Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Skulesjef Birger Bråten i Luster (1914-1973) og hans biografi


Recommended Posts

Eg freister skriva ein noko meir fullstendeg biografi for skulesjef Birger Bråten i Luster og vonar at nokon kan hjelpa meg finna biografiske opplysningar om livet hans før 1964?

 

Her er kva eg so langt har skrive:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Birger Magnusson Bråten, opphavleg frå

 

     ##### (gardsnamn? - d.v.s. kvar oppvaksen?)

 

     Austre Gausdal, var f. på Melbø nedre i Vestre Gausdal 22.6.1914 og gifte seg

 

     ##### (dato og stad for vigsli hans?)

 

     .6.1943 med Kjellaug Gustavsdotter Forseth frå Bekkemellom i Saksumdalen, Fåberg, f. i Fåberg 5.6.1908.

 

##### (bustader og yrke fram til 1964?)

 

Men i 1964 vart Birger Bråten tilsett som skulesjef i den nye Luster kommune, og han og Kjellaug flytte hit på same tidi.  {...}.  Birger og Kjellaug miste livet i ei bilulukke ved Fagernes i Nord-Aurdal 30.11.1973.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Norske skolefolk 1966:

 

Birger M. Bråten, skoleinsp. i Luster, f. 22-6-1914 i Gausdal. Foreldre: Landpostbud Magnus Bråten og Ingeborg f. Melbø. Oslo lærarskole 1951. Statens sløyd- og teikneskole 1952. Eks. i pedagogikk Noregs lærarhøgskole 1957. Eks. som lesepedagog ved Statens kurs for lesepedagoger, Bodø 1963. Kurs av ymse slag. Tilsett i Horten 1 år. Vaterland og Hersleb framh. skoler 5 år, skoleinsp. i Hasvik 6 år. No tilsett i Luster komm. Arb. med ymse slag lagsarb. Hobby: Religionshistorie og psykologi. Gift 1943 med Kjellaug f. Forseth. Foreldre: Gustav og Borghild Bekkemellem. 1 datter.

Hjarteleg takk til Carsten for kjapt og interessant innlegg!

 

Når eg ser nærare på denne huslyden, gifte dei seg altso i 1943 - denne vigsli greier eg ikkje å spora opp!(?) - i alle fall finn eg ho ikkje i Fåberg eller Lillehammer eller Gausdal!  Dotter deira er fødd i Tønsberg sist på året i 1945, og i 1951 tok Birger lærarskuleeksamen i Oslo.  Her er det vel rom for litt "rørsle"...

 

* Kvar kan dei ha gift seg - og kva dato?

 

* Kvar budde dei og kva yrke hadde Birger fram til 1950?

 

Eg takkar igjen so mykje for alle gode tips!

Det er store mangler i lysningsprotokollene for årene 1943-44, så jeg tror det blir vanskelig å finne vielsen.

 

Ang. Kjellaugs yrke.

 

Aftenposten 11-1-1941, annonse: Ortopedisk fotpleie med massasje ved hud- og fotpleiespesialisten Kjellaug Forseth, Arbina-Salongen, Damefrisør og kosmetisk institutt, Arbiensgt. 1 ved Drammensvn.

 

Aftenposten 27-6-1946: Medlemmer av Kosmetiske Hudspecialisters Forbund: Kjellaug Forseth Bråten, Kirkegata 8, Drammen.

Hjarteleg takk til Carsten for siste innlegg!

 

Skal me tolka innførsli frå 1941 rett, var Birger og Kjellaug i 1941 enno ikkje gifte.  Men, eg har no vore i kontakt med dotter deira, og ho påstår at foreldri gifte seg i Saksumdalen so tidleg som i 1938!

 

Eg får òg opplyst at Birger Bråten sine foreldri kjøpte garden Nygardsenga i Saksumdalen, Fåberg og  at Birger voks opp der!  Her er konfirmasjonen hans frå 1929: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=65411&idx_id=65411&uid=ny&idx_side=-72

 

Eg finn ikkje noki vigsle i klokkarboki for Saksumdalen...

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.