Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Christen Pederson Quam (1802-1868) - frå Hafslo til Flakstad - huslyden hans?


Recommended Posts

Hjarteleg takk til Grethe for nye spennande innlegg!

 

Eg har i ettermiddag greidd å komma i kontakt med etterkomarar etter Bergliot Sedeniussen både i Bodø og i Svolvær, men, diverre, dei veit ikkje noko om ætti so langt attende!  Borni til Bergliot (tre stk) er alle avlidne, og barneborni er fødde frå misten av 1940-åri og utover.  Dei er for unge til å kunna hugsa attende til Else Dorthea og Berg Olaus, og eg har ikkje greidd å finna etterkomarar som er interesserte i ættegransking!!

 

Eg har i kveld sendt ei melding til Historielaget for å be dei om hjelp, og kanskje bør eg òg freista kontakta kyrkjekontoret...  Berg Olaus og Else Dorthea MÅ vera avlidne ein eller annan gong etter 1934, og me kan berre vona på at dei heldt seg i Moskenes...

 

Eg takkar nok ein gong for alle gode tips!

 

Hei!

 

Jeg har i forbindelse med et oppdrag truffet på Barbara Elida Berg (også benevnt Bergsdatter). Hun giftet seg med Thomas Angel Pettersen, f. 22.08.1887 på Kvitnes. Barbara døde som opplyst over 14.02.1948, og hennes ektemann døde 18.01.1972. Begge er gravlagt på Kvitnes.

 

Datteren deres Helene Pettersen, født 25.09.1911 på Kvitnes, giftet seg med Inge Johansen, født 04.06.1907 i Henningsvær. De flyttet etter hvert til Rana, og jeg antar at de levde der til sin død. Helene døde 28.10.2009 og Inge døde 06.09.1991.

 

De hadde en sønn som het Kjell Inge Johansen, men jeg har ikke noen fødsels- eller dødsinformasjon om ham. Han skal ha etterkommere på Mo i Rana eller i området.

 

Med vennlig hilsen

Trond

 

 

Inge Johansen 1907-1991.

Ser ut til at damen som har lagt inn på Geni er barnebarn av Inge og Helene.

 

http://www.geni.com/people/Inge-Johansen/6000000011892327804

Endret av Ann-Mary Engum

Hjarteleg takk til Trond og Ann-Mary for nye interessante innlegg.

 

Eg har i mellomtidi vore i kontakt med kyrkjekontoret i Moskenes, og eg har fått dei to dødsdatoane til Else Dorthea og Berg Olaussen!

 

Her følgjer ein oppdatert versjon av manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Christen Pederson, døypt [i Hafslo] 20.8.1802,

Christen Pederson Quam flytte i 1843 til Flakstad der han 29.7.1849 gifte seg med Else Dorthea Christiansdotter frå Høiholmen i Vevelstad, Alstahaug,

 

##### (sjekka at dette var siste bustad til foreldri hennar?)

 

Ho var dotter av gardbrukar Christian Syverson på Høiholmen, opphavleg frå Svalviki, og kona Marit Siversdotter og f. i Vevelstad, Alstahaug 17.5.1823.  Christen og Else Quam busette seg som innerstfolk på Havnøen i Flakstad der Else d. som innerstkone alt 27.5.1850.  Christen budde sidan mellom anna på Reine i Flakstad og som tenestedreng på Gloppen fyr i Flakstad, men d. som enkjemann på Reine i Moskenes, Flakstad 18.7.1868.  Han og Else fekk ei dotter i lag, men Christen hadde òg ei dotter etter han vart enkjemann, som visstnok vart oppali hjå far sin:

a. Petrina Marie Christensdotter, f. i Flakstad 28.4.1849, d. som legdelem på Gravdal sjukehus i Buksnes 25.10.1887.  Petrina voks opp som fosterbarn og var sidan tenestejente ulike stader i Moskenes, Flakstad.  Ho var ugift, men fekk fem born.

b. Else Dorthea Christensdotter, dotter av Christen Pederson og Christina Christiansdotter, ei søster av Else Dorthea og likeins frå Høiholmen i Vevelstad, Alstahaug (1819-    ), var f. i Flakstad 8.6.1855 og d. som fiskarkonaé på Valen i Moskenes, Flakstad 18.10.1945.  Else gifte seg første gongen i Flakstad 15.11.1875 med enkjemannen Petter Carl Pettersen, f. på Å i Flakstad 25.11.1825.  Han d. som gardbrukar på Refsvik i Moskenes, Flakstad 7.12.1880, og Else gifte seg att i Moskenes, Flakstad 24.8.1884 med Berg Olaus Olaussen frå Bunesfjord i Moskenes, Flakstad, f. i Flakstad 4.11.1863.  Han d. som enkjemann på Valen i Moskenes, Flakstad 2.12.1950.  Else og Petter var gardbrukarar på Refsvik i Moslkenes, Flakstad, medan Berg var fiskar, og han og Else budde som strandsitjarar på Valen på Andøya i Moskenes, Flakstad.  Else fekk i alt ti born, to døtrer frå første ekteskapet, ein son mellom ekteskapi og sju born frå andre ekteskapet.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Det einaste spørsmålet som her står att, er stadfestingi av at Høiholmen i Alstahaug var "endeleg" bustad for Christian Syverson og kona Marit.  Opphavet til kona Marit reknar eg med IKKJE er so lett å finna utan detaljert lokal kunnskap!?

 

I arbeidet mitt følgjer eg ikkje slekti lenger enn til første generasjon fødd etter utflytting frå Luster kommune.

 

Eg takkar på ny for alle tips og tankar kring spørsmålet om bustaden til Christian og Marit!

Endret av Lars E. Øyane

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.