Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Bygdebokoppslag Vevelstad, Alstahaug - garden Høiholmen kring 1825?


Recommended Posts

Eg er på leiting etter opplysningar om ein Christian Sjurson, som var fødd på Svalvik i Tjøtta, Alstahaug i 1788.  Han vart foreldrelaus i ung alder og kom som fosterson til Høiholmen i Vevelstad sokn, Alstahaug.

 

Han gifte seg i Flakstad 1.11.1815 med ei enkje Marit Sivertsdotter (eller Sørensdotter), og etter eit par år flytte dei attende til Høiholmen i Vevelstad sokn, Alstahaug.

 

Tre born er kjende:

 

* Ole Christian, fødd i Flakstad 1817

 

* Christine, fødd i Flakstad 1819

 

* Else Dorthea, fødd på Høiholmen i Vevelstad, Alstahaug 1823

 

Både Christine og Else Dorthea vart konfirmerte i Flakstad, Christine i 1834 og Else Dorthea i 1839, og eg har ein mistanke om at foreldri KAN vera flytte attende dit, men finn ikkje dødsfalli til nokon av dei, korkje i Alstahaug (ut 1854) eller i Flakstad (ut 1865).

 

Kva står om denne huslyden i bygdeboki for Vevelstad sokn, Alstahaug?

 

Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!

Endret av Lars E. Øyane

Ser dette har sammenheng med dette innlegget om Christen Pederson Quam.

http://forum.arkivverket.no/topic/193890-christen-pederson-quam-1802-1868-frå-hafslo-til-flakstad-huslyden-hans/

Endret av Randi Elisabeth Haugros

Hjarteleg takk til Randi for nytt innlegg!

 

Det er nettopp Else Dorthea sitt ekteskap med Christen Pederson frå Hafslo som har vekt interessa mi for denne huslyden, og etterslekti deira er debattert i eit anna emne (http://forum.arkivverket.no/topic/193890-christen-pederson-quam-1802-1868-fr%C3%A5-hafslo-til-flakstad-huslyden-hans/).  Poenget med dette nye emnet er å "fokusera" på foreldri hennar og opphavi/lagnaden deira, noko eg reknar med å få svar på gjennom ei lokal bygdebok!?

 

Eg takkar nok ein gong for alle gode tips!

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.