Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Pleiedatter,fosterdatter eller enslig losjerende


Recommended Posts

Ein "losjerande" budde til leige hjå nokon annan, utan at husverten hadde noko anna ansvar enn det som følgde av avtalen om å halde han/henne med tak over hovudet.

 

 

"Fostre" og "pleie" har ulikt opphav og ulik meining; men til vanleg vil du kunne oppleve at "fosterbarn" og "pleiebarn" kan vere brukt om kvarandre i om lag same innhald.

 

"Fostre" (og "fosterbarn/-son/-dotter/-far/-mor/-foreldre") kjem frå norrønt og har tydinga oppsede, syte for under oppveksten.

"Pleie" kjem frå (låg-)tysk med tydinga passe, stelle.

 

Det ser ut til at "pleiebarn" (og "-foreldre") vart nytta i det administrative språket i meiningar ta vare på, fostre opp, mot betaling (frå det offentlege eller frå (nærare) slektningar).

 

I dag har "pleiebarn/-foreldre" gått ut av bruk, og barnevernet skaffar "fosterforeldre" til barn som treng det. Og sidan fosterforeldre har betaling for innsatsen, er dei "pleieforeldre" etter ordbruken kring 1900.

Endret av Ivar S. Ertesvåg

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.