Gå til innhold
Arkivverket

Lars Rasmusson (1704-1761) - frå Urnes i Hafslo til kopparverket i Årdal - huslyden hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg er i dag vorten merksam på ein ny huslyd frå Hafslo, som busette seg i Årdal, men som eg diverre har minimalt med opplysningar om.  Borni ser ut til å "forsvinna" frå Årdal før 1760-åri, men kanskje einkvan med lokal "teft" er i stand til å spora nokre av dei likevel?

 

Her følgjer eit manuskriptutdrag:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Lars Rasmusson {Urnes}, f. {i Hafslo} kring 1704,

Lars Rasmusson flytte kring 1720 til Årdal der han 30.3.1728 gifte seg med enkja Elisabeth Olsdotter, opphavleg frå

 

¤¤¤¤¤ (opphavet hennar? – f. kring 1697?)

 

Elisabeth vart første gongen trulova i Årdal (vigselsdato vantar) 1.1.1717 med Thor Nilsson frå

 

¤¤¤¤¤ (opphavet hans? – f. kring 1692)

 

Thor var kring 1714 komen til Årdal som arbeidar på kopparverket, og han og Elisabeth budde

 

¤¤¤¤¤ (kvar i Årdal budde dei?)

 

Men Thor vart skadd under arbeid og vart gravlagd i Årdal 8.12.1726.  Ogso Lars Rasmusson arbeidde ved koparverket i Årdal til det vart nedlagd kring 173.  Sidan var han og Elisabeth rimelegvis husmannsfolk

 

¤¤¤¤¤ (kvar i Årdal budde dei?)

 

Lars d. i Årdal 29.4.1761, medan Elisabeth d. same staden 8.6.1761.  Elisabeth fekk minst ni born, fem frå første ekteskapet og fire frå det andre:

 

¤¤¤¤¤ (her manglar det nok fleire born – kanskje ei Gjertrud Larsdotter f. 1728? – andre?)

 

a. Ingrid Thorsdotter, døypt i Årdal 29.3.1717,

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnaden hennar?)

 

b. Nils Thorson, døpt i Årdal 5.3.1719, d.

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – Bergen før 1789?)

 

     Nils gifte seg i Årdal 1.1.1742 med Kirsti Einersdotter frå Brekka i Årdal, døypt i Årdal 24.6.1719.  Ho d.

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? – Bergen! – kan henda Nils Thorsens enkje Kirstine gravlagd St. Jørgen, Bergen 10.10.1789, 82 år gamal)

 

     Nils og Kirsti flytte i 1740-åri til Bergen der Nils livnærte seg som dragar.  Dei fekk minst seks born i lag.

 

     ¤¤¤¤¤ (sjekka borni?

            * Britha, døypt Årdal 9.12.1742, d. kort etter!

            * Britha, døypt Årdal 14.7.1744

            * Elisabeth, døypt Årdal 28.8.1747

            * Gjertrud Elisabeth, døypt DK, Bergen 14.12.1749 – gravl. St. Jørgen 11.4.1750

            * datter, f. DK, Bergen kring 1754 – gravl. ved Nøstet St. Jørgen 30.12.1757

            NB: fødde i DK manglar mellom 1750 og 1758!

            * Thor?, Døypt DK, Bergen ?.4.1758

            * son, gravlagd St. Jørgen 10.7.1765, 4 år og 6 mnd)

 

c. Anna Thorsdotter, døypt i Årdal 30.11.1721,

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnaden hennar?)

 

d. Martha Thorsdotter, f. i Årdal kring 1724,

 

     ¤¤¤¤¤ (nemnd fadder 1744!)

 

e. Thomas Thorson, f. i Årdal kring 1726,

 

     ¤¤¤¤¤ (nemnd fadder 1747! – eller kanskjeer dette feil for Thomas Thorson Hestetun, f. 1722?)

 

f. Thor Larsson, døypt i Årdal 26.3.1731,

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnaden hans? – ein Thor Larsson i ”passande” alder budde på Feten i Balestrand og vart gravlagd der 7.4.1806? – kan det vera han? – eller døydde Thor kort etter fødsli?)

 

g. Rasmus Larsson, døypt i Årdal 13.7.1732,

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnaden hans?)

 

h. Elisabeth Larsdotter, døypt i Årdal 4.12.1735,

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnaden hennar?)

 

i. Lars Larsson, døypt i Årdal 12.4.1739,

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnaden hans? – kan henda d. i Årdal 27.2.1763, 24 år gamal?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Når det gjelder Elisabet Olsd. Årebru.

