Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Mysterium i Lærdal - kvar vart det av Johanna Olsdotter frå Hafslo (1855- ) og dotteri Anna Tønjum i Lærdal (1874-?1939)?


Recommended Posts

Dette er eit skikkeleg mysterium kvar det vart av desse jentene:

 

Johanna Olsdotter, fødd i Hafslo 24.2.1855 som "uekte" dotter av Christi Nilsdotter Valaker (1825-1905) og Ole Jensson Smedegaard.  I 1864 gifte mori Christi seg med husmann Peder Thoreson Tønjum i Lærdal (1829-1913) og flytte dit.  Johanna flytte med mor si til Lærdal og fekk ei dotter:

 

Anna Thomasdotter Tønjum, fødd i Lærdal 17.1.1874 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8405&idx_id=8405&uid=ny&idx_side=-66).

 

Etter dette ser me ikkje noko meir til Johanna, korkje i Lærdal eller andre stader.  Bygdeboki for Lærdal påstår at ho flytte til LØDINGEN, men heller ikkje der har eg so langt greidd å finna ho att...!

 

Anna Thomasdotter Tønjum voks opp i Lærdal og vart lærar ved barneskulen på Lærdalsøyri.  Ho er nemnd både i FT1900 (http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01037347001401) og i FT1910 (http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036721000925) som losjerande ulike stader på Lærdalsøyri.  Bygdeboki seier at ho døydde i 1939, men dødsfallet er ikkje registrert i Hauge sokn i Lærdal!

 

Det er soleis eit "mysterium" kvar det vart av mor og dotter, og eg ville setja svært stor pris på alle gode tips når det gjeld lagnadane deira.

Endret av Lars E. Øyane

Det ligger en forhenværende lærerinne, Anna Tønjum, født 1874 og død 1939, begravet på Asker kirkegård. Graven er slettet.

http://www.ecclesia.no/publish_client/user_asker/   søk på Anna Tønjum

 

Dødsannonsen er fra Budstikka 07.08.1939

post-3741-0-33261200-1434993553_thumb.jpg

post-3741-0-91027200-1434994061_thumb.jpg

Endret av Sven Hjortland

Hjarteleg takk til Sven for kjempeflott innlegg!

 

Dødsannonsa høyrest for meg noko "tvetydig" ut, døydde ho 6.8. eller 30.7.1939 - "sistleden søndag"?

 

Eg har alt lagt inn eit spørsmål i Arkivforum til Statsarkivet i Oslo for å sjekka både dødsdato og dødsmeldingi hennar...

 

No er det spørsmål om mori Johanna Olsdotter og lagnaden hennar...?  Kanskje fekk ho fleire born, i Lødingen eller kvar no enn ho kan ha butt...?

 

Nok ein stor takk for hjelpi so langt!

So har eg fått fine svar frå Statsarkivet i Oslo (http://forum.arkivverket.no/topic/197274-d%C3%B8dsfall-og-d%C3%B8dsmelding-asker-1939/), men diverre syner ikkje testamentet etter Anna Tønjum til nokon av slektningane hennar, so "mysteriet" kring mor hennar, Johanna, og lagnaden hennar, er framleis like aktuelt som spørsmål!

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om Johanna Olsdotter!

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.