Gå til innhold
Arkivverket

Rasmus Villumson og Guri Knutsdotter frå Markhus i Os til LaSalle Co., IL - kven var dei?

Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Rasmus Villiumson (Tosseland) (1816) og Guro Knutsdotter (Aadland) (1826), vigde i Os 25.6.1848, var gardbrukarar på Markhus i Os og fekk i alle fall desse borni:

* Vilhelm - fødd i Os 31.3.1849

* Kristi - fødd i Os 24.2.1851

* Knut - fødd i Os 1.1.1853

* Barbro - fødd i Os 11.3.1855

Huslyden utvandra so til Amerika, og i 1860 finn me dei att som farmarar i Mission township, LaSalle Co., IL

WILLIAMSON, Rasmus  50  Nor  farmer

WILLIAMSON, Julia  30  Nor  wife

WILLIAMSON, Christiana  9  Nor  daughter

WILLIAMSON, Kanute  7  Nor  son

WILLIAMSON, William  4  Nor(!)  son

WILLIAMSON, Ann E  2  Nor(!)  daughter

Og 1870 same staden:

WILLIAMSON, Rasmus  56  Nor  farmer

WILLIAMSON, Julia  40  Nor  wife

WILLIAMSON, Canute  18  IL(!)  son

WILLIAMSON, Wm  14  IL(!)  son

WILLIAMSON, Elizabeth  12  IL  daughter

WILLIAMSON, Ann 10  IL  daughter

WILLIAMSON, Bertha  7  IL  daughter

WILLIAMSON, Nels  4  IL  son

Ifølgje vigsli frå 1848 heitte fedrene Villum Nilsson Tosseland og Knut Johannesson Aadland, og det ser ut til at i alle fall Rasmus hadde fleire søsken som utvandra svært tidleg:

Knut Villumson "Tysland", fødd 1809, skal ha utvandra i 1837, og

Anders Villumson, fødd 1828, utvandra òg før 1850.

Min interesse i denne huslyden er først og fremst følgjande:

I 1884 vart Christine Williamson utnemnd til "guardian" for den 6 år gamle Fredrikke Irgens, som då var foreldrelaus.  Faren Fredrik Irgens var avliden kort før Fredrikke var fødd, og ætti hans har me oversikt over.  MEN mori til Fredrikke, Anna f. Brewick (1852-1883), KAN ha vore i slekt med Christine Williamson?

Anna f. Brewick var dotter av Haldor Paulson Brevig alias Henry Brewick (1822-1897), som utvandra i 1846 frå Hjelmeland i Ryfylke, men mor til Anna er ukjend.  Ho er i ulike kjelder omskrivi som Caroline Rasmussen eller som Susanna/Synneva Johnson, og eg freister finna kva sambandet kan ha vore mellom Mrs. Brewick og Christine Williamson!  Kanskje er Mrs. Williamson ei søster av Guro Knutsdotter Aadland?

Det kunne elles vore kjekt med eit visst oversyn over både Tosseland-ætti og Aadland-ætti, særleg med fokus på dei som utvandra til Amerika!

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Knud Johannesen Aadland ble gift 28.06.1807 i Os med enken Barbroe Thomasdatter Reigstad:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/vi/person/pv00000000210482

Anna, 1808

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/dp/person/pd00000006947661

Hordaland fylke, Os, Ministerialbok nr. A 12 (1816-1825), Konfirmerte 1823, side 253. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11623&idx_id=11623&uid=ny&idx_side=-158
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070514680042.jpg

Brita, datter av Knut Reistad??? - konfirmert 1826, 14 1/2 år (født 1811-1812)

Hordaland fylke, Os, Ministerialbok nr. A 14 (1826-1839), Konfirmerte 1826, side 124. 

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11625&idx_id=11625&uid=ny&idx_side=-133
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070514680230.jpg

Ingeborg, 1817

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:NCGF-KBM

Tommas, 1822

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:NCGJ-1SQ

Thomas Knudsen Aadland i 1865: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038238003307

Sigri, 1824

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:NWP4-5FJ

Guro, 1826

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:NWP4-5FJ

Johannes, 1830

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:NWPH-W2Z

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for ei fin oversikt over ætti frå Aadland.  Det kan sjå ut som det meste av denne ætti vart buande i Os, eller kanskje utvandra dei seinare?

