Gå til innhold
Arkivverket

Anna Olsdotter - fødd i "Husevaag prestegjeld" 1806 - i Bergen 1865 - gift med Lars Jensson Sjøthun (1796-1876) - kven var ho?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg vil i dag gjerne få henta fram att dette emnet som har lege «i dvale» sidan 2015.

 

Utgongspunktet for emnet var (jmf. innlegg #1) FT1865 for 11. rode nr. 216f i Bergen som mellom anna syner dette parfolket

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038249013684

 

Lars Jensen Sjøthun  71  Hafslo prestegjeld  stenarbeider  gift

Anne Olsdatter  59  Husevaag prestegjeld  hans kone  gift

 

Me er etter kvart komne fram til at dette var:

 

Lars Jensson Sjøthun eller Valaker, døypt i Hafslo 14.8.1796 og (mest sannsynleg)

Anna Marie Olsdotter Damsgaard, døypt på Laksevåg (Askøy) 15.12.1805

 

Identiteten til denne Anna kunne KANSKJE ha vorte stadfesta om me fann ho att i heimstavnsprotokollane i Bergen, men linken som Grethe attgjev til dei Anna/Anne Olsdøttrene som er registrerte i heimstavnsprotokollene for Bergen i innlegg #8:

 

Ifølgje heimstavnsprotokollen frå 1864 kjem det (sjå innlegg #4 og #5) fram at Lars Jensson «stedse» hadde butt i Hafslo til han i 1849 vart dømd for fjerde gongs tjuveri, og at han etter sju år bak murane for det meste hadde vore steinarbeidar i Bergen.  Interessant var det òg å lesa at han hadde gift seg «for seks år sidan», d.v.s. i eller kring 1858, men at dei var barnlause.

 

Her er me då attende til dei to kjempeutfordringane som står att å løysa for dette parfolket og som er nemnde i innlegg #23:

 

* Dato og stad for vigsli til Lars og Anna?

 

* Dato for fødsli til Anna og identifikasjon av foreldri hennar?

 

Eg kan kkje sjå noko til denne vigsli i Bergen, so kaǘar i all verdi kan dei ha gift seg??

 

Eg ville vorte kjempeglad om nokon greidde finna eit svar på desse gåtene og takkar på ny for kjempefin bistand i so måte!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.