Gå til innhold
Arkivverket

Jo Visdals forfedrar


Øystein Hovdkinn
 Del

Recommended Posts

Bilethoggaren Jo Visdal var fødd på Nigard Visdal i Vågå i 1861. Foreldre var John Visdal ( som kom frå Sygard Valde) og Kari Johnsdotter Visdal. Kari var dotter av John Johannessen Visdal ( og Rønnog Jonsdotter Mo). John Johannessen Visdal var fødd 1801. Han må ha havt ein slektskapstilknytnad til Nigard Visdal, i og med ovanfor nemnde dotter Kari og svigersonen overtok Nigard Visdal, der den seinare

bilethoggaren vart fødd, som nemnt.

Men Eg har har problem med å rekkje slekti lenger attover, mao. kven var foreldri til John Johannessen Visdal fødd 1801. Iflg. folketeljing 1801 står Ole Johannessen oppført som eigar og gardbrukar på Nigard Visdal. Iflg. same folketeljing var Ole ugift, men av andre kjelder veit vi at han vart gift seinare same år med Rønnog Johnsdotter, truleg frå Nyrnes, der den yngre broren Amund tidlegare hadde funne kone.

Ole og Rønnog fekk minst 6 born. Av desse var 2 gutar, den heitte Johannes (fødd 1803), den andre John ( fødd 1809).

Ingen av desse to er å finne i folketeljing for Nigard Visdal 1865. Da står John Visdal og Kari som nemnt oppført som eigarpar. Den einaste som finst att av næraste familie åt Ole Johannessen er enkje og førrådskone Rønnog Johnsdotter, 91 år gamal, enkje etter Ole Johannessen må vi tru.

Men ikkje spor av dei seks ungane etter Ole Johannessen på Nigard Visdal i 1865. Kvar vart dei av?

Og kvar kom far til Kari Jonsdotter, før nemnde John Johannessen,frå?

 

Øystein Hovdkinn

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.