 

På garden Årebru i Seimsdalen, so var det mangen som var innom denne garden i tida 1695 til 1812.

 

Fyrst ver det folk frå Eldegard, far pluss to søner. Elisabet var dotter av fyrste son som hadde Årebru.

Det såg som ut denne slekti skulle få fotfeste her. Etter at farbror til Elisabet døydde så kom Årebru under

Nye folk! Kem var det? Jau,  Erik Klemetsen, han var nokre år på Årebru. Erik kom her omr. 1727.

Så gjekk det slag i slag....Neste var Bottel Tomassen Seim omk 1740, Ole Olssen Røti Ve, Hermund Pedersen Nørøyni Øvstetun

og Finn Tørrissen Ospeteigen.

Då er me komen fram til ca. 1812. Sia er det samme slekti fram til idag.

 

Kvar kunne Elisabet ha budd med sine ektemenn? Som kona til to gruvearbeidare så er det mest truleg dei  budde i Øvre Årdal.

Dei kunne også bu på garden Årebru, eg trur det var mindre problemer å reise til arbeid då mens dei hadde Årdalsvatnet å fara på.

 

Kvar dei hadde heim, er ikkje godt å seie, då kjeldene omtrent seier ingen ting.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fantastisk, Terje! Ikke bare er du genealog med stor lokalkunnskap, du er også utrolig flink til å formidle kunnskapen og historien om Årebru og folkene der!  :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Terje og Grethe for nye spennande innlegg!

 

Eg er ogso imponert over kunnskapen din, Terje, om garden Årebru i Seimsdalen, men eg forstår ikkje heilt kven som var far til Elisabeth Olsdotter?  Meiner du at far hennar var bror av Ingebrigt Johannesson som ifølgje Laberg døydde på Årebru i 1727?  Knut Bryn skriv ein stad at det var tre jenter med same namn som levde om lag på same tid!

 

Eg finn det eller svært so spennande at Erik Clemmetson var den Erik som dreiv Årebru frå kring 1727 til kring 1740.  Kan eg få spørja deg kva kjelda di er for denne opplysningi?

 

So attende til Lars Rasmusson og kona Elisabeth Olsdotter!  Knut Bryn skriv i ein kommentar at Elisabeth er skrivi Farnes då ho vart introdusert etter barnefødslene i 1731, 1736 og 1739, so eg vil tru dei må ha butt på Farnes i Øvre Årdal!

 

Nok ein going vil eg få retta ein kjempetakk for alle gode tips om denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...

Eg har diverre ikkje fleire fakta å by på, men vil i kveld gjerne få henta dette emnet fram att frå gløymsli.

 

Eg trur det må vera fleire opplysningar å finna om denne huslyden og vonar på hjelp...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 7 måneder senere...

Nokre nye opplysningar er no komne "på bordet" om denne huslyden i Årdal, og eg vil gjerne få syna fram eit oppdatert manuskript.  Kanskje er det mogeleg å finna fleire detaljar?

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Lars Rasmusson {Urnes}, f. {i Hafslo} kring 1704,

Lars Rasmusson flytte kring 1720 til Årdal der han 30.3.1728 gifte seg med enkja Elisabeth Olsdotter, opphavleg frå

 

¤¤¤¤¤ (opphavet hennar? – f. kring 1697?)

 

Elisabeth vart første gongen trulova i Årdal (vigselsdato vantar) 1.1.1717 med Thor Nilsson frå

 

¤¤¤¤¤ (opphavet hans? – f. kring 1694)

 

Thor var kring 1714 komen til Årdal som arbeidar på kopparverket, der han sidan vart smed, og han og Elisabeth budde truleg på Farnes i øvre Årdal.  Men Thor vart skadd under arbeid og vart gravlagd i Årdal 8.12.1726.  Ogso Lars Rasmusson arbeidde ved kopparverket i Årdal til det vart mellombels nedlagd kring 173. 

 

¤¤¤¤¤ (årstalet?)

 

Sidan var han og Elisabeth rimelegvis husmannsfolk

 

¤¤¤¤¤ (kvar i Årdal budde dei? - Årebru?)

 

Lars d. i Årdal 29.4.1761, medan Elisabeth d. same staden 8.6.1761.  Elisabeth fekk truleg ti born, fem frå kvart av ekteskapi:

 

¤¤¤¤¤ (sjekka dette!? – NB: Thor Nilsson hadde i 1726 forsørgjarbyrd på FIRE – dvs kone og tre born?)

 

a. Ingrid Thorsdotter, døypt i Årdal 29.3.1717,

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnaden hennar?)

 

b. Nils Thorson, døpt i Årdal 5.3.1719, d.

