Gå til innhold
Nasjonalarkivet

John Asbjørn Ophaug (1914-1983) - televerksarbeidar i Oslo - biografi? - dødsannonser Aftenposten?


Recommended Posts

John Asbjørn Bernhardson Ophaug, fødd i Kristiansund 14.9.1914, gifte seg visstnok to gonger:

 

1st i Oslo (borgarleg) 26.7.1947 med Marit Ingrid Karlsdoptter Storø frå Florø, fødd i Kinn 18.10.1906 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=50964&idx_id=50964&uid=ny&idx_side=-397)

 

Kva som skjedde med denne første kona, veit eg ikkje, men John gifte seg i alle fall att

 

2nd i Oslo (dato ukjend) med Anna Olsdotter Hjelmhaug, fødd i Hafslo i Sogn 4.10.1911.

 

Alt eg veit er at John var televerksarbeidar og at parfolket budde i Oslo der John døydde 26.11.1983.  Anna Ophaug døydde same staden 7.11.1999.  Dei skal ha hatt to born i lag.

 

Er det mogeleg, til dømes med hjelp frå Aftenposten, å finna:

 

* Dato og stad for vigsli til John Asbjørn Ophaug og Anna Hjelmhaug?

 

* Dødsannonser for John Ophaug og dei to konene hans?

 

* John Asbjørn Ophaug var fødd i Kristiansund, men foreldri Bernhard og Emma Ophaug ligg gravlagde i Florø!  Er det mogekleg å finna ut kvar John voks opp?  Kvar er han konfirmert?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Dødsannonse for John: http://glasoe.org/div/aviser/johnophaug29111983.jpg

Dødsannonse for Anne/Annie: http://glasoe.org/div/aviser/annieophaug10111999.jpg

Dødsannonse for Marit, fra fylkestidene Sogn og Fjordane: http://glasoe.org/div/aviser/maritophaug01111949.jpg

 

Finner ikke noe umiddelbart om vielse osv, men hvis du søker på "John Ophaug" og lignende på NB.no får man mange treff fra Fylkestidene og Firda Folkeblad. I følge et treff i sistnevnte er det annonsert i utgaven datert 6. august 1951 at John og Anna gifter seg 11. august 1951 i Hafslo.

 

Dødsannonsen for første kone indikerer at de hadde en datter sammen, Eva. Treff på "Eva Ophaug" på NB blant annet i Norsk Lysningsblad tyder på at hun giftet seg i 1959. Jeg fant ingen treff på henne i Aftenposten under det navnet, så det er ikke godt å si hvor hun ble av. Hun gikk visstnok i 3. klasse i 1952, så kanskje du kan finne ut av når hun ble født med den informasjonen.

Endret av Alexander Glasø

Eg lurer på om dottera i #2 kan ha teke namnet til mora. I så fall finn du både bilete, telefon og epost her.

 

Nemner elles at Firdaposten 18/10 2008 eit klassebilete av klassen ved Florø Folkeskole, og truleg er det 3. klasse og frå 1951. Her vert ho kalla E. O. slik som i Fylkestidende frå 1952. Så dersom lenka mi skulle gjelde ei anna Eva kan ein evt. prøve å kontakte nokon av klassekameratane.

Endret av Torbjørn Igelkjøn

Portrett, Florø 1960

Description: Eva Storø. Bildet var tatt då ho gjekk for presten. Mora var Marit Ingrid Storø, frå Stavøyna, født i oktober, 1907, nest eldste barn i en søskenflokk på ti.;

 

Foreldrene til mora var Carl Jacobus og Ingeborg Sofie Storøe.;

 

Mor til Eva gifta seg med John Ophaug frå Florø, då Eva var fem år. Mora døde av kreft to år senere. Johns foreldre blei då Evas pleieforeldre. Eva vaks opp ilag med familien og pleie bestemor Emma Ophaug i huset der den trivelige og populere Ophaugs Kafe heldt til. Kafeen låg i andre etasje i Strandgata 36, same hus som Fjordenes Kreditbank.

Creator: Horne, Malvin

 

http://www.europeana.eu/portal/record/2022602/SFFf_100227_214112.html

Klikk på lenken for å se bildet!

Hjarteleg takk til Alexander, Grethe, Torbjørn og Ann-Mary for mange spennande og svært nyttige innlegg!  Eg er nok ein gong imponert over kor kjapt desse opplysningane er framkomne.  Eg har faktisk fått svar på so å seia alt eg ønskte å finna ut, kan henda bortsett ifrå ein einaste detalj:

 

* Kvar døydde den første kona til John Ophaug, Marit Ingrid f. Storø?  Dette går ikkje fram av dødsannonsa hennar...

 

Nok ein kjempetakk for ein framifrå dugnadsinnsats!

Fant en dødsannonse for Marit i Aftenposten også, der nevnes det at hun begraves fra "hjemmet" så det kan vel tenkes at hun døde i Florø?

 

http://glasoe.org/div/aviser/maritopphaug31101949.jpg

 

3425229 Marit Ingrid  Ophaug  Storde  1810  1906  3010  1949  0311  1949  k  1O  0C  3    Vis Florø Flora

 

http://www.disnorge.no/gravminner/korrigering.php?id=3425229

Søk på bokhylla.no kan ikke gjøres med utenlandsk ip-adresse.

 

Dette er vel berre delvis rett. Når det gjeld bøker som er så gamle at opphavsretten er "utgått" er vel desse tilgjengelege for alle. Eg vil tru at dette også gjeld for nedlagde aviser. Kan nokon stadfeste at f. eks. Firda Folkeblad er tilgjengeleg også frå utlandet?

Hjarteleg takk til Alexander, Ann-Mary og Torbjørn for nye spennande innlegg!

 

Eg veit ikkje heilt korleis eg skal tolka dødsannonsa til Marit Ophaug.  Den "heimen" det vert synt til, KAN vera heimen i Florø der ho var oppvaksi.  Eg har i dag vore i kontakt med son til Annie, som fortel følgjande:  Mor hans (Annie) hadde ein gong fortalt at faren John hadde sete eitt år ved sjukesengi til Marit før ho døydde av kreft, men det vart aldri sagt KVAR dette var...

 

Den einaste som sikkert kan svara på dette, er truleg Eva, som er gift og busett i Tønsberg (etternamn ukjent).

 

Eller kanskje kan kyrkjeboki for Florø hjelpa oss?  Eg vil senda eit spørsmål til Arkivforum!

  • 3 uker senere...

Eg ville berre få melda frå om at eg endeleg har fått kontakt med Eva Storø.  Eg har fått dei opplysningane eg treng, og sidan Eva hadde mist kontakten med slekti etter Annie Hjelmhaug Ophaug, og båe sider ønskte ny kontakt, var det ei stor glede for meg å kunne formidla denne kontakten!  Nok ein stor takk til Torbjørn og Ann-Mary, som fann Eva!

 

Problemet er løyst!

Endret av Lars E. Øyane

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.