster kring 1900.  Dei vart gifte og budde austafjells, men ho nytta konsekvent Bergen som fødestad!

 

Eg bladde i all hast gjennom avlidne i Nedstrand frå 1865 til 1875 utan å finna noko.  Men kanskje er det fleire sokn som no høyrer til andre prestegjeld?  Bøkene er nemlig merkte med Hinderå sokn!?

 

Ein ny kjempetakk for eit kjempespennande innlegg!  No lyt me berre vona på eit einkvan greier å finna ut noko meir om Henrik...?

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

FT 1815 for Luster, Fortuns Annex ovenfor Vandet:

 

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01051099001282

 

Henrich Torchels., 'Tjener', med foreldra Torchel og Sophi og dei yngre brørne Jahn, Christopher og Johannes på husmannsplassen i Utladalen. Men, her har jo mora fått farsnamnet Knudtsd. - og ikkje Henrichsd.? - Kva er eigentleg rett?

Endret av Terje Hatvik
Redigert
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Terje og Ivar for nye interessante meldingar.

 

Når det gjeld namnebruken i denne huslyden, vil eg gjerne få syna fram kva eg har skrive i manuskriptet mitt (faren var gift tre gongar, mellom anna med to forskjellige Sophia):

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Torkild Torbjørnson Utledahl, frå Skjolden under Bolstad, vart døypt 13.2.1763 og d. som husmann i Utladalen 4.7.1832.  Han gifte seg første gongen 21.6.1792 med Anna Paulsdotter frå Øy under Svensøy, døypt 11.6.1764.  Men Anna d. i barselseng alt same året og vart gravlagd frå Øy 5.8.1792.  Torkild gifte seg so att 20.7.1793 med Sophia Henriksdotter frå Skagen, døypt 3.8.1766.  Ho vart gravlagd frå Fortun (eigentleg frå Utladalen) 12.3.1809, og Torkild gifte seg tredje gongen 2.7.1810 med enkja Sophia Knutsdotter, opphavleg frå Årstu (Sva) under Dale.  Ho vart døypt 26.5.1761 og d. som husmannskone i Utladalen 26.8.1827.  Ho hadde før vore gift med husmann Erik Andersson på Runen under Leri (1780-1808) (s.d.).  Torkild Torbjørnson var først husmann på Lovolden under Fortun, men kring 1802 flytte han til Utladalen og fekk plassen som Ole Halvorson hadde butt på, men me kan ikkje sjå at han fekk nokon festesetel før etter at han vart gift siste gongen.  Setelen er dagsett 22.10.1810.  Torkild vart buande i Utladalen levetidi ut, men sa frå seg plassen alt i 1825.  Med første kona fekk Torkild ei dotter, medan han med andre kona fekk sju born, men denne kona hadde òg ei dotter frå før.  Siste ekteskapet var barnlaust:

 1. Rannei Torkildsdotter (1792‑1792?) .

 2. Anna Cathrine Knutsdotter (1790-1805), var dotter av Sophia Henriksdotter og husmann Knut Eliasson på Hovland under Sørheim (1761‑1808).

 3. Anna Torkildsdotter, døypt 25.1.1794,

Anna Torkildsdotter flytte i ung alder til Bergen og tente truleg der til kring 1830.

Men kring 1830 kom Anna attende til Luster, og ho d. i barselseng på Fortun 24.10.1836.  Ho var ugift, men let etter seg ein son:

a. Anders Olson, son av Anna og husmann Ole Halvorson på Bolstadmoen under Bolstad (1818-1903), var f. 9.10.1836.

Anders Olson Forthun flytte i 1850-åri til Skjåk og tente mellom anna på Øyberg, men vart sidan paktar på Brujordet i Skjåk.  Han miste livet etter eit slagsmål i Skjåk 10.5.1866, ugift.

 4. Henrik Torkildson (1796 1796).

 5. Henrik Torkildson, døypt 15.1.1797,

Henrik Torkildson flytte i ung alder til Stavanger der det i 1829 vart sagt at han var skomakarmeister, men i 1833 vart det sagt om han at han var skomakarmeister i Kristiansand.

 

##### (sjekka lagnaden hans??)

 

 6. Jan Torkildson (1799‑1864), var ei tid her på plassen, men vart sidan husmann i Kvenolane under Berge i Fortun (s.d.).

 7. Christopher Torkildson (1801‑1874), hadde nokre år plassen i Utladal 2 under Fortun, men vart sidan husmann i Yttrishaugen under Yttri (s.d.).

 8. Johannes Torkildson (1805‑1890), vart husmann på Volden under Holmestad.

 9. Johanna Torkildsdotter (1808 1808).

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Elles har eg hatt kontakt med Statsarkivet på Hamar, men svaret var skuffande:

 

«Skifte - Anders Olsen Fortun - d. 1866 - Skjåk
Vi viser til henvendelsen din og har undersøkt dødsfallsmeldinger for Skjåk.
I arkivet etter Nord-Gudbrandsdal tingrett, SAH/TING-002, Jja, dødsfallsmeldinger eske 1, som inkluderer året 1866, finner vi ikke bevart dødsfallsmeldinger for Skjåk for den aktuelle perioden i 1866.
Skiftemateriale fra Nord-Gudbrandsdalen sorenskriveri er gjort tilgjengelig på digitalarkivet.no, slik at du selv kan undersøke dødsfallsprotokoll mm der. Klikk på denne lenken:
https://media.digitalarkivet.no/sk/browse?archives[]=no-a1450-03000000000481&start_year=&end_year=&text=»

 

Eg fann dødsmeldingi hans(!), men denne seier berre at buet hans vart registrert.  Eg finn diverre ikkje nokon skifteregistreringsprotokoll, og utlodningsprotokollen manglar register.  Då vert det vanskeleg å finna resultatet av skiftet, om Henrik i det heile melde seg for å motta arv...!?

 

UANSETT, eg TRUR det var «vår» Henrik Torkildson som i 1865 dukka opp i Nedstrand som skomakar Henrik Johannessen, om me berre kunne finna gravferdi hans???  Lyt me venta til neste år då alle kyrkjebøkene skal vera ferdig registrerte???

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er nok ungkaren og skomakeren Henrik Johannesens sin begravelse på Sjernarøy i 1867:

Nedstrand (Hinderaa prgj), Sjernarøy Sokn: https://www.digitalarkivet.no/kb20070103370511

Han budde da på Norheim, var 67 år. Både Lund og Norheim er på Sjernarøy.

 

Dette må trolig være dennes skifte. Skomager Henrik Johannesen Dahl av Nædstrand:

https://www.digitalarkivet.no/sk20081105640783

 

Det ser ut som at arvingene stort sett bor i Bergen. Du kan jo sjekke om det er kjente navn, men dette er vel trolig en annen mann ?

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Håvard for ei spennande og interessant melding.

 

Skiftet etter skomakar Henrik Johannessen symer heilt klart, at han IKKJE kan vera den Henrik me leiter etter, so me lyt nok leita vidare...

 

Kan «vår» Henrik Torkildson vera flytt til Danmark?

 

Eg takkar på ny for alle gode tankar og innspel!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.