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – Bergen før 1789?)

 

     Nils gifte seg i Årdal 1.1.1742 med Kirsti Einersdotter frå Brekka i Årdal, døypt i Årdal 24.6.1719.  Ho d.

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? – Bergen! – kan henda Nils Thorsens enkje Kirstine gravlagd St. Jørgen, Bergen 10.10.1789, 82 år gamal)

 

     Nils og Kirsti flytte i 1740-åri til Bergen der Nils livnærte seg som dragar.  Dei fekk minst seks born i lag.

 

     ¤¤¤¤¤ (sjekka borni?

            * Britha, døypt Årdal 9.12.1742, d. kort etter!

            * Britha, døypt Årdal 14.7.1744

            * Elisabeth, døypt Årdal 28.8.1747

            * Gjertrud Elisabeth, døypt DK, Bergen 14.12.1749 – gravl. St. Jørgen 11.4.1750

            * datter, f. DK, Bergen kring 1754 – gravl. ved Nøstet St. Jørgen 30.12.1757

            NB: fødde i DK manglar mellom 1750 og 1758!

            * Thor?, Døypt DK, Bergen ?.4.1758

            * son, gravlagd St. Jørgen 10.7.1765, 4 år og 6 mnd)

 

c. Anna Thorsdotter, døypt i Årdal 30.11.1721,

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnaden hennar?)

 

d. Martha Thorsdotter (1723-1800), vart gift med husmann Haaver Hermundson i Haugen 1 i Kinserdalen under Urnes (1717-1799) (s.d.).

e. Thomas Thorson, f. i Årdal kring 1725,

 

     ¤¤¤¤¤ (nemnd fadder 1747! – eller kanskje er dette feil for Thomas Thorson Hestetun, f. 1722?)

 

f. Gjertrud Larsdotter, f. i Årdal kring 1728,

 

     ¤¤¤¤¤ (sjekka om Gjertrud høyrer heime her?)

 

g. Thor Larsson, døypt i Årdal 26.3.1731, d. truleg kort etter fødsli.

h. Rasmus Larsson, døypt i Årdal 13.7.1732,

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnaden hans?)

 

i. Elisabeth Larsdotter, døypt i Årdal 4.12.1735,

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnaden hennar?)

 

j. Lars Larsson, døypt i Årdal 12.4.1739,

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnaden hans? – kan henda d. i Årdal 27.2.1763, 24 år gamal?)

 

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar på ny so mykje for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...

Her er noen kommentarer og tilleggsopplysninger til omtalen av Lars Rasmussen.

 

1) Lars begynte som løsarbeider ved Årdal kopperverk i 1727 og må regnes som ansatt fra 1728. Hva han gjorde i perioden 1720-1727, vet jeg ikke, men har grunn til å tro at han bodde på Øvsttun i 1726. Der kan han evt. ha hatt tjeneste hos sin mors halvbror Ole Hermundsen Øvsttun. Lars og Elisabet bodde på Farnes, - i alle fall til 1739. Da ble nemlig Eilsabet introdusert med navnet "Lisbett Farnes".

 

2) Driften ved Årdal kopperverk ble innstilt omtrent ved årsskiftet 1734/1735.

 

3) Jeg har ikke funnet dåpen av Marta Torsdatter (f.1723), men jeg kan jo kanskje ha oversett noe? Jeg ser imidlertid at en "Marite Thorsd." ble konfirmert i september 1739, men om hun kan knyttes til Tor Nilsen, har jeg ikke belegg for å si.

 

4) Jeg har heller ikke funnet dåpen av Thomas Torsen (f.ca.1725), - i hvertfall ikke som sønn av Thor Nilsen. Den 7. april 1722 hadde imidlertid Tore Håvardsen Hestetun sønnen Thomas til dåpen.

 

5) Gjertrud Larsdatter har jeg heller ikke funnet dåpen av. Jeg ser at en "Giertru Larsd." er tjenestejente på Lægreid i Årdal i 1763, men jeg har ikke noe belegg for å knytte henne til Lars Rasmussen.

 

6) Jeg vet ikke noe sikkert om skjebnen til Rasmus Larsen, men det var en husmann under Hofland i Årdal ved tellingen i 1763.

 

7) Jeg vet heller ikke noe sikkert om skjebnen til Elisabet Larsdatter, men en "Lisbet Larsd." var tjenestejente på Midttun i 1763.

 

 

 

 

 

Endret av Knut Bryn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Knut for siste innlegg med interessante kommentarar om denne huslyden!

