Gå til innhold
Arkivverket

Karen Olsen, fødd 1895 - var 1939 "sinnsjuk" og busett i Oslo - lagnaden hennar?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg har i lengre tid slite med å finna lagnaden til denne jenta frå Sogn:

 

Karen Olsdotter (Solvorn)
kjend som Karen Olsen eller Karn Olsen

var fødd i Solvorn sokn i dåverande Hafslo 19.5.1895

Ho flytte i ung alder til Christiania og skal ha vore sjukehusarbeidar til ho sjølv vart sjuk og innlagd på ein eller annan institusjon.

Då far hennar døydde i Hafslo i 1939, står det følgjande kommentar om dotteri: "Karn Olsen, sinnsjuk, Oslo"

Ei brordotter i Hafslo fortel meg at då ein yngre bror av Karen døydde ugift i 1962, gjorde dei freistnader på å finna att Karen, men utan hell!

 

Eg har bede Statsarkivet i Oslo hjelpa meg, men dei skriv mellom anna følgjande:

 

"Statsarkivet i Oslo har undersøkt i kartotekene over sinnssyke registrert i Oslo hhv. Christiania fra årene 1925-1955 (Kilde: Fylkesmannen i Oslo og Akershus, Sosial- og helsevesen), dessverre uten å kunne finne opplysninger om ovenfor nevnte person.

Utover dette har Statsarkivet i Oslo foretatt oppslag i det elektroniske Folkeregisteret (fra og med 1978) uten å få treff på vedkommende. Når det gjelder Oslo folkeregister, så trenger Statsarkivet i Oslo et konkret år å forholde seg til (f.eks. dødsår). Uten denne opplysningen vil det være vanskelig å kunne spore opp gjeldende person. Dette fordi arkivmaterialet etter Oslo folkeregister er ordnet kronologisk for et år om gangen."

Om nokon greier løysa dette problemet med lanaden til Kaen, vlle både eg å slektingane henar verta svært so glade!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Berit for nytt innlegg!

 

Eg kan ikkje svara på om Karen kan ha butt i Asker eller Bærum.  Når det i indre Sogn vert sagt "Oslo", so KAN det godt vera noko unøyaktig, so eg vil ikkje utelukka nokon ting...

 

Det me veit sikkert, er at Karen var eldst av fleire søsken som flytte til "Oslo", og dei to neste finn me i den kommunale teljingi frå Christiania 1923:

 

* Ole Olsen, fødd 23.4.1897, budde 1923 i Sofienberggt. 10 - fødestad oppgjeven med SOLVORN

 

* Olina "Lina" Kulsrud (fødd Olsen), fødd 14.12.1898, var gift og budde 1923 i Pilestrædet 32 - fødestad oppgjeven med SOLVORN

 

Den neste av søskeni som flytte austover, var:

 

* Sigrid Olsen, fødd 2.5.1903, skal ifølgje mine kjelder vera flytt i 1920 til NEDRE EIKER der ho gifte seg i 1937 med Kristian Syvertsen frå Mjøndalen.

 

Kvar er so Karen i 1923?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

No har eg nettopp snakka med ein søsterson av Karen, som bur i Sogn, og han meiner ha høyrt at Karen vart sjuk i Oslo, men at ho vart heimatsend til Soløvorn og so derifrå til ein pleieheim anten i ytre Sogn (på Kyrkjebø?) eller i Bergen.  Dersom dette stemmer, er det merkeleg at dødsmeldingi i 1939 seier "Oslo", og at ingen av dei dålevande søskeni i 1962 visste kvar ho var...

 

Ei merkeleg sak dette...

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 5 måneder senere...

Ein sein, men like hjarteleg takk til Torbjørn for siste innlegget!

 

Eg er merksam på Tronvika, men trur ikkje det er mykje å henta der.

 

Eg er derimot ganske so overtydd om at Karen "Karn" Olsen må "gøyma seg" i eller nær Oslo, men det vil truleg berre vera eit lukketreff å komma over dette dødsfallet!?  Eller...?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.