Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Henrik Torkildsen - fødd i Luster 1797 - skomakarmeister i Kristiansand 1833 - lagnaden hans?


Recommended Posts

Henrik Torkildsen (Forthun), fødd i Luster i januar 1797, vert nemnd i eit skifte frå Luster i 1830 slik: "Henrik Torkildsen skal være boesat i Stavanger som Mesterskomager".

 

Eit anna skifte frå 1833 seier: "Henrik Torkildsen er boende som Mesterskomager i Christiansand".

 

Nærare adresser er ikkje oppgjeve i nokon av skifti!

 

Finst det spor etter denne personen i Kristiansand, t.d. i borgarbøkene frå 1830-åri?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Borgarrullane for Kristiansand ligg i Kristiansand by sitt magistratsarkiv. Arkivet for Kristiansand by ligg hos Interkommunalt arkiv i Vest-Agder IKS (IKAVA) her i Arkivsenter sør. Ta kontakt med IKAVA. www.ikava.no

  • 4 uker senere...
  • 2 uker senere...

So har eg fått svar frå IKAVA på spørsmålet mitt, og dei skriv mellom anna følgjande:

 

"VI har ikke funnet opplysninger om borgerbrev/borgerskap til Henrik Torkildsen.
Har kikket borgerruller, rådstueprotokoller og i borgerbrev.
Men arkivene fra denne perioden er ikke helt komplett, bl.a. mangler det borgerruller fra tiden 1830-1833."

 

Problemet med skomakarmeisteren er soleis framleis uløyst, og no veir eg ikkje kvar eg skal søkja vidare...  Kanskje han har vore borgar i ein av dei andre byande på Sørlandet?  Alle gode tips vert mottekne med stor takksemd!

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.