Eg trur det hadde vore ein stor fordel med ein "konsultasjon" av bygdebøkene for Os for å sjå kva som står der.  Det er heilt klart at Rasmus må ha hatt fleire nære slektningar (søsken?) som utvandra svært tidleg!?

Kanskje Terje Hatvik får auge på dette emnet?

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Vet ikke om du har dette fra før, men her er skifte etter Willum Nilsen Tøsseland i 1834 Kildeinformasjon: Hordaland fylke, Hardanger og Voss sorenskriveri, Lyseklostergods tinglag, Skifteprotokoll Ab 1 , 1800-1838, oppb: Statsarkivet i Bergen.

Merknader: Register. Dødsmeldingar, sjå tilvisingar fol. 595a.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24124/496/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20081120650498.jpg

Han etterlot seg enke og 9 barn.

Gårdene Tysseland og Markhus finner du nok omtalt i bygdebøkene for hhv Samnanger og Strandvik.

Samnangerboka er digitalisert og ligger på nb.no http://www.nb.no/nbsok/nb/7e205821a0c07be6e045b4d3c7a28dec.nbdigital?lang=no#721

Familien er omtalt på s 719ff

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars J. for spennande innlegg!

Eg ser at dette skiftet vart halde før nokon av borni utvandra til Amerika, so det vert spennande å sjå kva bygdeboki seier om dei.

Diverre er eg ikkje i stand til å opna denne boki, då eg sit i utlandet...  Men kanskje einkvan kan senda meg den mest relevante teksten?

Med venleg helsing,

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

De av barna som ifølge bygdeboka emigrerte var (utvandringsår i parentes)

Knut f. 1808 (1837)

Anna f. ? g.m. Nils Larsson Frøland

Kari f. 1812 (1852)

Rasmus

Villum f. 1822, g. 1864 med Seselia Johannesdtr. Tveit (1853 og 1864)

I tillegg emigerte et barnebarn av  Villum, Nils Nilsen Tysseland f. 1837 (1864)

Han var gift to ganger, 1. Martha Hansdtr. Nordvik i 1860, 2. Barbra Torgilsdtr. Frøland i 1871. Han var prest I South Dakota og hadde 10 barn.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars J. for spennande og interessante opplysningar!

Det eg forundrer meg over, er at bygdeboki tydeleg ikkje har fleire opplysningar om Rasmus Villumson og kona hans?  Kan dei ha butt ein annan stad i Noreg før dei utvandra?  Frå Amerika ligg det føre eit notat som hevdar at sonen William (fødd 1856) skal vera fødd på VOSS!?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Villum ble døpt i Fusa 1.juni 1856
Kildeinformasjon: Hordaland fylke, Fusa, Ministerialbok nr. A 1I (1855-1879), Fødte og døpte 1856, side 13.
Permanent sidelenke:http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=7007&idx_id=7007&idx_listetype=dp&idx_kjonn=&uid=ny&idx_side=-9
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20061229610212.jpg

Som du har skrevet tidligere var de bosatt på Markhus, og var også bosatt der da de emigrerte.
Kildeinformasjon: Hordaland fylke, Fusa, Ministerialbok nr. A 1II (1855-1879), Inn- og utflyttede 1857, side 474.
Permanent sidelenke:http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=7008&idx_id=7008&uid=ny&idx_side=-87
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20061229610620.jpg

Utflyttingslisten viser også en Villum Knudsen Markhus, 21 år,  som reiste samtidig. Kanskje en slektning?

Endret av Lars Johannessen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

teleg taklk til Lars J. for eit nytt interessant innlegg!

So var altso Villum (1856) likevel fødd i Fusa, og huslyden utvandra i 1857.