 

Eg har studert opplysningane og vil gjerne komma med nokre nye kommentarar:

 

3) Martha Thorsdotter veit me har «eksistert», og det er nok ho som vart konfirmert i Årdal i 1739.

 

4) Derimot er eg meir i tvil når det gjeld Thomas Thorson.  Han er nemnd som faddar for eitt av borni til Nils Thorson i 1747, men so har me denne Thomas Thorson Hestetun som er fødd nokre år før, og det KAN godt tenkjast det var han som var faddar...

 

5) Gjertrud Larsdotter er eit namn som eg meiner må ha «eksistert» i denne huslyden, om ein ser på oppkallingsvanane og det lange opne tidsrommet utan andre born.  Denne Gjertrud som i 1763 tente på Lægreid, er ein svært so god «kandidat», men ho er korkje gift eller avlidi i Årdal, so ho er truleg flytt frå Årdal etter 1763!

 

6) Husmannen under Hovland vil eg tru er ei feilskriving for Rasmus Olson, som me veit var gift med ei Metta Olsdotter.  Rasmus Olson døydde i Årdal 4.3.1769, 69 år gamal, medan Metta Olsdotter var 76 år gamal då ho døydde i Årdal 13.5.1773.  So, dersom Rasmus Larsson voks opp, må han vera flytt frå Årdal før 1763, og han er korkje gift eller avliden der etter 1752!

 

7) Lisbeth Larsdotter som i 1763 tente under Midtun, er eg nesten sikker på må vera «vår» Elisabeth Larsdotter, men heller ikkje ho er vigd eller avlidi i Årdal, so ho er truleg flytt frå bygdi etter 1763!

 

Soleis sit me att med fleire søsken her som berre «forsvinn», Gjertrud, Rasmus og Elisabeth, og det vert nok vanskeleg å spora dei opp, men eg har ikkje lyst til å gje meg på dette enno.  Ein eller annan stad må dei ha gjort av seg, og eg takkar på ny so mykje for alle gode tips!

 

 

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har søkt litt etter dei tre sakna borni etter Lars Rasmusson og finn ei spennande vigsle - i Kvinnherad:

 

Engelbrigt Olson Bergmand og Lisbet Larsdotter - vigde 26.12.1765:

 

Kildeinformasjon: Hordaland fylke, Kvinnherad, Ministerialbok nr. A 3 (1754-1777), Kronologisk liste 1765, side 246-247.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11552&idx_id=11552&uid=ny&idx_side=-127
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070510660257.jpg

 

Og mannskapslista frå Lilledals kopparverk 1764-1767 syner ein Ingebrigt Olson mellom arbeidarane der!

 

Ikkje berre mistenker eg Lisbet for å vera dotter av Lars Rasmusson på Farnes og døypt i Årdal 4.12.1735, men kan Ingebrigt Olson vera døypt i Årdal 24.3.1727 som son av (bergverksarbeidar?) Ole Ingebrigtson på Farnes og kona Elisabeth Johnsdotter?

 

So vidt eg kan sjå, fekk Ingebrigt og Elisabeth i alle fall ei dotter i lag:

 

* Anna Ingebrigtsdotter, døypt i Ølve sokn 21.9.1766 av bergmand Ingebrigt Wingelen og kone

 

Lista over «døde og bortreiste bergmend» på Lilledal syner òg Ingebrigt Olson Wingelen!

 

Kildeinformasjon: Hordaland fylke, Kvinnherad, Ministerialbok nr. A 3 (1754-1777), Kronologisk liste 1766, side 260-261.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11552&idx_id=11552&uid=ny&idx_side=-134
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070510660264.jpg

 

Mellom fadrane var Ole Aamundson Lyster og Ole Olson Bergmand...

 

Ingebrigt Olson er kan henda den same som den Ingebrigt Olson som 28.10.1754 gifte seg i Årdal med ei Anna Andersdotter?

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Lærdal, Ministerialbok nr. A 2 (1752-1782), Ekteviede 1754, side 216.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11594&idx_id=11594&uid=ny&idx_side=-218
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070514620286.jpg

 

Om denne Anna døydde før 1765, ville det forklara at Ingebrigt og Elisabeth fekk ei dotter med namn Anna...

 

Elles var det i 1763 ein person i Årdal med namn Ingebrigt Olson.  Han var husmann under Øfstetun og vart gift i Årdal 7.10.1754 med ei Britha Olsdotter, som ifølgje ekstraskattmanntalet døydde der 28.12.1762!  Hmmm...

