Gå til innhold
Arkivverket

Ole Pedersen Nordaas, f. 1828. Bakar i Stavanger - kvar?


Monica Eikenes
 Del

Recommended Posts

Hei!

 

Min forfader heitte Ole Pedersen Nordaas, og han var fødd i 1828 i Stavanger (trur eg, er ikkje lokalkjent i dei traktene ... fødestad står oppført som Gjesdal S. Lye) Ei folketelling med han finn ein her: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01052255001473

 

Mitt spørsmål til dykk er: det står oppført at han arbeida som bakar, er det mogeleg å finne ut meir nøyaktig kvar han arbeida? Har forsøkt å søke etter bakeri i Stavanger på den tida, men det er ikkje enkelt å finne fram ... Hadde sett stor pris på litt hjelp. :)

 

Mvh Monica Eikenes

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei!

 

Han er nok fødd på garden Nordås i Gjesdal sokn i Lye prestegjeld (Gjesdal kommune nå), sjå vedlagte lenke til digitalarkivet.

 

http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20051212051082.jpg

 

Folketeljinga frå 1875, du har lagt ved lenke til viser jo at han då var bakar på tettstaden Nedstrand, som ligg i Tysvær kommune nå. Frå denne plassen finst det ei nokså ny bygdebok (gardshistorie), der du ganske sikkert vil finna han omtalt.

 

 

Med helsing

Jan Alsvik

Statsarkivet i Stavanger

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei igjen!

 

Ja, det er sannsynleg - som du også har vist - at Stavanger var ein stoppestad på vegen fra Gjesdal til Nedstrand. Han gjekk truleg i bakarlære i Stavanger, men må så etter kvart ha fått seg stilling som bakar på Nedstrand.

 

 

Med helsing

 

Jan Alsvik

Statsarkivet i Stavanger

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei igjen!

 

Og tusen takk for hjelpa, begge to! :)

 

Eg skal gå på biblioteket og prøve å finne tak i gardsboka for Tysvær, tippar eg kan finne ut ganske mykje i den. Hadde heile tida innbilt meg at Nedstrand var ein bydel i Stavanger, så det å finne ut at det faktisk ligg eit stykke unna, og også i ein annan kommune, ga meg nærmast en aha-opplevelse ... I framtida skal eg unngå å sjå meg blind på navn og årstal, men også ta med geografi i berekningane mine heilt frå begynnelsen av ... 

 

Og takk for lenkjene til dei andre nettsidene, der var eit par nye stader for meg å leite der. Den av borna hans som er "min" direkte slektning er Henrikke Kristine, fødd 1866/1867 (har ikkje funne dåpsattesten hennar endå, har muligens leita på feil stad ...) Ho var mi tipp-oldemor, så hennar far - Ole Pedersen Nordaas - var dermed min tipp-tipp-oldefar. :)

 

Mvh Monica Eikenes  

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei!

 

Her har du lenke til Henrikke Kristine, frå kyrkjebok for Nedstrand, Hinderå:

 

http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20051213020684.jpg

 

 

Med helsing

Jan Alsvik

Statsarkivet i Stavanger

 

Der var ho, ja ... Tusen takk for hjelpa! :) Har søkt litt i kyrkjebøkene i sjølve Stavanger, utan å finne ho, og no forstår eg jo veldig godt årsaka til det ... 

 

Mvh Monica Eikenes

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.