Gå til innhold
Arkivverket

Forkorting i kyrkjebok


Robert Haugen
 Del

Recommended Posts

"K.S." er forkortinga til stilling og stand for Niels Olsen under vigsla juli 1784.

 

Kva tyder "K.S."?

 

 

For brudgomane i denne boka ser det ut til at alternativa er "K.", "Em.", "K.S" og "Em.S."  (og for brudene "P" og "E")

den enkle delen er at "K" er "karl" og "Em." er enkemann (og "P" og "E" er "pige" og "enke").

 

Forkortingane er presten sine eigne - ingen standard eller norm på denne tida.

Det løner seg ofte å bla fram til starten av presten si embetstid i kyrkjeboka for å finne forklaring på forkortingar.

I dette tilfellet har han (Niels Astrup, sokneprest 1759-92, kapellan frå 1742) arva både embetet og forkortingane etter

vérfaren (Hans Jacob Hjort, spr. 1720-58). Då må vi langt fram... her frå 1721:

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=15983&idx_id=15983&uid=ny&idx_side=-14

og vi ser tittelen "K. Sold."

 

"S." er altså "soldat".   Nils er ungkar ("karl") og (utskriven) soldat.

Endret av Ivar S. Ertesvåg
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.