 

Kyrkjeboki for Årdal syner at:

 

Ingebrigt Olson og Britha Olsdotter fekk ein son:

 

* Ole Ingebrigtson, fødd i Årdal 14.6.1754

 

Ingebrigt Olson og Anna Andersdotter fekk tre born:

 

* Gjertrud Ingebrigtsdotter, fødd i Årdal 6.11.1755

 

* Anders Ingebrigtson, fødd i Årdal 29.9.1758

 

* Ole Ingebrigtson, fødd i Årdal 8.6.1761

 

Ingebrigt Olson og Anna Andersdotter må soleis vera farne frå Årdal i 1761 eller 1762 - kan henda til Kvinnherad?

 

Spennande huslyd dette!  Er det mogeleg å finna ut noko meir om dei?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg hadde i aftes ein interessant samtale med Knut Bryn, og ha gjorde meg merksam på fleire detaljar som er viktige når det gjeld spørsmåli kring Elisabeth Larsdotter og mannen Ingebrigt Olson!

 

* For det første er Ingebrigt Olson og Anna Andersdotter likevel busette i Årdal i 1763, som plassfolk under garden Hovland, men dei forsvinn kort tid etter.

 

* Den Ingebrigt Olson som 7.10.1754 gifte seg i Årdal med Britha Olsdotter, arbeidde ved kopparverket i Årdal og vart ganske sikkert døypt i Årdal 24.3.1727 som son av bergverksarbeidar Ole Ingebrigtson på Farnes og kona Elisabeth Johnsdotter.  Britha døydde i 1762, og eg trur det må vera han som 26.12.1765 gifte seg i Kvinnherad med Elisabeth Larsdotter og som jobba på kopparverketv i Lilledal 1764-1767.

 

* Ingebrigt Wingelen fekk dotteri Anna i Kvinnherad i 1766, men Knut Bryn fann introduksjonen til mori noko seinare same år, og då heitte ho Karen Hansdotter!  Og eg har skrive feil då eg nemner Ingebrigt Wingelen med farsnamn Ole ovanfor!  Ingebrigt Wingelen var òg innom Årdal kring 1757, men ingen stader er han omskriven som Olson, berre som «Ingebrigt Wingelen», og dette Wingelen-namnet synest ha tilknytting til Røros eller Tolga.

 

Det ser etter dette ut til at me har løyst problemet kring lagnaden til Elisabeth Larsdotter og kven ho var gift med.  Me kjenner altso ikkje til born etter Ingebrigt Olson og Elisabeth Larsdotter, men han hadde ein son frå første ekteskapet sitt med Britha Olsdotter i Årdal, Ole Ingebrigtson, fødd 14.6.1754, og han finn me her:

 

Ole Ingebrigtson Grandalen, gift 25.7.1778 i Ølve, Kvinnherad med ei Martha Israelsdotter (øvst på høgre side!):

 

Kildeinformasjon: Hordaland fylke, Kvinnherad, Ministerialbok nr. A 4 (1778-1811), Kronologisk liste 1778, side 10-11.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11553&idx_id=11553&uid=ny&idx_side=-8
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070510660380.jpg

 

At dette er eit «blinkskot» syner denne dåpen frå Nykyrkja i Bergen:

 

Israel Olson, fødd 10.4., døypt 15.4.1784 av foreldri:

tømmermann Ole Ingebrigtson AARDAL og kona Martha Israelsdotter!

 

Kildeinformasjon: Bergen fylke, Nykirken, Ministerialbok nr. A 5 (1775-1808), Fødte og døpte 1784, side 43.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8719&idx_id=8719&uid=ny&idx_side=-46
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070416610430.jpg

 

Her er huslyden i Bergen i 1801: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058390007806

 

På Huuse i Kvinnherad finn me i 1801: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058374001706

 

Ingebrigt Olson, jordlaus husmann, 64 år, i tredje ekteskap med ei Ingeborg Larsdotter!  Skal me tru dei budde på ein plass kalla Grandalen?

 

Denne Ingebrigt Grandalen vart gravlagd i Kvinnherad 12.3.1808, 80 år gamal!!

 

Kildeinformasjon: Hordaland fylke, Kvinnherad, Ministerialbok nr. A 4 (1778-1811), Kronologisk liste 1808, side 170.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11553&idx_id=11553&uid=ny&idx_side=-127
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070510660501.jpg

 

So finn eg vigsli i Ølve sokn 22.4.1794 til Ingebrigt Grandal og Ingeborg Larsdotter Øyjord:

 

Kildeinformasjon: Hordaland fylke, Kvinnherad, Ministerialbok nr. A 4 (1778-1811), Kronologisk liste 1794, side 129.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11553&idx_id=11553&uid=ny&idx_side=-86
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070510660460.jpg

 

Eg finn framleis ikkje noko dødsfall for Elisabeth Larsdotter, men eg er overtydd om at me har finne «rette» folki, sjølv om alderen i 1801 ikkje stemmer heilt...!

