Gå til innhold
Nasjonalarkivet

USA utfordring: Susanna Nilsdotter (fødd 1848 Hafslo) - gravid til Wisconsin i 1866 - lagnaden hennar og til borni hennar?


Recommended Posts

Dette problemet er ei skikkeleg utfordring for dei som vil "bryna seg" på Amerika-forsking.  Sjølv står eg heilt "bom fast":

 

Susanna Nilsdotter Walager alias Susan Nelson, fødd i Hafslo 6.7.1848

foreldri var Nils Sølfestson og Anna Larsdotter.

 

Susanna utvandra til Amerika i 1866 i lag med mor si, medan faren følgde i 1869.

 

I 1870 finn me Nils og Anna i Vermont township, Dane Co., WI med dotteri Susan og hennar to born:

 

* Ole, fødd i Dane Co., WI hausten 1866

 

* Mary, fødd i Dane Co., WI hausten 1868

 

Eg har finne desse barnedåpane:

 

* Anna Betzine, fødd i McFarland, Dane Co., WI 8.9.1866 - foreldri Peder Pederson og Susanna Nilsdotter

 

* Kjerstine Fredrikke, fødd i Vermont, Dane Co., WI 11.8.1868 - foreldri Nils Lasseson og Susanna Nilsdotter

 

Mori Anna Larsdotter døydde i Vermont, Dane Co., WI kring 1873, og i 1876 gifte Nils seg att med ei enkje i Lodi,. Columbia Co., WI der han døydde kring 1890.  Han skreiv seg då Nels Sylvester!

 

At Kjerstine Fredrikke er identisk med "Mary" frå 1870-teljingi er eg heilt sikkler på!  Nils Lasseson var ein nabogut frå Hafslo.

 

Eg trur òg at Anna Betzine er identisk med "Ole" frå 1870-teljingi - Peder Pederson var truleg "gift mann" Peder Pederson, husmann og næraste nabo til Susanna heime i Hafslo!

 

Men kvar vart det av Susanna og borni hennar i Amerika?  Som før nemnt; eg står "bom fast"!

 

Alle gode tips vert mottekne med stor takksemd!

Endret av Lars E. Øyane
  • 2 uker senere...

Her er vel Nels Sylvesters giftermål nr. 2:

 

Nels Sylvester
mentioned in the record of Nels Sylvester and Christie Oleson

Name: Nels Sylvester Birthplace: Norway Spouse's Name: Christie Oleson Event Date: 14 Feb 1877 Event Place: Near Lodi, Vill., Columbia, Wisconsin Race: White

 

Er dette Nils og Christie i 1880-tellingen?

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=31&filnamn=ft21001880wisc&gardpostnr=9708&merk=9708#ovre

Endret av Grethe Flood

Hjarteleg takk til Grethe for nytt og spennande innlegg!

 

Eg veit ikkje kvar FamilySearch har denne vigselsdatoen ifrå.  Eg har aldri greidd å finna nokon annan dato enn desember 1876!

 

Men uansett; det er "rett" Nels!

 

Eg får ikkje opp linken frå 1880, men originalen syner at han budde i Lodi township, Columbia Co., WI, og han er skriven Nels Seiverson!  Namnet kunne ført oss på villspor, men han er lista i lag med kona Christi, tre av borni hennar og mor hennar.  Ikkje noko å sjå til borni hans Nils!

 

Eg kan leggja til at Nils Sølfestson hadde tre born som voks opp, i tillegg til Susanna sonen Nils Nilsson (1835-1926), som tok over heimeplassen under Valaker i Solvorn, og sonen Ole Nelson (1836-19??) som utvandra i 1865 og som budde på ein farm i Nunda township. Freeborn Co., MN.

 

Eg har søkt etter Susanna i Freeborn Co., MN om ho skulle vera flytt dit, men utan resultat!

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

Nordmenn i Wisconsin i USA i 1880-teljinga  

 

Side Herad Fylke Førenamn Etternamn Alder Kjønn Fødestad Far fødestad Mor fødestad Merknad

9707 147 Lodi Columbia Co. Nels Sieverson 65 m N N N lab

9708 147 Lodi Columbia Co. Christie Sieverson 49 f N N N weaver

9709 147 Lodi Columbia Co. Bertie Oleson 19 f N N N dau

9710 147 Lodi Columbia Co. Albert Oleson 16 m N N N dom

9711 147 Lodi Columbia Co. Ole Oleson 13 m Wis N N son

 

Endret av Grethe Flood

Hjarteleg takk til Grethe for siste innlegget frå tysdag.

 

Eg er ikkje komen noko lenger i oppsporingi av Susanna Nilsdotter i Amerika, men eg har fått sjekka vigsli til Nils Sylvester med Christi Olsdotter, og det som oriogiaen seier, er følgjande:

 

Vigsli registrert i Lodi, WI 14.2.1877, men "dei vart vigde for om lag to månader sidan nær Lodi, WI".

 

So eg korrigerer attende til ?.12.1876!

 

Men kvar i all verdi er det vorte av Susanna???

 

Alle gode tips vert mottekne med stor takksemd!

Endret av Lars E. Øyane

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.