Gå til innhold
Arkivverket

SF; Gloppen: Peder Haraldson Hauge sine born og kone(r)


Harald L. Bakke
 Del

Recommended Posts

Peder Haraldson Hauge var gardbrukar på Indre Hauge i Gloppen iflg kyrkjeboka  d. 102 år gl. 1715,  gift 1. med Magnhild Abrahamsdtr. d. 1691 og 2. med Brite Olsdtr. d. 1706

 

Han hadde borna Abraham, Jacob, Brite og Samuel  - dei har eg "kontroll på"

Men så er det dei andre borna som bygdeboka nemner:

 

- Malene Pedersdtr.  skal være gift i Bergen  - med kven ?
- Anne Pedersdtr. d.e.  skal være gift med ein Tor Olsson   - Kvar ?

- Mari Pedersdtr.  skal være død i 1706 og etterlet seg sonen Kornelius Korneliusson   - Kvar?

- Anne Pedersdtr. d.y  som skulle være gift i Nordland  - Kvar?

 

Desse vil eg tru er fødde mellom 1650 og 1680  eg har ikkje funne nokon som eg kan tenke meg er desse personane.

 

Eg reiknar med at det er utfrå eit skifte i slekta desse opplysningane om deira eksistens er henta utan at eg kan seie kvar og om det evt. der står meir opplysningar om desse.

 

Endret av Harald L. Bakke
Lenke til kommentar
Del på andre sider

No ser eg at det er skifte etter 2. kona Brite Olsdtr. og der står det "deris sammen aflede børn"   og så er barna Abraham Pedersen Tystad, Mallene Pedersdatter gift i Bergen, Mari (og hennar son Cornelius), Anne gm. Tore Olsen, Anne Pedersd. gift i Nordland  og Brite Pedersd. alle nemnde

Eg klarar ikkje tyde alt men ser at Tore Olsen indrehauge er nemnd, det er vel han som er gift med Anne den eldste og dermed er vel dei busette på Indre Hauge og han er verje for svigessystrene Anne i Nordland og Brite.

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Nordfjord sorenskriveri, Skifteprotokoll A 3 , 1704-1706, oppb: Statsarkivet i Bergen.

Merknader: Register 1704 fol. 84, 1705 fol. 274, 1706 fol. 380.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24218/361/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20081127690553.jpg

 

Men då stiller eg spørsmål til ekteskapa til Peder Haraldson som er oppgjedde i bygdeboka:

I og med at det står "deris sammenaflede børn"  og borna er nemnde med namn som over må borna være Brite Olsdtr. sine og ikkje Magnhild Abrahamsdtr. sine, eller har skrivaren rota det itl her ?

 

Magnhild (fyrste kona) er innført i lista over gravlagde 1691 i kyrkjeboka som Peder Houges qv. Magnilde  gl: 63 1/2 aar

 

Er ho kansje kona til ein annan Peder Hauge og bygdeboka har trudd at det var Peder Haraldson?

Må legge til at eg IKKJE har funne ekteskap inngått mellom Peder Haraldson og Brite Olsdtr. etter 1691.

Endret av Harald L. Bakke
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Aller fyrst; Eg har konkludert som du når det gjeld Magnhild - ho må vere ein anna Peder si kvinne, dersom borna i skiftet i 1706 skal vere "sammen avlede". Der var ein Peder på Ytre Hauge og.

 

Det er 6 born i skiftet; ein son, Abraham Tystad, etter alder i 1701 fødd midt på 1650-talet, og 5 døtre - Malene, gift i Bergen, avdøde Mari som etterlet seg sonen Kornelius Korneliusson, Anne, gift med Lars Olsson som er til stades, Anne nr 2 som er gift i Nordland, og Brite, gift med Lars Olsson Indre Hauge. Etter alder ved død skal ho vere fødd på siste halvdel av 1660-talet. Der er ikkje spor etter andre born seinare i skiftet.

 

Etter manntalet i 1666 skal Peder ha tre søner - Abraham 9 år, Jakob 4 år, og Samuel 1 år. Samuel finn vi død i 1699, og Jakob må vere død ein gong mellom 1666 og 1706.

 

Som du ser, les eg LARS Olsson, ikkje Tore. Samanlikn med ordet "lovlig" så ser du kvifor. Og eg oppfattar det som at her er to ulike Lars Olsson.

 

Bygdeboka kallar neste brukar Lars Olsson HOLE, men han er i alle fall kalla Hauge både ved truloving og giftarmål, så kvar Hole-namnet skal kome frå veit ikkje eg.

 

- elles trur eg ikkje det er så godt å finne ut noko om "Malene i Bergen" og "Anne i Nordland" - men eg har leita litt rundt etter kva Lars Olsson som kan tenkjast å ha vore til stades, i tillegg til han på Indre-Hauge (utan å finne noko interessant). Kornelius Korneliusson er heller ikkje det vanlegaste namnet, men vi må truleg ut av Nordre Bergenhus (ikkje i 1701-tellinga); viss han då ikkje er under 5 år ved skiftet.

 

Og så, ein liten parentes om den angivelege fyrstekona Magnhild: Eg legg merke til dåpsbarnet Magnhild i 1692 - ho er eldste dotter til Jens Pederson Hauge, som er å finne under ytre Hauge.

 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.