 

Dette vert meir og meir spennande!  Kan bygdeboki for Kvinnherad (Huuse/Grandalen) ha fleire opplysningar om Ingebrigt og Elisabeth?

 

Eg takkar igjen både Knut Bryn og andre for interessante innspel!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg har funnet noen flere detaljer om Ingebrigt Olsen (1727-1808) og benytter anledningen til å presentere status:

 

1. Ingebrigt Olsen var født i Årdal 1727 (dpt. 24. mars) - Ole Farnæsis Søn nom. Ingebrikt

 

2. Faren var Ole Ingebrigtsen Kolnes (ca. 1700 - 1773), opprinnelig fra Kaupanger. Han arbeidet som gruvearbeider ved Årdal kopperverk 1724-1734 og som gruvearbeider og tømmermann samme sted 1752-1760.  

 

Merknader: Kildene til disse opplysningene er forskjellige dokumenter fra Årdal kopperverk. Nøyaktig tid og sted for fødsel er ukjent, men han oppgir i et manntall fra 1726 at han var 28 år gammel. Da han avla bergmannseden i 1756, fortalte han at han var omtrent 55 aar gammel. Han er ikke funnet i 1701-manntallet for Sogndal. Vi vet derfor ikke hvor hans foreldre bodde. Iflg. ham selv var han født i Kaupanger. Navnet Kolnes/Kølnes er ikke kjent i dag, men mye tyder på at dette er Neset under Nedre Amla. Dødsåret 1773 er ikke absolutt sikkert, men en Ole Ingebretsen Af Aardal Sogn 70 aar ble begravet i Årdal 2. april 1773.

 

3. Moren var Elisabet Jonsdatter (ca. 1700 - 1760), opprinnelig fra Øvre Lysne (Ljøsno) i Borgund. 

 

Merknad: Vielsen mellom Ole og Elisabet er foreløpig ikke funnet, men hennes navn framgår av kirkebøkene for Årdal. At hun var fra Borgund kan ikke dokumenteres direkte, men er en rimelig forklaring på at Oles og Elisabets datter ble døpt Alis. Dette er ellers et ukjent navn i Årdal. Iflg. bygdeboka for Lærdal (bd. 2, s. 85) var Jon Johannessen Lysne (ca. 1630 - 1715) g.m. Alis Tørresdatter (d. 1672). Med sin annen kone Randi Håkonsdatter fikk han flere døtre, bl.a. en som het Alis og en som het Elisabet. Fødsels- og dødsår er bl.a. basert på at en Lispet Jonsdr af Aardals Sogn 60 aar gl. ble begravet i Årdal 12. januar 1760.

 

4. Ingebrigt Olsen giftet seg første gang i Årdal 7. oktober 1754 med Brita Olsdatter - Ingebrecht Olsen med Birte OlsDatter Øfsthun af Aardals Sogn.

 

5. Brita Olsdatter var født i Årdal 1731 (dpt. 1. jan. 1732) og døde samme sted 28. desember 1762. Hun var datter av Ole Hermundsen Øvsttun (ca. 1692 - 1749) og Malene Pedersdatter (ca. 1703 - 1763).

 

6. Ingebrigt Olsen arbeidet ved Årdal kopperverk i alle fall fra 1756. Noen år senere, trolig sommeren 1764 flyttet han til Kvinnherad og begynte som gruvearbeider ved Lilledals kobberverk i Ølve.

 

Merknader: I et dokument fra Årdal kopperverk fra 1756 ser vi at en av de antatte arbeidere var: Ingebret Olsen, føed paa Aardahl, 30 aar gammel, er givt, har eet drængebarn, antaget til sprenger og arbeyder, med 3 ½ rigsdaler maanedlig gage. Ingebrigt var tilsynelatende til stede ved skiftet etter moren som ble holdt i Årdal i november 1763. Han er første gang nevnt i Kvinnherad høsten 1764.

 

6. Ingebrigt Olsen giftet seg annen gang i Ølve, Kvinnherad 26. desember 1765 med en Elisabet Larsdatter.

 

7. Elisabet Larsdatter er ikke helt sikkert identifisert, men en god hypotese er at hun er identisk med den Elisabet Larsdatter (f. 1735) som var datter av Lars Rasmussen (ca. 1704 - 1761), Årdal og hans kone Elisabet Olsdatter. Lars arbeidet ved Årdal kobberverk 1728 - 1734.

