Gå til innhold
Arkivverket

Skifte etter Morten Erlandson i Solvorn, Hafslo frå 1677 - kven var eigentleg ervingane hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Det vart 21. og 22.6.1677 halde registrering og skifte etter gjestgjevar og handelsmann Morten Erlandson i Solvorn, Hafslo (http://arkivverket.no/URN:sk_read/24133/277/).  Skiftet byrjer på pag. 287a og går over 8 sider.  Dette er tydeleg eit "rikmannsskifte" med fleire hundre Dalar til deling mellom ervingane.

 

Men kven var eigentleg desse ervingane og skyldskapen mellom dei?  Innleiingi av skiftet nemner:

 

* Sara Pettersdotter, enkje, med laugverge This Nagel

 

* Henrik Mortenson, son - kona hans Gunnhild Hansdotter

 

Men les me vidare, ser me at det var strid om arven, men det endte visstnok med ei deling av buet med ei helft på enkja og resten fordelt mellom to søner og to døtrer:

 

* eldste son Jørgen Mortenson

 

* andre son Henrik Mortenson

 

* eldste dotter Anna Mortensdotter, avlidi, i staden borni hennar

 

* andre dotter Gretha Mortensdotter

 

Etter fleire gjennomlesingar av pag. 287a er eg komen til at Sara Pettersdotter må vera stemor til dei fire borni og at arven etter den "salige mori" vart utbetalt til borni alt i 1660-åri.

 

Eg vonar at einkvan kan stadfesta desse konklusjonane mine eller eventuelt retta dei og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

PS:  Som eige tema vil eg ta opp ei drøfting av lagnaden til desse søskeni!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...

Hei, Lars. Etter det jeg kan forstå av innlegget ditt er det ikke tyding av skriften som er ditt problem, men hvorledes innholdet skal tolkes. Forslag: legg ut din egen avskrift av det som er relevant fra pag. 287a på brukerforumet og be om synspunkter på tolking av innholdet der. Det er sikkert flere som kan være interessert i en slik problemstilling når de først får den presentert foran seg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.