Etter at eg no har fått eit ganske so bra oversyn over huslyden til Rasmus Villumson og kona hans, kan eg ikkje sjå noko samband mellom denne ætti og huslyden til Haldor "Henry" Brewick frå Hjelmeland, so dette problemet trur eg rett og slett me lyt lata liggja.  Kanskje ein dag dukkar det opp nye opplysningar som kan forklara sambandet...  Det KAN jo sjølvsagt òg dreia seg om vanleg godt venskap eller naboskap...!

Nok ein gong takkar eg for dei mange fine bidragi i denne debatten!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Villum ble døpt i Fusa 1.juni 1856

Kildeinformasjon: Hordaland fylke, Fusa, Ministerialbok nr. A 1I (1855-1879), Fødte og døpte 1856, side 13.

Permanent sidelenke:http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=7007&idx_id=7007&idx_listetype=dp&idx_kjonn=&uid=ny&idx_side=-9

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20061229610212.jpg

Som du har skrevet tidligere var de bosatt på Markhus, og var også bosatt der da de emigrerte.

Kildeinformasjon: Hordaland fylke, Fusa, Ministerialbok nr. A 1II (1855-1879), Inn- og utflyttede 1857, side 474.

Permanent sidelenke:http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=7008&idx_id=7008&uid=ny&idx_side=-87

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20061229610620.jpg

Utflyttingslisten viser også en Villum Knudsen Markhus, 21 år, som reiste samtidig. Kanskje en slektning?

Siden Lars har bede meg sjå litt på denne huslyden så kan eg bidra med følgjande:

henta frå band 1 av Bygdesoga for Samnanger, 1930, Garden Tysseland (Tøsseland):

(Alle gardane i Samnanger sokn av Ous Prgjld., no Samnanger kommune, så sant ikkje anna er nemnt.)

Villum Nilsson Tysseland, f. på Reistad (1767 - 1834) var brukar her frå 1797 til han kom bort på sjøen i 1834.

G. 1798 med Kristi Knutsdtr. Tysse (1776 - 1867).

Born:

a. Anna f. 1799/1800, g. 1825 m. Nils Larsson Frøland, til USA i 1837.

(Anna er nemnt som 'eldste datter, 34 aar', i skiftet etter faren Villum i 1834).

b. Elisabeth, f. 1801, g. 1827 Knut Rasmussen ytre Tysse.

c. Nils, f. 1802, g. 1828 Sesilia Nilsdtr. Børdal, overtok garden i 1834 og dreiv han til midt på 1870-talet.

d. Christi, f. 1806, g. 1830 Knut Engjelson Markhus, til Markhus i Fusa.

e. Knut, f. 1808, ug., til USA i 1837 samstundes med søstra Anna og mannen hennar.

f. Kari, f. 1812, ug., til USA i 1852.

g. Rasmus, f. 1815, g. 1848 Guro Knutsdtr. Ådland, til Markhus i Fusa 1848, til USA i 1857.

h. Brita, f. 1817, d. ug 1837.

i. Villum, f. 1822, til USA i 1853, men kom att etter nokre år og vart g. 1864 med Sesilia Johannesdtr. Tveit.

Han og kona fór straks over til USA i 1864.

-------------------------------------------------------------

Rasmus Villiumson (Tosseland) (1816) og Guro Knutsdotter (Aadland) (1826), vigde i Os 25.6.1848, var gardbrukarar på Markhus i Os og fekk i alle fall desse borni:

* Vilhelm - fødd i Os 31.3.1849

* Kristi - fødd i Os 24.2.1851

* Knut - fødd i Os 1.1.1853

* Barbro - fødd i Os 11.3.1855

Huslyden utvandra so til Amerika, og i 1860 finn me dei att som farmarar i Mission township, LaSalle Co., IL

WILLIAMSON, Rasmus 50 Nor farmer

WILLIAMSON, Julia 30 Nor wife

WILLIAMSON, Christiana 9 Nor daughter

WILLIAMSON, Kanute 7 Nor son

WILLIAMSON, William 4 Nor(!) son

WILLIAMSON, Ann E 2 Nor(!) daughter

-----------------------------------------------------------

Rasmus Villumson Tøsseland og kona Guro Knutsdtr. bygsla bruk 2 av garden Markhus i Strandvik sokn i Fusa (Fusa kommune) av Rasmus sin svoger, Knut Engjelson Markhus, den 02. oktober 1848. Knut hadde sjølv bruk 1 på Markhus. Dei dreiv dette bruket til dei sa opp bygsla og utvandra til USA i 1857 (den 23. april 1857).