 

Merknad: Hypotesen bygger på at 1) Det var nesten som en "folkevandring" fra Årdal til Kvinnherad på 1760-tallet. 2) Elisabet Larsdatter er ikke funnet som begravet i Årdal og har trolig reist derfra. 3) Ingebrigt og Elisabet var jevnaldrende og vokste om nærmest som naboer. Kanskje reiste hun med ham da han flyttet til Kvinnherad.

 

8. Ingebrigt Olsen giftet seg for tredje gang i Ølve 22. april 1794 med Ingeborg Larsdatter Øyjord (f.ca. 1747) - Ingebrict Grandal og Ingebor LarsDtr. Øyjord.

 

Merknader: Ingeborgs opphav er ikke helt klarlagt, men det er rimelig å tro at hun var datter av Lars Eriksen Nedre Øyjord (1719 - 1789) og Margrete Olavsdatter (1716 - 1788), jfr. Vaages bygdebok for Kvinnherad, bd. 2, s. 366. At dette er riktig Ingebrigt framgår av andre kilder, bl.a. FT 1801. Navnet Grandal er ikke kjent i Kvinnherad, og gran fantes det trolig lite av også. Dertil kommer at Ingebrigt ser ut til å ha bodd på den nedlagte hytteplassen under gården Husa. Det kan være at Ingebrigt har fått dette tilnavnet fra gruvetida i Kvinnherad. I så fall er det fristende å knytte navnet til Gravdal øst i Ølve sogn. Der hadde verket en gruve som mot slutten på 1770-tallet var en av de viktigste gruvene. Men hvordan Gravdal er blitt til Grandal blir bare gjetninger. En annen mulig forklaring er at selv om gran trolig ikke fantes i Ølve på denne tiden, så fantes det barlind. Den ligner gran, og kan kanskje ha gitt opphav til navnet Grandal blant folk på verket?

 

Resten av historien om Ingebrigt og hans familie framgår av det Lars Øyane skriver ovenfor.

Endret av Knut Bryn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Knut for siste spennande og nyttige innlegg!

 

Eg har tenkt mykje på denne huslyden den siste tidi og vert berre meir og meir overtydd om at det er «vår» Elisabeth Larsdotter som gifte seg i Kvinnherad med Ingebrigt Olson.  Etter dette har eg førebudt følgjande oppdaterte manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Lars Rasmusson {Urnes}, f. {i Hafslo} kring 1704,

Lars Rasmusson flytte kring 1720 til Årdal der han 30.3.1728 gifte seg med enkja Elisabeth Olsdotter, opphavleg frå

 

¤¤¤¤¤ (opphavet hennar? – f. kring 1697?)

 

Elisabeth vart første gongen trulova i Årdal (vigselsdato vantar) 1.1.1717 med Thor Nilsson frå

 

¤¤¤¤¤ (opphavet hans? – f. kring 1694)

 

Thor var kring 1714 komen til Årdal som arbeidar på kopparverket, der han sidan vart smed, og han og Elisabeth budde truleg på Farnes i øvre Årdal.  Men Thor vart skadd under arbeid og vart gravlagd i Årdal 8.12.1726.  Ogso Lars Rasmusson arbeidde ved kopparverket i Årdal til det vart mellombels nedlagd kring 1734.  Sidan var han og Elisabeth husmannsfolk på Farnes i Årdal levetidi ut.  Lars d. i Årdal 29.4.1761, medan Elisabeth d. same staden 8.6.1761.  Elisabeth fekk truleg ti born, fem frå kvart av ekteskapi:

 

¤¤¤¤¤ (sjekka dette!? – NB: Thor Nilsson hadde i 1726 forsørgjarbyrd på FIRE – dvs kone og tre born?)

 

a. Ingrid Thorsdotter, døypt i Årdal 29.3.1717,

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnaden hennar?)

 

b. Nils Thorson, døpt i Årdal 5.3.1719, d.

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – Bergen før 1789?)

 

     Nils gifte seg i Årdal 1.1.1742 med Kirsti Einersdotter frå Brekka i Årdal, døypt i Årdal 24.6.1719.  Ho d.

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? – Bergen! – kan henda Nils Thorsens enkje Kirstine gravlagd St. Jørgen, Bergen 10.10.1789, 82 år gamal)

 

     Nils og Kirsti flytte i 1740-åri til Bergen der Nils livnærte seg som dragar.  Dei fekk minst seks born i lag.

 

     ¤¤¤¤¤ (sjekka borni?

            * Britha, døypt Årdal 9.12.1742, d. kort etter!

