Gå til innhold
Arkivverket

Toten: Johanne Nilsd f.ca 1771 og Kristian Larsson f.ca. 1764 - opphav og dødsfall


Per S. Nestande
 Del

Recommended Posts

FREDRIK HANSSON IGELSRUD på Østre Toten vart som enkemann g.1.8.1814(http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=9320&idx_id=9320&uid=ny&idx_side=-127) m. enke JOHANNE NILSDATTER som var 43 år da, dvs. fødd ca. 1771 og nemnt Ålterud. I følge wikien Helenaslekta (http://helenaslekt.wikidot.com/fredrik-hansen-igelsrud-238-og-hellene-hermansdtr-239) var ho gift tidlegare gift med KRISTIAN LARSSON GÅSERUD. I så fall er det ho som er nemnt Tandberg da ho vart gift 9.4.1801 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=9314&idx_id=9314&uid=ny&idx_side=-256) med KRISTIAN LARSSON som da var på GÅSERUD. Truleg er det han som i 1801 er ugift dreng på Gåserud, 37 år gamal, dvs. fødd ca. 1764 og ho som da er tenestejente på Tandberg, 30 år gamal.

 

Dei døyper ei dotter frå Tandbergstua 14.6.1801 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=9314&idx_id=9314&uid=ny&idx_side=-267) og Ronnerudstua 18.9.1804 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=9314&idx_id=9314&uid=ny&idx_side=-342). Ved dåpen i 1801 er Nils Fårlund fadder. Dette kan tyde på at Johanne er identisk med den Johanne som vart døypt 25.9.1768 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=9312&idx_id=9312&uid=ny&idx_side=-232) som dotter til Nils Balkestua og Mette Nilsdatter – NILS NILSSON og METTE NILSDOTTER er i 1801 innerstar på Fårlund.

 

Er det nokon som kan stadfeste eller avkrefte opphavet til Johanne, og som kjenner opphavet til Kristian? Eg har heller ikkje klart å finne dødsfalla til nokon av dei.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.