Gå til innhold
Arkivverket

Ole Hansson Gøe - sorenskrivar ytre Sogn 1725-1745 - gift med Anna Marie Rumohr - kva lagnad fekk dette parfolket?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Denne problemstillingi har mellom anna vore oppe til drøfting i Arkivforum for eit par månader sidan (http://forum.arkivverket.no/topic/196271-ole-hansson-g%C3%B8e-sorenskrivar-ytre-sogn-1725-1745-sorenskrivargard-sollieds-arkiv/?hl=sorenskrivar), men utan at me har fått ei løysing på problemet.

 

Ole Hansson Gøe, kan henda fødd i Danmark kring 1680, vart i 1725 utnemnd til sorenskrivar i ytre Sogn.  Han gifte seg i Lærdal 16.8.1730 med Anna Marie Johansdotter Rumohr, fødd i Lærdal kring 1705.  Dei fekk ikkje born i lag, men Ole Gøe fekk ei dotter med ei tenestejente, medan han var gift og arbeidde som sorenskrivar.

 

Parfolket busette seg på garden Ringereide i Lavik (den gongen ein del av Gulen).  Ole Gøe trekte seg frå stillingi si i 1745, og kan hende flytte dei snart frå Ringereide?

 

Delgobe seier at Anna Marie døydde i 1748, medan Ole Gøe døydde i 1750, men KVAR døydde dei?  Og stemmer desse årstali som Delgobe har oppgjeve?  Eg har søkt gjennom kyrkjebøkene for Gulen 1748-1750, men har ikkje finne dødsfalli deira der!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.