Gå til innhold
Nasjonalarkivet

søk i kyrkjebok/ættebok Vossestrand


Recommended Posts

For nokre år sidan samla eg inn opplysningar om personar som var fødde i Voss prestegjeld, og innflytta til Kinn prestegjeld på 1800 talet. Det resulterte i ein blogg der eg har lagt ut informasjon om desse personane. https://vossaslekt.wordpress.com/
 
Målsettinga den gang, var å analysere koblinga mellom dei store haugianargruppene på Voss og i Kinn, men når eg først var i gang, samla eg inn opplysningar om alle innflyttarane frå Voss, uavhengig av tilknytning til haugianarane. Trudde eg.
 
No har eg fått eit tips om ei som eg ser ut til å ha blingsa på. Johanne Stephensdtr. Ho blir gift i Kinn i 1847, og det er då oppgitt at ho er fødd på Naasen i Voss prestegjeld.(garden Naasen ligg på Vossestrand) Far hennar er oppgitt å vere Stephen Rasmussen Naasen. Ho er då oppgitt å vere 32 år. Ho døyr i Kinn i 1851, og er då oppgitt å vere 36 år. Ho må då vere fødd kring 1815.

Eg har ikkje funne ho registrert i kyrkjebøkene for Voss verken som fødd, konfirmert eller utflytta (men eg kan fort ha oversett noko). Heller ikkje far hennar har eg funne noko spor av. Ætteboka for Vossestrand er godt nedpakka for tida, så der har eg ikkje fått sjekka noko. Eg har heller ikkje funne ho innflytta til Kinn.

 

I 1865 er det ein Erik Steffensen på Naasen, som fort kunna ha vore ein bror, men han har eg funne fødd i 1817, og far hans er Stephen Olsen Naasen, så med mindre det er noko feil i registreringa i Kinn, så er han sjekka ut av saka som brorsemne.

Når eg tidlegare heldt på med innsamlinga, kom eg over personar som i Kinn var registrert som fødde på Voss, men som viste seg å ikkje vere det, men var først innflytta til Voss, og seinare til Kinn. Det kan vere tilfelle her også.

Eg håpar at nokon kan gjere eit oppslag i ætteboka for meg, evt om nokon klarer å finne ho i kyrkjebøkene. (utruleg kva som dukkar opp når nok auge er på jagt)

Giftemålet i 1847
Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Kinn, Ministerialbok nr. A 9 (1841-1852), Ekteviede 1847, side 37.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6893&idx_id=6893&uid=ny&idx_side=-40
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070115310240.jpg

Gravfestina i 1851
Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Kinn, Ministerialbok nr. A 11 (1841-1855), Døde og begravede 1852, side 53.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6895&idx_id=6895&uid=ny&idx_side=-57
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070115310414.jpg

mvh Egil

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.