            * Britha, døypt Årdal 14.7.1744

            * Elisabeth, døypt Årdal 28.8.1747

            * Gjertrud Elisabeth, døypt DK, Bergen 14.12.1749 – gravl. St. Jørgen 11.4.1750

            * datter, f. DK, Bergen kring 1754 – gravl. ved Nøstet St. Jørgen 30.12.1757

            NB: fødde i DK manglar mellom 1750 og 1758!

            * Thor?, Døypt DK, Bergen ?.4.1758

            * son, gravlagd St. Jørgen 10.7.1765, 4 år og 6 mnd)

 

c. Anna Thorsdotter, døypt i Årdal 30.11.1721,

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnaden hennar?)

 

d. Martha Thorsdotter (1723-1800), vart gift med husmann Haaver Hermundson i Haugen 1 i Kinserdalen under Urnes (1717-1799) (s.d.).

e. Thomas Thorson, f. i Årdal kring 1725,

 

     ¤¤¤¤¤ (nemnd fadder 1747! – eller kanskje er dette feil for Thomas Thorson Hestetun, f. 1722?)

 

f. Gjertrud Larsdotter, f. i Årdal kring 1728,

 

     ¤¤¤¤¤ (sjekka om Gjertrud høyrer heime her? - tente truleg på Lægreid i Årdal 1763)

 

g. Thor Larsson, døypt i Årdal 26.3.1731, d. truleg kort etter fødsli.

h. Rasmus Larsson, døypt i Årdal 13.7.1732,

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnaden hans?)

 

i. Elisabeth Larsdotter, døypt i Årdal 4.12.1735, d. visstnok på Huse i Kvinnherad kring 1790.  Ho tente 1763 på Midtun i Årdal, men me trur ho er identisk med den Elisabeth Larsdotter som 26.12.1765 gifte seg i Ølve sokn i Kvinnherad med enkjemannen Ingebrigt Olson, opphavleg frå Farnes i Årdal og døypt der 24.3.1727.  Han vart gravlagd frå Grandalen i Kvinnherad 12.3.1808.  Ingebrigt gifte seg første gongen i Årdal 7.10.1754 med Britha Olsdotter frå Øvstetun i Årdal, ei dotterdotter av landhandlar og gjestgjevar Peder Andersson Rønne på Farnes i Årdal (1675-1740), opphavleg ein gardbrukarson frå Rønnei i Luster.  Britha vart døypt i Årdal 1.1.1732, men d. på Øvstetun i Årdal 28.12.1762.  Ingebrigt arbeidde nokre år ved kopparverket i Årdal, og han og Britha budde på ein plass under Øvstetun, men Ingebrigt flytte som enkjemann kring 1764 til kopparverket på Lilledal i Ølve sokn, Kvinnherad.  Truleg reiste han i lag med Elisabeth, og dei busette seg på plassen Grandalen under Huse.  Etter Ingebrigt vart enkjemann på ny, gifte han seg tredje gongen i Ølve sokn i Kvinnherad 22.4.1794 med Ingeborg Larsdotter frå Øyjord nedre i Kvinnherad, f. kring 1748, uvisst kvar.  Ho d. som legdelem på Øyjord 24.9.1830.  Ingebrigt Olson fekk etter det me veit berre ein son, men han var frå første ekteskapet med Britha Olsdotter.

j. Lars Larsson, døypt i Årdal 12.4.1739, d. visstnok ugift i Årdal 27.2.1763.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Framleis manglar me opplysningar om fleire av desse personane, til dømes opphavi til både Elisabeth Olsdotter og Thor Nilsson, men desse vert nok vanskeleg å finna...

 

Likeins er lagnadane til fleire av borni framleis «utfordrande», kanskje særleg Gjertrud Larsdotter og Rasmus Larsson frå siste ekteskapet.

 

Elles er denne utsegni om at Thor i 1726 hadde ei forsørgjarbyrd på FIRE, d.v.s. for kona og tre born, spennande.  Det var svært so «tett» mellom fødslene til Anna Thorsdoitter og Martha Thorsdotter, so eg trur at Anna må vera avlidi kort etter fødsli!(?).  Me veit at Nils og Martha levde i 1726, so då er det eit spørsmål om det tredje barnet var Ingrid.  «Eksistensen» til Thomas Thorson er jo høgst usikker...

 

Eg vil forresten kontakta Arkivforum i Bergen med spørsmål om sjekking av fattigprotokollane for Kvinnherad.  Dei kan «avsløra» dødsfallet til Elisabeth Larsdotter...

 

Eg takkar på ny for alle gode innspel når det gjeld denne ætti!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.