Gå til innhold
Nasjonalarkivet

SF; Gloppen: Johannes Danielson og Marie Ellingsdtr. Austrheim og borna deira


Recommended Posts

Marie Ellingsdtr. Hauge gifte seg i januar 1692 med Johannes Danielson Dale

Dei busette seg på Austrheim og fekk der to born:

Elling  f. 1692  og  Anna i 1694.

Ved dåpen til Anna står det sl: (salig) Johans Østrem så vi må gå ut frå at han då er død.

Eg kan ikkje finne Johannes innført i kyrkjeboka for Gloppen over gravfesta 1694.

 

Eg lurer på om nokon har noko meir om kvar Marie Ellingsdtr. og borna vart av etter at Johannes døydde.

 

 

Den 81 år gamle enkja Mari Ellingsdtr Austrheim i 1744 passar vel inn her; eg har i alle fall ikkje andre kandidatar til denne innførsla.

 

Elling Johannesson er ikkje å sjå i 1701-tellinga, og med dei dårleg førde kyrkjebøkene har eg tenkt at han må vere død. Det same gjeld også Anne - eg har i alle fall ingen "ledige" Anne Johannesdtr i basen min. Men dette blir berre tipping.

 

Må nemne at Mari er fadder i Gloppen fram til 1704, men så har eg ikkje sett henne så langt som eg er koma (1711) - ho kan ha vore borte frå bygda ein periode?

Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.