Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Lars Andersson Sjøthun - fødd Hafslo 1878 - utvandra i 1899 eller 1900 - finst ikkje i utvandringsprotokollane - kva med passasjerlister?


Recommended Posts

Lars Andersson Sjøthun, i Amerika kjend som Lars A. Anderson, var fødd i Hafslo 16.10.1878.  Han utvandra til Amerika og skal, ifølgje FT1920 ha utvandra i 1899, medan nekrologen hans frå 1965 påstår han utvandra i 1900.  Han er ogso nemnd i FT1900, men då som utvandra i lag med broren Johan Andersson Sjøtun i 1894.

 

Her er utvandringi til broren i 1894, men ingen Lars reiste i lag med han: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=0212EMIG&gardpostnr=913&merk=913#ovre

 

Eg finn ikkje denne Lars utvandra nokon stad, men til Amerika kom han, og eg trur han må ha reist i 1899 eller seinast våren 1900!

 

Er det nokon som tek utfordringi med å finna ein passasjerliste der namnet hans står nemnt?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att denne utfordringi, som framleis står uløyst...

 

Eg ser at ein annan bror, Carl Andersson Sjøthun - her kalla utvandra i 1899 (http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=0212EMIG&gardpostnr=1007&merk=1007#ovre) i lag med fleire andre ungdommar frå Hafslo.  Kan Lars ha vore med i dette reisefølgjet?  Kanskje passasjer-ankomst-lista kan finnast på amerikansk side?  Ellis Island?

 

Eg takkar på ny so mykje for alle gode tips!

Hjarteleg takk til Carl Johan for nytt innlegg!

 

Diverre finst det ikkje noko "folkeregister" i Amerika som registrerer alle innflyttarar; i alle fall fanst det ikkje noko slikt den gongen nordmenn utvandra dit.  Men me har jo mange hjelpemiddel for å komma på sporet etter dei som reiste.  Ser me bort ifrå alle som har sett spor etter seg i norsk-amerikanske kyrkjebøker eller andre lokale dokument innan USA, finst det jo passasjerlister, ogso på amerikansk side, og Ellis Island er jo ei svær god kjelde for dei som utvandra frå 1890.åri og utover.  Men, ein lyt ha fantasien i orden for å tolka ein del av dei namni som kjem fram i slike kjelder...

 

Og nettopp Ellis Island KAN vera ei god kjelde når det gjeld å finna att Lars Andersson Sjøthun...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips og innspel i denne saki!

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.