Medan dei var i Fusa (Strandvik) fekk dei desse borna:

a. Vilhelm, f. 1849, d.1855

b. Kristi, f. 1851

c. Knut, f. 1853

d. Barbro, f. 1855, d. 1855

e. Vilhelm, f. 1856

Endret av Terje Hatvik
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Utflyttingslisten viser også en Villum Knudsen Markhus, 21 år,  som reiste samtidig. Kanskje en slektning?
 
- Jepp, det er ein son av Knut Engjelson og Kristi Villumsdtr. på Markhus, mao. Rasmus Villumson sin vaksne systerson. :)

Endret av Terje Hatvik
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Terje for eit fyldigt og spennande oversyn over denne huslyden.

Settlementet som dei busette seg i, LaSalle Co., IL, er på fleire vis òg svært so spennande.  Det ser nemlig ut til at mange av dei tidlege utvandrarane IKKJE høyrde til den norsk-lutherske kyrkja, og eg har stundom vanskar med å finna kyrkjebøker der dei er nemnde.  Kanskje var nokon av dei kvekarar?  Eller metodistar?  Tja, kven veit?

Eg takkar nok ein gong for alle innspeli i dette emnet!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 måneder senere...

Sitat frå innlegg # 1 her:

"I 1884 vart Christine Williamson utnemnd til "guardian" for den 6 år gamle Fredrikke Irgens, som då var foreldrelaus.  Faren Fredrik Irgens var avliden kort før Fredrikke var fødd, og ætti hans har me oversikt over.  MEN mori til Fredrikke, Anna f. Brewick (1852-1883), KAN ha vore i slekt med Christine Williamson?

Anna f. Brewick var dotter av Haldor Paulson Brevig alias Henry Brewick (1822-1897), som utvandra i 1846 frå Hjelmeland i Ryfylke, men mor til Anna er ukjend.  Ho er i ulike kjelder omskrivi som Caroline Rasmussen eller som Susanna/Synneva Johnson, og eg freister finna kva sambandet kan ha vore mellom Mrs. Brewick og Christine Williamson!  Kanskje er Mrs. Williamson ei søster av Guro Knutsdotter Aadland?"

Dersom mora til Anna Brewick (1852 - 1883) var ei rasmussen/ rasmusdotter, så kan ho vera ein slektning av Knut Rasmussen ytre Tysse (Tøsse) som i 1827 vart gift med Rasmus Villumson si storesyster, Elisabeth Villumsdotter. Kanskje det er slik det heng i hop?? Jamfør elles det som før er skrive om denne familien.

"henta frå band 1 av Bygdesoga for Samnanger, 1930, Garden Tysseland (Tøsseland):

(Alle gardane i Samnanger sokn av Ous Prgjld., no Samnanger kommune, så sant ikkje anna er nemnt.)

Villum Nilsson Tysseland, f. på Reistad (1767 - 1834) var brukar her frå 1797 til han kom bort på sjøen i 1834. G. 1798 med Kristi Knutsdtr. Tysse (1776 - 1867).

Born:

a. Anna f. 1799/1800, g. 1825 m. Nils Larsson Frøland, til USA i 1837.

(Anna er nemnt som 'eldste datter, 34 aar', i skiftet etter faren Villum i 1834).

b. Elisabeth, f. 1801, g. 1827 Knut Rasmussen ytre Tysse.

c. Nils, f. 1802, g. 1828 Sesilia Nilsdtr. Børdal, overtok garden i 1834 og dreiv han til midt på 1870-talet.

d. Christi, f. 1806, g. 1830 Knut Engjelson Markhus, til Markhus i Fusa.

e. Knut, f. 1808, ug., til USA i 1837 samstundes med søstra Anna og mannen hennar.

f. Kari, f. 1812, ug., til USA i 1852.

g. Rasmus, f. 1815, g. 1848 Guro Knutsdtr. Ådland, til Markhus i Fusa 1848, til USA i 1857.

h. Brita, f. 1817, d. ug 1837.

i. Villum, f. 1822, til USA i 1853, men kom att etter nokre år og vart g. 1864 med Sesilia Johannesdtr. Tveit.

