Gå til innhold
Arkivverket

LØYST: Skipper Reinert Lude Crispinusson Poulsen i Bergen (1804-1839) - forsvann på sjøen, men kvar?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Reinert Lude Crispinusson Poulsen, fødd i Bergen 3.2.1804, gifte seg i Bergen 20.6.1828 med Inger Marie Hanning Caspersdotter Brun, fødd i Norddalen 24.6.1803.  Reinert var styrmann og sidan skipper, og parfolket budde i Bergen der dei fekk seks born i lag.

 

Yngste sonen Reinert Lude Reinertson Poulsen, fødd i Bergen 1.7.1839 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8726&idx_id=8726&uid=ny&idx_side=-113), var oppkalla etter far sin som ifølgje m.a. Munthe-boki skal vera avliden 16.2.1839.  Ein kross attåt namnet hans i kyrkjeboki syner jo òg at faren var avliden.

 

Eg finn ikkje dødsfallet til Reinert Lude Poulsen korkje i kyrkjebøkene for Bergen eller i dødsmeldingsprotokollane same stad.  Eg har leita ut heile året 1839, so KVAR og under KVA OMSTENDE døydde denne skipperen?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jørgen Gløersen: Dødsfall i Norge 1826-1840.

 

Paulsen, R. Skibskpt., fører av skonnert "Hendrik" av Bergen (eier: Fasmer), døde ved forlis på reise Stettin-Bergen antgl. jan. 39, passerte Helsingør 19-12-38, vraket drev i land ved Honningsvåg ved Stat 16-1-39.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Carsten for avklarande svar!  Nærare sanningi er det nok ikkje mogeleg å komma, men jamen må skuta ha drive langt bort i januardagane 1839...!

 

Problemet er løyst!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.