Han og kona fór straks over til USA i 1864."

Endret av Terje Hatvik
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Sitat frå innlegg # 1 her:

"I 1884 vart Christine Williamson utnemnd til "guardian" for den 6 år gamle Fredrikke Irgens, som då var foreldrelaus. Faren Fredrik Irgens var avliden kort før Fredrikke var fødd, og ætti hans har me oversikt over. MEN mori til Fredrikke, Anna f. Brewick (1852-1883), KAN ha vore i slekt med Christine Williamson?

Anna f. Brewick var dotter av Haldor Paulson Brevig alias Henry Brewick (1822-1897), som utvandra i 1846 frå Hjelmeland i Ryfylke, men mor til Anna er ukjend. Ho er i ulike kjelder omskrivi som Caroline Rasmussen eller som Susanna/Synneva Johnson, og eg freister finna kva sambandet kan ha vore mellom Mrs. Brewick og Christine Williamson! Kanskje er Mrs. Williamson ei søster av Guro Knutsdotter Aadland?"

Dersom mora til Anna Brewick (1852 - 1883) var ei Rasmussen/ rasmusdotter, så kan ho vera ein slektning av Knut Rasmussen ytre Tysse (Tøsse) som i 1827 vart gift med Rasmus Villumson si storesyster, Elisabeth Villumsdotter.

Kanskje det er slik det heng i hop?? Jamfør elles det som før er skrive om denne familien.

"henta frå band 1 av Bygdesoga for Samnanger, 1930, Garden Tysseland (Tøsseland):

(Alle gardane i Samnanger sokn av Ous Prgjld., no Samnanger kommune, så sant ikkje anna er nemnt.)

Villum Nilsson Tysseland, f. på Reistad (1767 - 1834) var brukar her frå 1797 til han kom bort på sjøen i 1834. G. 1798 med Kristi Knutsdtr. Tysse (1776 - 1867).

Born:

a. Anna f. 1799/1800, g. 1825 m. Nils Larsson Frøland, til USA i 1837.

(Anna er nemnt som 'eldste datter, 34 aar', i skiftet etter faren Villum i 1834).

b. Elisabeth, f. 1801, g. 1827 Knut Rasmussen ytre Tysse.

c. Nils, f. 1802, g. 1828 Sesilia Nilsdtr. Børdal, overtok garden i 1834 og dreiv han til midt på 1870-talet.

d. Christi, f. 1806, g. 1830 Knut Engjelson Markhus, til Markhus i Fusa.

e. Knut, f. 1808, ug., til USA i 1837 samstundes med søstra Anna og mannen hennar.

f. Kari, f. 1812, ug., til USA i 1852.

g. Rasmus, f. 1815, g. 1848 Guro Knutsdtr. Ådland, til Markhus i Fusa 1848, til USA i 1857.

h. Brita, f. 1817, d. ug 1837.

i. Villum, f. 1822, til USA i 1853, men kom att etter nokre år og vart g. 1864 med Sesilia Johannesdtr. Tveit.

Han og kona fór straks over til USA i 1864."

Her er i alle høve denne huslyden til ekteparet Knut Rasmussen og Elisabeth Villumsdtr. på ytre Tysse (Tøsse) i Samnanger sokn ved FT for Os herad i 1865:

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038238004336

Knut Rasmussen og Elisabeth Villumsdtr. vart som allereie ovanfor nemnt vigde i Os i 1827, og såleis er det jo fullt mogeleg at dei kan ha fått ei dotter som då kan ha vore mor til den ovanfor omtala Anna Brewick, f. 1852.

I so fall var nok då Christiane Williamson (Markhus), f.1851, søskenborn til Fredrikke (Brewick) Irgens si mormor (- med eit atterhald om at eg no reknar rett på fingrane mine). :blink:

Endret av Terje Hatvik
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.